Artikkelstart
Den språklege variasjonen er stor i Finnmark, og denne variasjonen heng mykje saman med tidlegare indre flytting i fylket. Det har også vore stor tilflytting til Finnmark frå Troms og Nordland. Tvangsevakueringa av Finnmark og delar av Nord-Troms hausten 1944 har også hatt mykje å seia for språkutviklinga etter krigen.
I delar av Finnmark er språkmiljøa fleire stader prega av fleirspråklegheit. Det gjeld norsk i møte med samisk og det finskætta språket kvensk, som blir snakka i delar Finnmark (Varanger).
Reine innflyttarmål finn ein i bygdene Kiby og Ekkerøy i Nord-Varanger, her med spor av vestnorske dialekter. I desse bygdene har ein e -mål, som skil seg ut frå nabomåla og frå Vadsø bymål, som har e / a -mål. Forma ikkje blir brukt i desse bygdene, medan tilgrensande område har ikke.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.