Hilde Sandvik

Faktaboks

Hilde Sandvik
Født
30. april 1970, Erfjord, Suldal kommune

Hilde Sandvik på Ytringsfrihetskonferansen på Christianborg i 2017.

Hilde Sandvik
Av /Ritzau Scanpix.

Artikkelstart

Hilde Sandvik er ein norsk journalist og forfattar. Ho er sjefredaktør i Broen.xyz og var frå 2010 til 2016 kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende.

Hilde Sandvik tok vidaregåande skule i 1986–1989 og er utdanna cand.philol. med hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og «visual culture» ved Goldsmiths College i England.

Journalistikken

Sandvik var frå 2003 til 2006 redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo. Sommaren 2005 var ho òg debattredaktør i Dagbladet, og har dessutan vore spaltist mellom anna i Klassekampen. Sandvik arbeidde i Bergens Tidende frå 2006 til 2016, dei første åra som journalist. Frå 2016 har ho hatt ansvaret for å lage ei nordisk digital plattform for kulturdebatt og politikk, Broen.xyz, som ho er grunnleggjar av og sjefredaktør i. Sandvik er programleiar i den skandinaviske NRK-podkasten «Norsken, svensken og dansken», som blir sendt på NRK P2, Danmarks Radio (DR) i Danmark og Sveriges Radio i Sverige.

Anna engasjement

Sandvik har vore styremedlem i musikkfestivalen Borealis, nestleiar i Norsk Tidsskriftforeining og er medlem av Utvidet Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Ho var medlem av styret i Norsk Redaktørforeining frå 2013 til 2017, er styremedlem i Amedia AS frå 2016 og styremedlem i Foreningen Norden frå 2016. Frå 2018 til 2020 var ho nestleiar i Foreningen Norden.

Utmerkingar

Saman med Katrine Sele fekk Sandvik Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012.

Utgjevingar

  • Hersketeknikk (saman med Jon Risdal), 2007
  • Diverse teikningar (saman med Marvin Halleraker), 2007
  • Traktorland (saman med Knut Egil Wang), 2008
  • Svensken, dansken og nordmannen – skikk og bruk i nordisk debattkultur, 2016

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg