Sandeid (tettstad)

Artikkelstart

Sandeid er ein tettstad i Vindafjord kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 672 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
672 (SSB, 2020)
Landareal
0,6 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4732 Sandeid

Sandeid ligg i Ryfylke, ved botnen av Sandeidfjorden, ein nordgåande arm av Vindafjorden. Sandeid har mellom anna slakteri (Nortura), sandtak og sementvarefabrikk (Ølen Betong).

Tettstaden er eit viktig trafikknutepunkt på Fv. 46 (Haugesund–Knapphus–Sand); Fv. 514 går nordover til Ølen der han møtar E 134 (Karmøy–Haugesund–Drammen). Sandeid har snøggbåt til Stavanger.

Sandeid var før 2006 administrasjonssenter i Vindafjord kommune.

Kart

Sandeid
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg