Loddrette striper på kartet viser til e-måla i Noreg. Svart farge viser e/a-målet i Nord-Norge.

E-mål er ei undergruppe av norske dialektar. E-måla skil seg frå a -målet på Sørvestlandet og frå dei austnorske dialektane som følgjer jamvektsloven.

Kjennemerke på eit e-mål

Eit viktig kjennemerke på eit e-mål er at dette målet har endinga -e i infinitiv og i svake hokjønnsord ubestemt form eintal. Dette var ordgrupper som i norrønt hadde ein trykklett -a i endinga (i utlyd). Det heiter då i e-målet: å kaste, å vere, ei vise, ei veke og tilsvarande. Jamfør denne setninga frå Sørlandet: «Æ skal love å sende deg ei ny trøye om ei vege

I e-måla finn ein også e-ending i nokre andre ord som enda på trykklett -a i norrønt. Det gjeld i adjektivformer som den store kyrkja, det store fjellet og i adverb som heime, ille, meste, jerne, like og andre.

Der det i norrønt kom ein konsonant etter endingsvokalen, vil den opphavlege vokalen (a eller u) likevel kunna halda seg i eit e-mål, ved at det til dømes heiter: fleire hesta og sterke arma, og i presens av a-verb: eg kasta, ho sykla.

E-mål fleire stader i Noreg

Det finst fire tradisjonelle e-mål i Noreg. I tillegg kjem det i dag opp eit nyare e-mål på Søraustlandet.

Vestnorsk – sørleg e-mål (delar av Agder)

Det dialektområdet som blir kalla sørleg e-mål, dekker ein del av Sørvest-Telemark pluss heile gamle Aust-Agder fylke og vestover til Mandal i gamle Vest-Agder. Døme: Æ ska kjøbe ei kage til dæ.

Vestnorsk – nordleg e-mål (nordvestlandsk)

Det dialektområdet som her er kalla for nordvestlandsk e -mål, femner om eit område frå Ytre-Sogn og nordover til og med Romsdal. Døme: Ho vil låne ei kiste av mor si.

E-mål i Sør-Østfold

Det meste av tidlegare Østfold fylke har jamvektsmål og følgjer jamvektsloven, med kløyvd infinitiv. Sør-Østfold, frå Rakkestad og sørover, har likevel e-mål, døme: å kjøpe seg ei jakke, å male ei kiste og så bortetter.

E-mål nord i Troms og i indre og autstlege mål i Finnmark

Den aller nordlegaste delen av Troms og dei indre og austlege måla i Finnmark har e-mål. Døme: Æ ska sønge ei vise for dåkker. I ein del av Troms og Finnmark der ein har e-ending i infinitiv, vil likevel dei svake hokjønnsord enda på -a i ubestemt form eintal. Dette blir kalla e/a-mål. E/a-mål finn ein i delar av Troms, frå Lyngen og sørover, og i fjordområda i Vest-Finnmark. Eit eksempel frå e/a-målet kan vera: Æ ska låve å kjøpe ei ny flaska om ei vekka.

Eit nyare e-mål på Sør-Austlandet

Et viktig særtrekk i det tradisjonelle talemålet på Austlandet er det som blir kalla kløyvd infinitiv, sjå jamvektsloven . Mykje tyder i dag på at dei austnorske jamvektsinfinitivane som endar på -a, er på vikande front hos de unge. Austnorske infinitivformer som værra, jørra, baka, såvå, lesa, eta og så bortetter blir i dag til være, jøre, bake og såve, lese, ete, som i e-måla elles i landet. Austnorske svake hokjønnsord av jamvektstypen får e-ending, som i eit e-mål: ei viku, ei smiu, ei flugu, ei kaku blir til ei uke, ei smie, ei flue, ei kake. Hankjønnsformene en hana, en hara, en haga og andre blir til en hane, en hare, en hage. Ein ungdom på Sør-Austlandet vil kunne seia: Jei skal låve å kjøpe deg ei ny flaske om ei uke.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, 1990. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, 1997. Kristiansand: Høiskoleforlaget.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, 2005. Kristiansand: Høiskoleforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg