Ottar Grepstad er ein norsk målmann som i heile sitt vaksne liv har spela ei sentral rolle for å fremja nynorsk skriftkultur. Han er forfattar, språkgranskar og organisasjonsleiar. Grepstad vert dessutan ofte omtala som nasjonal «språkstrateg».
Ottar Grepstad
Faktaboks
- Født
- 1. oktober 1953, Øyer


Kulturdirektør
Ottar Grepstad er mest kjent som direktør i Nynorsk kultursentrum frå 1999 til 2018, ei stifting som eig musea Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje. Den faste arbeidsstaden i desse åra var Ivar Aasen-tunet som han bygde opp som eit moderne museum, tett inntil Aasens barndomsheim.
Grepstad var i 2007 med og grunnla det digitale leksikonet Allkunne, som var meint som eit nynorsk svar på dei etablerte leksikona, med digitalt kvalitetssikra innhald på nynorsk. Grepstad var prosjektleiar for leksikonet 2007–2008, og hovudredaktør 2008–2014, samstundes som han var direktør i Nynorsk kultursentrum.
Forlagsmann
Grepstad hadde frå 1980 til 1994 leiande stillingar i Det norske Samlaget, først som forlagsredaktør og seinare som assisterande forlagssjef. Ved sida av forlagsarbeidet skreiv han to fagprosabøker med språklege tema. Han var og redaktør i Syn og Segn frå 1984 til 1988.
Organisasjonsarbeid
Språkstrategen Grepstad har ved mange høve gjort seg sterkt gjeldande som organisasjonsmann.
Han var landsstyremedlem i Venstre 1976–1988. I 1998 var han dagleg leiar i Noregs Mållag. Frå 2005 til 2010 var han rådsmedlem i Norsk kulturråd. Frå 2010 til 2015 var han styreleiar i Språkrådet (frå 2006 til 2010 styremedlem). I Nynorsk forum, som er samarbeidsorganet for nynorskorganisasjonar, var han sekretær frå starten i 1997 til han vart pensjonist i 2018. Han var frå 2016 til 2018 styreleiar i International Network of Language Museums.
Grepstad var frå 1975 til 1976 leiar i Norges Unge Venstre.
Forfattarskap


Ottar Grepstad har ein vid og mangslungen litterær produksjon bak seg, for det meste knytt til språk som gjennomgangstema. Han har m.a. skrive debattbøker og faktabøker, ein ruvande biografi om Ivar Aasen, og redigert ei jubileumsbok om Venstre.
Ottar Grepstad er utdanna cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1983.
Utmerkingar
- Norsk språkpris, 1999
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, 2018
Utgjevingar (eit utval)
- Essayet i Norge (redaktør), 1982
- Venstres hundre år (redaktør saman med Jostein Nerbøvik), 1984
- Retorikk på norsk, 1988
- Hamsun i Æventyrland (saman med Kirsti Mathilde Thorheim), 1996
- Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk, 1997
- Nynorsk faktabok, 1998 og 2005
- Det nynorske blikket, 2002
- Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie, 2006
- Avisene som utvida Noreg, 2010
- Språkfakta, 2015 og 2020 (digitale utgåver)
- Draumen om målet, 2012
- Historia om Ivar Aasen, 2013
- Språksansen, 2013
- Skriftkultur, 2018
- 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår, 2020
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.