SKL vart skipa på Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midhordland. Gjennom ein retta emisjon mot Karmsund Kraftlag i 1951 (i dag Haugaland Kraft), vart samarbeidet utvida til òg å omfatta Nord-Rogaland (Haugalandet). I 1953 sette SKL i drift det første aggregatet i Blådalsvassdraget i Kvinnherad. Selskapet eig og driv i dag 11 kraftverk i Kvinnherad, Etne, Fusa og Stord, og har 8,75 prosent eigardel i Sima kraftverk i Eidfjord, samt 2,54 prosent i Ulla-Førre-anlegga.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.