Marit Eikemo er ein norsk forfattar, journalist og tidsskriftsredaktør som leier Litteratursymposiet i Odda. Eikemo har fått mest merksemd for romanen Samtale ventar, som gav henne Nynorsk Litteraturpris for 2011. 

Eikemo er fødd i Odda i 1971, har mellomfag frå Universitetet i Bergen, og har jobba som journalist i pressa, og med informasjon for Festspela i Bergen. Då ho debuterte som sakprosaforfattar med Her, no: Møte med unge menneske, fekk ho Mållagsprisen frå Odda Mållag. 

Eikemo var redaktør for tidsskriftet Syn og Segn då ho debuterte som skjønnlitterær forfattar med Mellom oss sagt. To år seinare fekk Eikemo Sparebanken Vest sitt Kunstnarstipend, eit stipend som ho i dag (2013) sitt i fagjuryen for. Den tredje romanen hennar, Samtale ventar, vart nominert til P2-lyttarane sin romanpris, og fekk Nynorsk Litteraturpris frå Noregs Mållag

Kritikarar har skildra Eikemos stil som språkleg sober men sarkastisk. Kritikarar har sett pris på den skarpe humoren i Eikemos romanar, og måten dei ser det samtidige Noreg med eit skrått blikk.

Eikemo er leiar for Litteratursymposiet i Odda. Ho bur ein del av tida i Odda, og ein del av tida i Bergen, ved Gamle Bergen.

  • Samtale ventar (Roman, Samlaget, 2011)
  • Arbeid pågår (Roman, Samlaget, 2009)
  • Samtidsruinar (Essaysamling, Spartakus, 2008)
  • Mellom oss sagt (Roman, Samlaget, 2006)
  • Synd.no (Medforfattar) (Essays, Samlaget, 2001)
  • Her, no: Møte med unge menneske (Redaktør og forfattar) (Intervjubok, Samlaget, 1999) Les boka hos bokhylla.no

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.