Olav Midttun

Faktaboks

Olav Midttun
Født
8. april 1883, Mauranger i Kvinnherad, Hordaland
Død
5. januar 1972, Bærum, Akershus

Artikkelstart

Olav Midttun var ein norsk filolog, redaktør og medieleiar.

Bakgrunn og NRK-karriere

Midttun var fødd i Kvinnherad og var bror av Gisle Midttun. Han tok grada cand.mag. i 1910, og var dosent i landsmål ved Universitetet i Oslo frå 1917 til 1934. I perioden 1934 til 1940 var han riksprogramsjef i NRK, der han sørgde for at det blei spelt norsk musikk og blei halde enkelte foredrag på nynorsk.

Etter den tyske okkupasjonen 9. april 1940 blei Midttun bedd om å bli ved sin post av Administrasjonsrådet, men han og administrerande direktør Egil Sundt blei til slutt sagt opp av Nasjonal Samling 28. september 1940.

I staden fekk Midttun eit heilt nytt professorat i nynorsk dikting og målbruk, først i periodane 1940 til 1945, deretter frå 1947 til 1953. Frå 8. mai 1945 til 1947 var han igjen riksprogramsjef i NRK.

Etter krigen

Midttun skreiv ei lang rekkje avhandlingar, særleg med emne frå nynorsk litteratur, mellom anna samla i Menn og bøker (1953). Elles gav Midttun ut mindre bøker om Aasmund Olavsson Vinje, Anders Hovden, Rasmus Løland med fleire.

Han redigerte utgåver av Vinje sine skrifter og brev, Løland sine skrifter med meir. I perioden 1908 til 1960 redigerte han tidsskriftet Syn og Segn. Erindringsboka Livsminne kom i 1971.

Tillitsverv

Midttun deltok ivrig i målreisings- og ungdomsarbeidet og hadde ei mengd tillitsverv. Han var formann i Noregs Ungdomslag frå 1919 til 1926, og formann i styret for Det Norske Samlaget frå 1919 til 1926 og 1929 til 1934. Middtun var medlem av den faste departementale rettskrivingsnemnda for nynorsk frå 1921 til 1953.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg