Ålfjorden er ein fjord på grensa mellom Sveio kommune, Vestland, og Vindafjord kommune, Rogaland. Ålfjorden er ein sørgåande arm av Bømlafjorden, ytre del av Hardangerfjorden.

Fjorden skjer seg sørover inn mellom Tittelsnes lengst nord i Sveio og Borgundøya i Kvinnherad og leier inn til Sunnfør i Tysvær kommune, Rogaland. Den inste delen av fjorden blir kalla Sundførvågen. Samla lengd inn til Sunnfør er rundt 30 km.

På vestsida av Sundførvågens inste del fører E 39 (Aalborg–)Kristiansand–Trondheim.

Kart

Ålfjorden
Ålfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg