Faktaboks

Aslak Harniktsson Bolt

Aslak Harniktsson; Aslak Bolt

Fødd
1375
Død
1450
Levetidskommentar
fødsels- og dødsår er omtrentlege
Verke
Erkebiskop
Familie

Foreldre: Rådmann Harnikt Henningsson (nevnt 1389) og Sigrid Aslaksdatter Bolt (nevnt 1410).

Aslak Bolts jordebok

Aslak Bolt oppførte Aslak Bolts jordebok, eit register over alle eigedommane som tilhøyrde Nidaros erkebispedømme.

Av .
Drikkehorn med Bolt-slektas våpenskjold, som truleg har tilhøyrd erkebiskop Aslak Bolt
Drikkehorn med Bolt-slektas våpenskjold, som truleg har tilhøyrd erkebiskop Aslak Bolt
Av /NTB.

Aslak Harniktsson Bolt var ein norsk geistleg. Han var var biskop i Bergen frå 1408 til 1428 og erkebiskop i Nidaros frå 1428 til sin død rundt 1450.

Aslak Bolt var erkebiskop i meir enn 20 år, og markerte seg som ein sterk tilhengjar av auka sjølvstende for kyrkjeprovinsane. Han arbeidde òg iherdig for å styrkje erkestolens inntektsgrunnlag, og Aslak Bolts jordebok er ein av dei viktigaste kjeldene til norsk økonomisk historie i seinmellomalderen.

Slekt

Bolt, våpenskjold
På morssida tilhøyrde Aslak adelsslekta Bolt.
Bolt, våpenskjold
Av /Riksarkivet.

Far til Aslak Bolt, Harnikt Henningsson, var rådmann i Bergen i 1389. Faren tilhøyrde etter alt å dømme den seinare så velkjende slekta Rømer, og Aslak Bolt førte seinare våpenet til Rømer-ætta. Både for- og etternamnet til Aslak Bolt stamma truleg frå morssida. Mor hans, Sigrid, tilhøyrde slekta Bolt. Ho var truleg dotter av Aslak Kolbeinsson Bolt, som var rådmann i Oslo i 1350-åra, og dermed søskenbarn av riksråden Agmund Bolt.

Aslak Bolt var altså fødd inn i dei fremste adelsslektene i Noreg på denne tida. Fødselsåret hans er ukjend, men det at han vart vald til biskop i 1407, tyder på at han var fødd iallfall ein mannsalder før. Mykje før 1370-åra kan det likevel ikkje ha vore, sidan han verka som erkebiskop til 1450.

Biskop

Om hans yngre år veit vi ikkje noko, bortsett frå at han skal ha vore i Erik av Pommerns teneste. I 1407 vart Aslak vald til biskop i Oslo, ei stilling han neppe rakk å tiltre før dronning Margrete med bistanden til paven fekk han flytta til Bergen. Her heldt han si første messe i domkyrkja på nyåret 1408. Typisk nok tok Aslak straks opp ein fortegnelse over inventaret til kyrkja med ein merknad om at han etterfølgde to «danske bispar».

Dei bevarte kjeldene har heller ikkje så mykje å fortelje om Aslaks episkopat i Bergen. Som biskop deltok han fleire gonger på riksrådmøte i Danmark, og i 1426 var han med på å avslutte ein traktat mellom Skottland og Noreg i Bergen. Aslak var nok likevel mest oppteke av kyrkjelege anliggande. Han fekk gjenoppretta erkediakonatet ved domkapittelet ved å trekkje inn økonomiske midlar frå det gamle Jonsklosteret, som hadde komme i forfall. Aslak viste tidleg interesse for den svenske helgenen Birgitta og eigde sjølv eit eksemplar av hennar «Openberringar». I Bergen engasjerte han seg sterkt i arbeidet med å gjere om Munkeliv frå benediktinarkloster til birgittinarkloster.

Erkebiskop

I 1428 vart han postulert av domkapittelet til erkebiskop i Nidaros. Ikkje lenge etter reiste han nordover for å ta fatt i det nye embetet sitt. Det drygde likevel eit par år før alle formalitetar knytt til godkjenninga til paven var rydda opp i.

Aslak tok opp ein fortegnelse over det godset han førte med seg til Trondheim. Forutan dei verdigjenstandane han sjølv førte med seg, omfattar lista 20 kister med innhald. Vi får her ei detaljert oversikt over ein framståande biskops personlege utstyr og eigedelar. Det dreier seg om veggteppe og møblar til gjestebudshall og private rom, bruksgjenstandar, verdigjenstandar, embetsutstyr, teologiske bøker med meir.

Aslak Bolts jordebok

Som erkebiskop gjorde Aslak Bolt ein stor innsats for å skaffe seg oversikt over eigedommane til erkebispesetet og økonomiske rettar av ulike slag. Økonomisk leid kyrkjeorganisasjonen framleis av dei store inntektstapa etter svartedauden, med innskrenka tiender og dårlegare leigeinntekter på jord. Då domkyrkja i Nidaros brann i 1432, vart det endå viktigare å få oversikt over det økonomiske grunnlaget til kyrkja.

I åra 1432–1433 vart den såkalla Aslak Bolts jordebok ført i pennen. Denne jordeboka er ein av dei aller viktigaste kjeldene til norsk historie frå mellomalderen. Erkebispesetet eigde heilt eller delvis tusenvis av gardar i Trøndelag og andre delar av landet. Gjennom innførslane sine om øydegardar og reduserte leigeinntekter (landskyld) gir jordeboka ei eineståande innsikt i dei langvarige befolkningsmessige og økonomiske konsekvensar av svartedauden i 1349. Tilførsler i jordeboka viser òg at erkesetet erverva mange nye eigedommar i Aslak Bolts embetstid.

I dei gamle lovane fann Aslak nokon gløymde føresegner om at det ved mikkelsmesse og olsok skulle givast almisser til dei fattige. Desse ytingane klarte Aslak å gjenopplive ved forhandlingar med bøndene. Kornet skulle likevel ikkje som i tidlegare tider gå til dei fattige, inntektene vart lagt til 14 alter i domkyrkja. Kannikane som gjorde teneste ved desse altera, skulle kvar dag syngje ei messe for alle levande menneske, for fred og gode åringar og lese ei messe for alle kristne sjeler. Aslak prøvde òg å blåse liv i den godviljen eller gåve som tidlegare erkebispar hadde fått som ei frivillig yting. For Aslak Bolt var det tydelegvis maktpåliggjande å inngå skriftlege avtalar med allmugen om dei ulike ytingane. I Trøndelag og Nord-Noreg varetok eit nett av setesveinar erkesetets økonomiske interesser på det lokale planet.

Konsilrørsla

På Aslak Bolts tid var det sterke indre spenningar i den katolske kyrkja. Konsilet i Basel tredde saman i 1431 med ei klar målsetjing om å avgrense makta til paven. Det var i første rekkje biskopane som ville vinne tilbake noko av si eiga makt på kostnad av pavemakta, for slik å styrkje dei nasjonale kyrkjene. Eit viktig prinsipp i denne samanhengen var at biskopane skulle veljast av domkapittelet. Viss erkebiskopen fann at valet hadde funne stad i samsvar med kanonisk rett, var det etter synet til konsilrørsla ikkje nødvendig å søkje paveleg konfirmasjon; erkebiskopen skulle utan vidare kunne innvie han valde kandidat. I dette kunne det liggje store innsparingar for dei lokale bispedømma, då pavane gjerne forlangde store summar for å gi godkjenninga si. Aslak Bolt slutta seg til kampen til konsilrørsla for å oppnå større sjølvstende for kyrkjeprovinsane og metropolitten (erkebiskopen). Som ein konsekvens av dette følgde han Baselkonsilets bispevalgekret ved valet av ny biskop i Bergen i 1434.

I lys av den alleuropeiske konsilrørsla må vi òg sjå forsøka til Aslak Bolt på å blåse nytt liv i ordninga med å halde provinsialkonsiler (kyrkjemøte). Det første provinsialkonsil vart kalla saman i Bergen i 1435, men oppmøtet vart svært dårleg. Til det neste møtet i Oslo året etter hadde Aslak innskjerpa møteplikta, denne gongen møtte alle biskopar med unntak av Oslo-biskopen, som oppheldt seg i Danmark. Dei 21 statuttane som vart vedtekne på dette konsilet, ber tydeleg preg av Aslak Bolts behov for å sikre interessene til kyrkja, både andeleg og økonomisk. Statuttane viser at det var gjord eit grundig forarbeid med å kartleggje stillinga til kyrkja, og at rettar og krav vart søkt forankra i eldre avtalar med bønder og kongemakt.

Møtet i Bergen valde òg ein ny bergensk biskop. Valet utfordra paveleg overmakt, men òg kongemakta, som gjennom lang tid hadde kunna spele inn lojale menn som bispar. Kyrkjepolitikken til Bolt styrkte på den måten råderetten til den norske kyrkja, og linja vart programfesta på eit nytt møte i 1436, dei siste vedtektene for den norske mellomalderkyrkja. Kyrkja vart òg styrkt ved skjerpa domsrett og strengare straffer for prestar som braut kyrkjeretten.

Aslak Bolt har tydelegvis vore bekymra for rekrutteringa av innanlandske menn til geistlege stillingar. Éin av statuttane seier derfor at erkebiskopen og biskopane etter evne skulle halde minst éin innfødd geistleg ved eit universitet. Som økonomisk basis for dette tiltaket skulle dei kunne disponere ein del av tienden som tradisjonelt var øyremerkte dei fattige.

Riksråd

Som erkebiskop sat Bolt i riksrådet, det norske statsorganet, då Noreg var i union med Sverige og Danmark (Kalmarunionen). Unionskongen Erik av Pommern hadde vorte ueinig med riksråda i dei tre rika, både fordi han hadde sett riksfinansane over styr, og fordi han hadde gitt sentrale embetsstillingar til utlendingar. Ved å samarbeide med pavemakta hadde kongen innsett dei fortrudde mennene sine på bispestolane. Dette gav kongen kontroll med riksrådet, der innslaget av verdslege medlemmer hadde skrumpa inn.

For Aslak Bolt og kyrkja vart det ei prioritert oppgåve å få bukt med eit sterkt unionskongedømme. Skulle stillinga til rådet styrkjast i forhold til kongemakta, var det viktig at kyrkja kunne handheve frie bispeval og at kravet om innfødsrett vart gjort gjeldande. I ei tid då den felleseuropeiske konsiliarisme svekte pavedømmet og motstanden mot kong Erik var stor i Sverige, såg Aslak ei moglegheit til å vinne fram med ein slik politikk.

Som medlem av riksrådet vart Aslak involvert i den turbulensen som følgde i kjølvatnet av Engelbrekt Engelbrektssons opprør i Sverige og Amund Bolts oppstand på Austlandet i 1436. Det kan sjå ut til at Aslak stod sentralt i arbeidet med den avtalen som kom i stand mellom rådet og opprørarane i 1437, der riksrådet lova å fremme krava om større norsk sjølvstende og øyremerking av norske stillingar. Avtalen dreiv riksrådet inn på ei meir gjenstridig line, og i 1442 sa dei opp truskapen til kong Erik. Aslak Bolt var førande politisk, og med han fekk erkebispen ei tydelegare leiarstilling i rådet.

Konflikten mellom Karl Knutsson Bonde og Christian 1.

Då Erik av Pommern sin etterfølgjer Christoffer av Bayern døydde barnlaus, valde Sverige og Danmark kvar sin konge. I kjeldene ser en ønsker om en eigen norsk konge, og den fremste norske stormannen da, Sigurd Jonsson (Sørum), vart nemnd som kandidat, sidan han var etterkomar av Håkon 5. Striden i Noreg kom likevel til å stå mellom den tysk-danske Christian 1. og den svenske Karl Knutsson Bonde. Eit fleirtal av riksrådet støtta Christian, medan fleirtalet av aristokratiet og befolkninga elles ser ut til å ha støtta Karl som norsk konge.

Aslak Bolt høyrde til sida som støtta Karl Knutsson, og ville på den måten knyte Noreg til Sverige heller enn til Danmark fordi det truleg ville gje ein mer jamstilt union. Noreg og Sverige hadde tidlegare ved flere høve samarbeidd mot dansk dominans i Kalmarunionen. Det var likevel den andre sida som vann fram først, fordi fleirtalet i riksrådet støtta Christian 1., og Bolt vart meir eller mindre tvinga til å gå inn for Christian 1.

Christian 1. vart vald til norsk konge av eit fleirtal av riksrådet i juli 1449. I handfestninga hans av 2. juli 1449 vart Aslak til og med (saman med Sigurd Jonsson) utnemnd til Christians statthaldar i Noreg. Det forhindra ikkje at at Aslak Bolt i november same år krona Karl Knutsson til konge i domkyrkja i Nidaros. I handfestinga si, som var skriven på norsk, stadfesta Karl Knutsson mellom anna Sættargjerden av 1277. Karl Knutsson fekk likevel ikkje kontroll med sentrale deler av det sønnafjelske Noreg der tilhengarar av Christian hadde kontrollen. Christian styrka seg òg elles i den nordiske maktkampen. Karl mista deretter støtte for ein svensk-norsk union i Sverige. Han vart derfor tvungen av det svenske riksrådet til å oppgje Noreg i 1450, men nekta å oppgje tittelen «Noregs konge». Aslak Bolt var då ein gammal mann og døydde truleg kort tid etter.

Ettermæle

Aslak Bolt var utan tvil ein av dei mest store mennene i Noreg på 1400-talet. Som erkebiskop hadde han automatisk stor maka både åndeleg og verdsleg. I ei økonomisk vanskeleg tid konsoliderte han stillinga til kyrkja. Han kjempa ein hard kamp for dei hevdvunne rettane til kyrkja, men hadde òg opne auge for dei kyrkjepolitiske straumdraga i tida. I mange tilfelle omdisponerte han økonomiske ressursar for å fremje nye tiltak. Som erkebiskop dreiv han òg stor handel og stilte seg mellom anna vennleg til hanseatane i Bergen, fordi dei sikra erkestolen avsetting for tørrfiskeksporten.

Forutan arkivalia er det òg bevart nokre gjenstandar som kan knytast til Aslak Bolt. Han hadde ei samling på 19 manuskript, som var stor etter dei økonomiske forholda. Mellom desse var ein vakkert illustrert bibel tilverka på 1200-talet, eit av få liturgiske skrifter frå norsk mellomalder som overlevde reformasjonen. Aslak Bolts bibel er eit fransk prakteksemplar frå midten av 1200-talet, som no er i Deichmanske bibliotek i Oslo. Han etterlét seg òg ein relikviebehaldar av elfenbein (no i Uppsala) og eit drikkehorn frå 1300-talet med våpenskjoldet til Bolt-ætta. I tillegg kjem den nevnde Aslak Bolts jordebok over eigedommane til erkestolen.

Avtrykk av Aslak Bolts store erkebiskopelege segl finst på fem brev frå åra 1432–1445, alle bevart i Riksarkivet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aslak Bolts jordebok, utgitt ved Jon Gunnar Jørgensen, 1997
  • Bagge, Sverre: «Udsigt og innhogg. 150 års forskning om eldre norsk historie», i Historisk tidsskrift, bind 75, 1996
  • Bull, Edvard d.e.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgave (NBL1), bind 1, 1923
  • Dybdahl, Audun: «Proveniensen til erkesetets gods i Trøndelag. Hva kan Aslak Bolts jordebok fortelle?», i K. Haarstad m.fl. (red.): Innsikt og utsyn. Festskrift til Jørn Sandnes, Trondheim 1996
  • Dybdahl, Audun: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2), bind 1, 1999
  • Dybdahl, Audun: Trøndelags historie, bind 2: Fra pest til poteter: 1350 til 1850. Trondheim 2005
  • Daae, Ludvig: «En Krønike om Erkebiskopperne i Nidaros», i Festskrift udgivet i anledning af Trondhjems 900 aars jubilæum 1897, Trondheim 1897
  • Haug, Eldbjørg: «Den norske kirkes utvikling fra 1430-årene til stadfestingen av Sættargjerden 1458», i Collegium Medievale, vol. 9, 1996
  • Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bind 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011
  • Joys, Charles: «Erkebiskop Aslak Bolt», i A. Fjellbu med flere (red.): Nidaros erkebispestol og bispesete 1153–1953, 1955
  • Leistad, Geirr I.: «Om ættene Rømer og Smør samt en seiglivet gjenganger i norsk middelaldergenealogi», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bind 30, 1986, s. 124–130
  • Moseng, Ole Georg; Opsahl, Erik; Pettersen, Gunnar I. og Sandmo, Erling: Norsk historie I 750-1537, 2. utgave, Oslo 2007
  • Nissen, Harald: «En Rømergåte fra Erkebispegården i Trondheim», i Heraldisk tidsskrift nr. 77, 1998, s. 297–313
  • Njåstad, Magne: Norvegr, bind 2: 1400‒1840. Oslo 2011
  • Sollied, Henning: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. I. Rømer–Gyldenløve», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bind 6, 1938, s. 245–279
  • Sollied, Henning: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. II. Bolt», i Norsk slektshistorisk tidsskrift, bind 7, 1940, s. 26–65 og 261–309, og bind 8, 1942, s. 58–85

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg