svak bøying (grammatikk)

Artikkelstart

Svak bøying er i norsk grammatikk ein særskild måte å bøye verb og adjektiv. Denne bøyingsmåten står i motsetnad til sterk bøying.

Faktaboks

Også kjent som

linn bøying

Verb

Verb med svak bøying dannar preteritum med eit suffiks som inneheld ein vokal, som i desse eksempla:

Nynorsk:

  • prøve – prøver – prøv-de – prøvd
  • telje – tel – tal-de – talt
  • nå – når – nå-dde – nådd
  • kaste – kastar – kast-a – kasta

Bokmål:

  • prøve – prøver – prøv-de – prøvd
  • telle – teller – tal-te / tel-te – talt / telt
  • nå – når – nå-dde – nådd
  • kaste – kaster – kast-a / kast-et – kasta / kastet

Adjektiv

Adjektivet har både svake og sterke bøyingsformer. Den svake er bunden (bestemt), mens dei sterke er ubunden (ubestemt), som illustrert med adjektivet stor:

sterk (ubunden) sterk (ubunden) sterk (ubunden) svak (bunden)
eintal eintal fleirtal
hankjønn/hokjønn inkjekjønn
stor stort store store

Svak bøying i eldre germanske språk

I eldre germanske språk fanst det òg eit skilje mellom svak og sterk bøying ved substantiva. Til dømes opererer ein med dette skiljet i norrøne grammatikkar, men då på grunnlag av forholda i urnordisk. Svake substantiv i norrønt hadde ei stamme som enda på konsonant i urnordisk, mens sterke substantiv i norrønt hadde ei stamme som enda på vokal i urnordisk, som i desse eksempla:

  • Svakt substantiv: norrønt fótr 'fot', av urnordisk *fōtʀ, med stamma *fōt-
  • Sterkt substantiv: norrønt armr 'arm', av urnordisk *armaʀ, med stamma *arma-

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg