Jordebok for Lista len
Landskyld blei ført opp i jordebøker. Jordebok for Lista len i 1625 har ført opp landskylda til kronen, det vil seie kva som var landskylda på eigendommane eller eigendomspartane som kongen eigde i området.
Jordebok for Lista len
Av /Riksarkivet.

Landskyld var den årlege avgifta som ein leiglending betalte til den som rådde over jorda leilendingen brukte. Den som rådde over jorda, jorddrotten, kunne vera ein privatperson eller ein institusjon. Me kjenner til betaling av landskyld i Noreg frå tidleg mellomalder og fram til dei siste bøndene vart sjølveigarar mot slutten av 1800-talet. Tilsvarande avgifter fanst også i andre europeiske land.

Landskylda vart oftast fastsett i varer som garden produserte, som smør, korn, fisk eller huder, men også i sølv eller pengar. Det kunne også nyttast rekneeiningar som månadsmatsbol eller markebol (sjå bol). Etter kvart vart det vanlegare å betala landskylda med pengar etter faste takstar på landskyldvarene.

Opphav

Leilending
Landskyld var avgifta ein leiledning betalte til jordeigaren for å bruke jorda. I mellomalderen (800–1500) og tidleg moderne tid (1500–1800) var dei fleste norske bønder leilendingar. Landskylda blei først betalt i naturalia (mat og andre bruksvarer dei produserte sjølv på garden), etter kvart i pengar. Tilhøvet mellom leilending og jordeigar var regulert ved lov. Ein leilending inngår avtale med ein jordeigar om å leige jord. Illustrasjon frå Magnus Lagabøters landslov.
Leilending
Av .

Opphavet til landskyld er uklårt. Frå vikingtida og fram til eit stykke inn på 1100-talet var det viktigare for samfunnseliten å kontrollera menneske enn jord. Hushalda var knytte til høvdingar og stormenn gjennom nettverk og personlege band der gåver og gjensidige tenester stod sentralt (sjå norsk jordeiendomshistorie). Utbygginga av verdslege og kyrkjelege institusjonar endra grunnlaget for makt. For den verdslege og geistlege eliten vart inntekter frå jordeigedomar gradvis viktigare enn kontroll over menneske. Kontraktar om leige av jord erstatta etter kvart personlege band, og tidlegare klientar og frigjevne trælar (løysingar) betalte no landskyld for å bruka jorda. Også vanlege bønder som åtte jordegods leigde ut jord dei ikkje nytta sjølve mot ei årleg landskyld.

Første gongen me høyrer om vederlag for å leiga jord er i Gulatingslova. Den byggjer på eldre munnlege overleveringar og vart truleg skriftfesta ein gong mellom siste halvdel av 1000-talet og midten av 1100-talet. Det eldste bevarte eksemplaret skriv seg frå slutten av 1100-talet.

Fastsetjinga av landskylda

Fastsetjing av landskyld
I dette diplomet frå 1564 ynskjer ein gardeigar å få slått fast storleiken på landskylda ho eiger i gardane sine. Eit samandrag av diplomet, omsatt til moderne norsk: «Thorbjørn Olssøn på Sandven, lensmann i Øystese skiprede i Hardanger, og fire lagrettemenn kunngjør, at Sigrid Siversdatter forlangte et odelsvitne av Olaf Pederssøn, som tidligere hadde bodd på Noreim i Vikøy, om hva hun eiet i denne gård, dertil svarte han, at han ikke visste annet enn at det tilkom henne i årlig landskyld to pund smør og to pund salt av Noreim og en halv fjerding av Skutlaberg, som var hennes salige mors odel etter sin morfar Anved på Noreim.»
Av /Avdeling for spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

I landsleigebolken i Gulatingslova (G72) heiter det at leiglendingen skulle svara den avgifta han hadde vorte samd med eigaren av garden om. Landskylda skulle altså fastsetjast etter forhandlingar mellom leiglendingen og jorddrotten. Leiglendingen hadde rett til å sitja på jorda i 12 månader etter avtalen var inngått, men me må rekna med at leigetida kunne forlengast. Yngre lover, som Frostatingslova og Magnus Lagabøters landslov frå 1274, opererer derimot med ei leigetid på tre år eller lenger. Bevarte leigeavtalar utover i høgmellomalderen viser at det også kunne vera tale om både livstidsleige og arvefeste.

Dei første oppgåvene over landskyld og kva varer den skulle betalast i kjenner me frå nokre fragment av dei eldste norske jordebøkene frå slutten av 1100-talet, Munkelivs jordebok (ca. 1175) og jordeboka til Jonskyrkja i Nidaros (ca. 1200). Desse jordebøkene gjev opp landskylda i ulike vareslag som kunne verta produserte på garden, men også i sølv, pengar eller i rekneeininga boltal. I Munkeliv si jordebok er dette månadsmatsbol, i Jonskyrkja si jordebok er det øyresbol. Boltal er elles mykje brukt som målestokk på landskylda utover i mellomalderen, og boltala kunne reknast om til varer eller pengar etter faste tilhøve.

Før midten av 1300-talet kan landskylda ha utgjort så mykje som om lag ein sjettedel av bruttoavkastninga på gardane. Etter Magnus Lagabøters landslov av 1274 skulle skylda brukast som grunnlag for utrekning av leidangsskatt. I fredstid erstatta denne skatten plikta til å rusta ut skip og mannskap til leidangsflåten som skulle forsvara landet. Det må då ha vore ein føresetnad at det var sett ein landskyldtakst på all jord, også den som ikkje vart leigd ut, men brukt av eigarane sjølve.

Partseige

Partseige
Fleire ulike eigarar kunne eige partar i ein gard og ha krav på delar av landskylda frå garden. Eit diplom frå 1615 viser ei kunngjøring av at ein eigar har solgt parten sin i ein gard og dermed den tilhøyrande landskylda. Eit samandrag av teksten i moderne språkdrakt: «Laurits Siverssøn på Øvre Li i Kvitlar åtting i Vangen kirkesogn på Voss kunngjør, at han har solgt til Erik Hermanssøn på hans stesønn Jon Anderssøns vegne som er født på Hydningen i Holebygden i Vinje kirkesogn, en av hans odelsparter i gården Hefte i Borstrand åtting på Voss, som årlig har en landskyld på et pund og to merker smør. Han mottar i betaling 8 riksdaler og en mark iskjøtningsøre.»
Av /Avdeling for spesialsamlinger, Universitetsbiblioteket i Bergen.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

I motsetning til i dei andre nordiske landa kunne fleire personar eller institusjonar eiga landskyld i ein og same gard. Slik partseige var ikkje knytt til eit konkret jordareal. Jorddrotten kom dermed til å stå som eigar av landskyldinntektene snarare enn som eigar av ein del av grunneigedomen. Eit døme: På garden Selsvik i Jondal brukte Oluff og huslyden hans heile garden i 1647. Landskylda dei betalte var derimot fordelt mellom tre jorddrottar: Innehavarane av jordegodset etter det nedlagde Munkeliv kloster eigde landskyld tilsvarande ein halv laup smør og eit geiteskinn. Laurits Torsnes hadde på si side krav på 1 ½ spann smør, eit saueskinn og eit kalveskinn, mens Sten Sandvin eigde landskyld tilsvarande ½ spann smør og eit kalvskinn.

Varer eller pengar?

I mellomalderen var det vanleg å betala landskylda i varer. Dei større jordeigarane, slik som kongen, biskopane og klostera, dreiv handel med landskyldvarene. Varene vart ofte samla i byane og var dermed med å leggja grunnlaget for den sterke byvoksteren i høgmellomalderen.

Også i seinmellomalderen og ut på 1500- og 1600-talet kunne landskylda svarast i varer, men det stod strid om betalingsforma. Jorddrottane freista ofte å få inn landskylda i pengar etter ein takst dei sette sjølve, eller i varer som hadde stor marknadsverdi. Leiglendingane kunne på si side hevda retten til å betala landskylda i dei varene den var oppgjeve i, og som dei produserte på garden. Dette kunne vera rimelegare for dei enn å betala etter ein høg pengetakst. Dessutan slapp dei å omsetja varer for å skaffa fram reie pengar. Både oppsynsmenn for større jordegods og futar som krov inn landskyld på offentleg gods kunne også utnytta handelen med landskyldsvarene til eiga vinning.

Utover i tidleg moderne tid vart det stadig vanlegare å betala landskylda med reie pengar. Ei forordninga av 4. mars 1684 gav leiglendingane rett til å velja betalingsmåte. Christian 5s norske lov av 1687 stadfesta at leiglendingane ikkje lenger var nøydde å svara landskylda i varer. Jorddrotten skulle heller ikkje vera pliktig til å ta i mot varer. I staden skulle det setjast ein takst på dei varene som landskylda var oppgjeven i. Så skulle landskylda betalast i pengar etter denne taksten.

Landskyldfallet i seinmellomalderen

Det store folketapet etter svartedauden og dei mange pestbølgjene som fylgde denne utover i seinmellomalderen, førte til mindre etterspurnad etter å leiga jord. Dermed måtte jorddrottane redusera landskylda for å få nokon til å leiga jorda. Ved inngangen til 1500-talet var landskylda berre om lag ein firedel av det den hadde vore før om lag 1350. Frå 1539 kunne landskylda berre aukast etter avgjerd frå ein lagrette med bønder. Noko auke var ikkje bøndene interessert i. Dermed kom ikkje landskylda til å stiga vesentleg etter seinmellomalderen, trass at folketalet auka og etterspurnaden etter å leiga jord vart større. Med det låge nivået som festa seg i seinmellomalderen svikta inntektene til dei som eigde landskyld, mens huslydane som leigde jord fekk det lettare.

Nye avgifter

Etter at det i 1539 i realiteten var sett eit tak på landskylda, prøvde jorddrottane å skaffa seg andre inntekter frå leiglendingane sine. Det kunne vera krav om arbeidspengar, skysspengar eller betaling til ombodsmannen for godset. Desse avgiftene var relativt låge. Større inntekter gav to nye avgifter som kom i tillegg til landskylda. Det var tredjeårstaka og førstebygselen. Tredjeårstaka skulle betalast kvart tredje år. Den viser attende til mellomalderen då leigekontraktar kunne verta fornya med tre års mellomrom. Etter klage frå bøndene vart maksimaltaksten på tredjeårstaka i 1578 sett til 1 riksdalar for ein laup smør på offentleg gods. Med Christian 4s norske lov frå 1604 galdt dette for alle typar gods.

Førstebygselen hadde samanheng med at livstidsfeste hadde vorte vanleg på 1500-talet. Den skulle svarast når bygselavtalen (leieavtalen) vart inngått. Fram til byrjinga av 1500-talet måtte alle eigarane verta samde om kven som skulle få leiga når fleire jorddrottar eigde landskyld i same jorda. Frå 1514 vart dette endra slik at den største partseigaren rådde for bygselen åleine. Dermed vart det også han som no kunne krevja førstbygsel av den nye leiglendingen.

Storleiken på førstebygselen auka kraftig når etterspurnaden etter å leiga jord steig utover 1600-talet. Etter klager frå bøndene sette forordningar frå 1684 og 1685 eit tak på førstebygselen på ti riksdalar for eit skippund eller ein laup landskyld. Dette var også normaltaksten i Christian 5s lov av 1687, men førstebygselen kunne aukast med opp til ein tredel av taksten dersom det høyrde viktige ressursar til garden, som til dømes fiskevågar, laksevarp, skog eller sager.

Folkeauke og større etterspurnad etter å leiga jord utover 1700-talet førte til at det vart betalt mykje meir i førstebygsel enn det lova sette som grense, også på offentleg gods. Trass i at styresmaktene så seint som i 1780 minna om at maksimaltaksten på førstebygselen framleis stod ved lag, vart denne ulovlege praksisen likevel stillteiande godteken.

Landskyld og skatteskyld

Landskylda var framleis grunnlaget for utrekninga av leidangsskatten i seinmellomalderen og tidleg moderne tid, men den sterke reduksjonen i landskylda førte til ein tilsvarande reduksjon i leidangsskatten. Nye skattar utover 1500-talet vart difor utlikna på anna vis, anten etter gardsklassar eller ein kombinasjon av gardsklassar og landskyld. Matrikkelarbeida i 1660-åra tok sikte på setja ein ny takst på landskylda som grunnlag for utlikning av skatt. I praksis vart det få endringar frå den gamle landskylda. Den nye skatteskylda kom frå 1671 til å liggja til grunn for utrekninga av skatten på jord, men skatteskylda erstatta ikkje den gamle landskylda som jorddrottane hadde krav på, og som no vart betalt i pengar etter offentlege takstar.

Laus landskyld

Med overgangen til sjølveige utover 17- og 1800-talet fall landskylda bort. På nokre eigedomar kunne det likevel verta ståande att mindre skyldpartar som offentlege institusjonar eigde. I slike tilfelle snakkar me om laus landskyld. Denne vart etter kvart rekna som hefte eller avgifter på eigedomen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: «Landskyld», i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. 10, Oslo 1965.
  • Dørum, Knut: Oppløsningen av skyldeiesystemet. Eiendomsformer og eierinteresser i Norge ca. 1600−1800, Oslo 1996.
  • Holmsen, Andreas: Gård, skatt og matrikkel. Oslo 1979.
  • Iversen, Tore & Myking, John Ragnar: «Changes in the Nordic Elites’ Way of Extracting a Surplus from Landed Resources», in Jón Viðar Sigurðsson, Helle Vogt, Bjørn Poulsen (eds.), Nordic Elites in Transformation, c. 1050–1250, Volume I, Routledge 2019, p.32-59
  • Myking, John Ragnar: Herre over andre si jord? Norske leiglendingsvilkår i europeisk lys 1500–1800, Kristiansand 2005.
  • Sandnes, Jørn og Salvesen, Helge: Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser. Oslo 1978.
  • Sevatdal, Hans: Eigedomshistorie, Hovudliner i norsk eigedomshistorie frå 1600-talet fram mot nåtida. Oslo, 2017.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg