A-mål er dialektar der infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a.
a-mål

Geografisk område
Det som i dialektgeografien blir kalla a-mål , ligg på Sørvestlandet i Noreg. Det blir difor kalla det sørvestlandske a-målet . Området strekker seg frå Lista i Vest-Agder og vest- og nordover til Indre Sogn , sjå kart.
Særtrekk i a-målet
Kjennemerket på a-mål er at infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a: å vera, å kasta, ei veka, ei visa. Dette var ordgrupper som i norrønt hadde trykklett -a i endinga (i utlyd). I a-målet har opphavleg trykklett ‑a halde seg i mest alle stillingar. Namnet a -mål i høve til e‑mål byggjer likevel på vokalutviklinga i infinitiv og svake hokjønnsord ubestemt form eintal.
A-målet har som nemnt a-ending i ord som: å kasta, å veta, ei gryta, ei veka og så bortetter. I tillegg finn ein endinga ‑a i adjektivformer som den stora kyrkja, det stora fjedle og i adverb som heima, idla, mesta, fudla, jedna, lika og andre. I nokre ord finn ein -a som bindevokal i samansette ord: hestalort, bygdasnakk, badnavogn, julaby og så bortetter.
Ei anna tyding av a-mål
Hovuddefinisjonen på a-mål er dette nemnde at infinitiv og svake hokjønnsord endar på -a. Men a-mål kan også bli brukt om dialekter som har -a i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord, som den snora, den sola (i motsetnad til i-mål)
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.