Industri og gruvedrift var hovudnæringa i Stord alt frå 1920, og frå 1946 og fram til 1970-åra arbeidde meir enn halvparten av alle yrkesaktive innanfor industri/handverk og gruvedrift. Drifta i gruvene på Litlabø tok slutt i 1968. I dag er andelen industri av arbeidsplassane redusert til 25 prosent (2019), 33 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Verkstadindustrien er den heilt dominerande industribransjen med 98 prosent av arbeidsplassane i industrien, for det meste bygging av skip og oljeplattformar og maskinindustri (2019). Kværner Stord AS, Wärtsilä AS, Aker Elektro (Aker Solutions-gruppen) og Apply Leirvik AS er dei største verksemdene, og desse saman med fleire mindre i bransjen arbeider for det meste med offshoreinstallasjonar og landanlegg for oljeutvinning.
Aker Stord bygde fram til 1975 supertankarar på inntil 370 000 tonn dødvekt, men då krakket i tankbåtmarknaden kom, gjekk selskapet over til å byggje dekk til dei store produksjonsplattformene i Nordsjøen.
Det er svært lite produksjon av vasskraft i Stord. Den midlare årsproduksjonen i kommunen per 2019 er på 12,2 gigawattimar (GWh), fordelt på fire kraftverk.
I 2019 var 16 prosent av dei yrkesaktive tilsette i varehandel og hotell- og restaurantdrift, medan mindre enn ein halv prosent var knytt til primærnæringane.
Stord har om lag balanse mellom talet på arbeidsplassar og busette yrkestakarar, men kommunen har likevel stor inn- og utpendling. Av dei busette yrkesaktive i Stord har 22 prosent arbeid utanfor kommunen, seks prosent i dei andre sunnhordlandskommunane, fire prosent i Haugesund-området, tre prosent i Bergen og to prosent i Stavanger-området (2019).
Same året var 21 prosent av dei sysselsette med arbeid i Stord busett i andre kommunar; av innpendlarane kom dette året 16 prosent frå dei andre kommunane i Sunnhordland, to prosent frå Haugesund-området og éin prosent frå Bergen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.