Symboler brukt i IS-flagg med mer: En del av trosbekjennelsen Shahada og «Muhammeds segl». Av . Falt i det fri (Public domain)

Den islamske staten (IS)

IS er en jidahistisk organisasjon med mål om å etablere et islamsk kalifat i Midtøsten.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Den islamske staten (IS) er ein ekstrem jihadistisk organisasjon som i ein periode styrte delar av Irak og Syria, og har fått avleggjarar i fleire andre land. Organisasjonen arbeider for å opprette eit islamsk kalifat (styre) og er kjent for brutal terror og undertrykking av annleis truande. Organisasjonen har trekt til seg tilhengjarar frå alle verdsdelar, inkludert Europa.

Faktaboks

Også kjent som
arabisk: الدولة الإسلامية, ad-Dawlah al-ʾIslāmiyyah Den islamske stat i Irak og Levanten (Islamic State of Iraq and the Levant; ISIL) Den islamske stat i Irak og al-Sham (Islamic State of Iraq and al-Sham; ISIS)

IS, òg kjend under forkortingane ISIS og ISIL og under nemninga Daesh, var opphavleg ei grein av jihadistorganisasjonen al-Qaida i Irak. IS oppstod i Irak rundt 2006, tok del i krigen i Syria frå 2012 og braut ut frå al-Qaida i 2013. Dei tok i 2014 kontroll over ein stor del av Eufrat-dalen i Syria og det nordvestlege Irak, men vart i 2018 nedkjempa av vestlege og lokale krefter, og har sidan gått over til individuelle terroraksjonar, slik al-Qaida er kjent for.

IS skil seg frå andre jihadistorganisasjonar, mellom anna al-Qaida, ved at dei prøvde å skape ein islamsk stat her og no, i staden for berre å ha det som eit framtidsmål. Dei administrerte områda dei kontrollerte ut frå ein streng islamsk justis, basert på ei puritansk tolking av den islamske lova, sharia. Særleg blei dei kjende for dei brutale og vel publiserte metodane sine, med masseavrettingar lagde ut på internett.

IS blir fordømde av muslimske leiarar over heile verda, men har greidd å rekruttere tilhengjarar blant ekstreme jihadistar både i andre muslimske land og i resten av verda. I tillegg bygde IS alliansar med sunniske stammar i Syria og Irak som er motstandarar av regima i dei to landa.

IS kalla statsdanninga si eit «kalifat». Dette kalifatet blei ikkje anerkjent av andre enn dei som alt støtta IS politisk. IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi utnemnde seg til kalif i 2014, men vart drepen i eit militært angrep leia av amerikanske spesialstyrkar i Syria i oktober 2019. Han vart etterfølgd som leiar av Mohammed Abdul Rahman al-Mawli.

Ideologi og politikk

Foto fra en video lagt ut på en militant nettside lørdag 5. juli 2014, som skal vise grunnlegger og leder av Den islamske stat Abu Bakr al-Baghdadi under en preken i en moské i Irak. Baghdadi ble drept i et USA-ledet militært angrep i Nordøst-Syria i oktober 2019.

Abu Bakr al-Baghdadi
Av /Ap, Scanpix.

IS er mellom dei mest ytterleggåande islamistgruppene i vår tid og høyrer til retninga salafisme. Islamisme er ein politisk eller samfunnsmessig ideologi som vil forme samfunnet etter religiøse prinsipp. Salafistar går lenger enn dette og ser den tida profeten Muhammad levde og dei første generasjonane etterpå (al-salaf), rundt år 622–710, som modell også for dagens samfunn. Dei vil byggje samfunnet så nært som mogleg opp mot profetens samfunn, også når det gjeld reint konkrete ting som klesdrakt og samværsformer. Dei ser denne tida som idealet, sidan Guds openberring då var verksam gjennom profeten. I nyare tid godtek likevel dei fleste salafistar moderne teknologi og nyvinningar dei meiner ikkje står i motstrid til profetens modell.

Salafisme er ei hovudretning innanfor islamismen, meir konservativ enn den andre hovudstraumen, som er knytt til Det muslimske brorskap og i større grad aksepterer det moderne samfunnet. Dei fleste salafistar er upolitiske og arbeider med misjonering (da’wa) for å fremje den individuelle moralen. I mange land i Midtausten reknar ein med at islamistparti kan oppnå om lag ein femdel av røystene i frie val, medan salafistar kanskje har ein storleik på ein firedel eller mindre av det dei politiske islamistane kan oppnå. Salafisme kan i teorien finnast både i fleirtalsretninga sunniislam og hos mindretalet sjiaislam, men i praksis finst tendensen berre hos sunniane, og dei fleste salafistar er sterkt kritiske til sjiaislam.

I tillegg til dette finst det salafistgrupper som heilt motsett dei «pietistiske» salafistane legg all vekt på politikk og stat, og då i revolusjonær og valdeleg retning. Dei kallar revolusjonen sin «jihad». Mange av dei reknar dagens muslimske leiarar som «vantru», fråfalne frå islam, sidan jihad etter definisjonen er ein kamp mot ikkje-muslimar. Slike salafistar blir gjerne kalla takfiris (frå takfir, det å kalle ein muslim vantru), eller jihadistar. Dei har ofte eit religiøst syn som er likt dei pietistiske salafistane, men står på motsett side i synet på verkemiddel for å oppnå idealsamfunnet. Jihadistar støttar bruk av vald mot sivile for å nå sine mål.

Den mest kjende jihadistgruppa er al-Qaida (eigentleg Qa’idat al-Jihad), skipa av Osama bin Laden. Jihadistar deler seg i to grupper, med to ulike strategiar: dei som legg mest vekt på den lokale kampen mot muslimske herskarar og styresmakter (den «nære fienden»), og dei som meiner at ein først må gå til åtak på USA og vestmaktene, sidan dei støttar opp om dei lokale herskarane (den «fjerne fienden»). Osama bin Laden og al-Qaida stod for det siste synspunktet og tok i bruk dramatisk terror mot vestlege mål. Hos IS har vekta i større grad vore på den «nære fienden», og IS har slik først og fremst bede sympatisørar kome til Syria og Irak for å byggje «kalifatet» der.

For IS var det området dei styrte i Irak og Syria ein islamsk «modellstat». Dei sette opp ein administrasjon og eit lovverk som moralsk og juridisk så langt som råd skulle byggje på profeten Muhammads praksis frå 600-talet, i deira svært brutale fortolking. Motstandarar og dei som høyrer til religiøse minoritetar, blei avretta, gjerne ved halshogging eller på liknande måtar. Gruppa innførte sine eigne reglar, som blir avviste og fordømde av islamske lærde, som meiner dei er i strid med Muhammads praksis og god lovtolking. Det var viktig for IS å få legitimitet gjennom å vise at dei var i stand til å styre sivilbefolkninga og halde institusjonar i gang i områda sine. Dei utvikla eigne skolebøker for bruk i skolane, og forbydde undervising i emne dei meinte gjekk imot deira ideologi og statsbyggingsprosjekt, som historie, samfunnsfag, kunst og filosofi. Dei forsøkte å styre sjukehus og andre institusjonar, men dette vart etter kvart vanskeleg fordi dei prioriterte militære høve, og eigne medlemmar over sivile, og styringa lei av at gruppa ikkje fekk nok forsyningar utanfrå.

Gruppa er spesielt aggressiv mot sjiaer, som er i fleirtal i Irak, men som IS reknar som vantru. Men gruppa blei òg særleg kjend for undertrykking og massakrar mot ein kurdisk religiøs minoritet, jesidiane, i 2014. Spesielt vekte den seksuelle valden mot kvinner frå denne minoriteten, som blei selde som slavar, oppsikt og avsky.

Forholdet mellom religion og politikk hos IS har vekt debatt også i Noreg, i spørsmålet om IS primært er ei religiøs eller ei politisk rørsle. Svaret er avhengig av politisk ståstad, men det er truleg grunnlag for å seie at IS er begge delar: Gruppa grunngir tydeleg samfunnssynet sitt i religion og religiøse idear, med tilvising til kjelder frå islamsk teologi i deira eiga fortolking, men IS er òg politisk og bruker politiske argument frå dagens konfliktar til å grunngi terroren sin og kampen mot Vesten.

Historie

Opphavet til IS finn vi i Irak etter den amerikanske innmarsjen i 2003. Jordanaren Abu Musab al-Zarqawi oppretta ei motstandsgruppe mot dei amerikanske troppane der, ei gruppe som så slutta seg til al-Qaida. Etter først å ha møtt motstand blant dei lokale sunniske stammane, greidde han å knyte band til dei ved å hevde at sjiiaer var vantru, og at ein måtte gå til åtak mot dei, ei oppfatning som bin Laden delte, men som ikkje hadde vore viktig for al-Qaida tidlegare. Medan al-Qaida meinte at sjiaer var vantru som kunne rettleiast, støtta al-Zarqawi drap på sjiaer – som han meinte samarbeidde med djevelen. Zarqawi var også meir open for drap på sivile generelt samanlikna med al-Qaida. Han ønskte å framprovosere ein sekterisk krig i Irak gjennom sjølvmordsangrep på sjiaer. Etter at al-Zarqawi blei drepen i 2006, tok ein irakar som blei kalla Abu Omar al-Baghdadi over leiinga, og han endra namnet på gruppa til «Den islamske staten i Irak», ISI. Han blei så drepen i 2010, men den nye leiaren, Ibrahim al-Samarrai (fødd 1971), tok etternamnet hans som dekknamn og kalla seg Abu Bakr al-Baghdadi.

Året etter kom protestane i «den arabiske våren» til Syria og utvikla seg fram mot sommaren 2011 til full borgarkrig. Opprørsgruppene var i byrjinga ikkje dominerte av religiøse eller jihadistiske grupper, men i 2012 sende ISI ei gruppe erfarne krigarar under leiing av syraren Abu Muhammad al-Jawlani til Syria, der dei oppretta Nusrafronten (Jabhat al-Nusra) som lokal avdeling av al-Qaida. Nusrafronten gjorde seg raskt gjeldande, både ved å ta i bruk bombeaksjonar og kjende terrormetodar og ved å vere effektive og erfarne, og dei oppnådde respekt frå dei andre opprørarane. Sjølv om Nusrafronten ikkje samarbeidde med dei andre, retta dei våpena sine mot den felles fienden, styresmaktene i Syria.

Nusrafronten trekte slik til seg mange syriske opprørarar og blei snart ei vel så viktig gruppe som opphavet sitt i Irak, ISI. I 2013 erklærte derfor al-Baghdadi at dei to gruppene skulle slå seg saman til ei, no under namnet Den islamske staten i Irak og Syria, ISIS, og under hans leiing. Nusrafronten og den syriske leiinga rundt al-Jawlani nekta å godta denne ordren og heldt fram som ei sjølvstendig gruppe. Den sentrale leiinga i al-Qaida prøvde å mekle mellom dei to avdelingane, men då det viste seg nyttelaust, valde dei å halde seg til Nusrafronten. Abu Bakr al-Baghdadi braut derfor med al-Qaida og erklærte dei for å vere forelda og svake både i tru og i praksis. Frå då av, i oktober 2013, var dermed ISIS, seinare IS, ein rival til al-Qaida, men med det same jihadistiske grunnsynet, og dei rekna seg som dei sanne arvingane etter bin Laden.

Dei utvikla likevel snart ein annan praksis. Der Nusrafronten la hovudvekta på kampen mot Assad-regimet, parallelt med kampen dei andre opprørarane førte, byrja ISIS å leggje meir vekt på å vinne eit territorium for seg sjølve og å byggje opp ein islamistisk idealstat der. Dei kjempa òg mot styrkane til Assad, men kom snart vel så mykje i konflikt med andre opprørarar, som ikkje delte den strenge ideologien deira. Desse opprørarane blei jaga bort eller tvinga til å underkaste seg ISIS i dei områda dei styrte i det austlege Syria. Også andre islamistar og uavhengige salafistar, som det var fleire grupper av, blei erklærte som vantru dersom dei ikkje underkasta seg ISIS. På denne måten utvida dei området sitt like mykje på kostnad av dei andre opprørsgruppene som av regjeringsstyrkane.

Våren etter, i 2014, var dei sterke nok til å vende blikket mot Irak, der statsapparatet i Bagdad no var blitt meir og meir sekterisk, dominert av det sjiiske fleirtalet. Særleg kjende den sunniske minoriteten i nordvest at regjeringshæren, med for det meste sjiiske soldatar, oppførte seg som ei undertrykkjande okkupasjonsmakt. ISIS greidde slik å vinne støtte blant sunniske stammar og opprørsgrupper til ein felles offensiv, som førte til at dei på kort tid tok styring over den tredje største byen i Irak, Mosul, der regjeringshæren kollapsa og rømde utan å gjere motstand. ISIS følgde etter, og berre etter nokre veker ekspanderte dei langt sørover i Irak. Snart stod dei berre nokre kilometer frå Bagdad, men greidde aldri å nærme seg storbyen meir enn det.

Erobringa av Mosul var uhyre viktig for den Islamske Staten (IS), som dei etter kvart kalte seg. Dei fekk her tilgang til store ressursar og pengar, og ikkje minst avanserte amerikanske våpen som regjeringshæren hadde late etter seg. IS tok desse våpena med seg tilbake til Syria og brukte dei til å utvide området sitt der. Dei trekte til seg andre opprørsgrupper, anten frivillig eller med tvang. Dei sivile som budde i området var også ein viktig ressurs, fordi IS utvikla eit komplekst byråkrati for å skattlegge dei.

Med denne suksessen bak seg kunne så al-Baghdadi i juni 2014 erklære at han oppretta eit «kalifat», ein verdsomfattande islamsk stat, med han sjølv som kalif, under namnet kalif Ibrahim. Etter klassisk tenking kan det berre vere éin kalif i islam. Al-Baghdadi kravde dermed underkasting frå andre muslimar, i det minste frå dei jihadistgruppene som hadde eit slikt kalifat som eit framtidsmål. Dei leiande religiøse autoritetane i sunniislam, både i Egypt og Saudi-Arabia, avviste tanken om at eit kalifat var rett styreform i vår tid og retta harde åtak mot IS (som ISIS no kalla seg) og mot andre jihadistar, og fordømde dei. Også al-Qaida og andre jihadistgrupper nekta for at IS hadde rett til å krevje ei slik leiarrolle og nekta å underkaste seg. IS såg derfor desse gruppene som fråfalne og fiendar. Erklæringa om kalifatet førte derfor ikkje til noka større samling rundt IS. Likevel var det nokre al-Qaida-grupper i ulike land som delte seg, der somme støtta leiarskapen til al-Qaida, medan andre svor truskap til kalifatet og IS, og eit par større grupper slutta seg til IS. I all hovudsak har likevel IS ikkje greidd å få dominans over jihadistmiljøa i Midtausten, men har hatt større hell med å rekruttere krigarar til å kome til kalifatet og ta del i kampane der.

Mot slutten av 2014 blei også konflikten internasjonalisert, ved at ein internasjonal koalisjon under leiing av USA starta ein bombekrig mot IS sine område. Ved sida av USA var òg nokre vestlege land med, særleg Storbritannia, men berre på den irakiske sida av grensa. Noreg gav òg eit mindre bidrag her. Frankrike og fleire USA-allierte arabiske land, slike som Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og fleire, var òg med i bombekrigen i Syria. I 2015 gjekk også Russland og Tyrkia kvar for seg inn med bombing av IS sine område i Syria, sjølv om begge la meir vekt på å ramme andre grupper (andre anti-Assad-grupper for Russland, kurdarar for Tyrkia). I løpet av det året og året etter mista IS store område i Irak. Sommaren 2017 blei Mosul erobra på nytt av irakiske styrkar, og i oktober fall «hovudstaden» Raqqa i Syria. Den siste landsbyen kalifatet styrte, Baghuz, fall til amerikanskstøtta kurdiske styrkar i februar 2019.

Namnet

IS har vore kjent under mange namn. Under grunnleggjaren al-Zarqawi kalla dei seg berre al-Qaidas avdeling i Irak: Qa’idat al-Jihad fi Bilad al-Rafidayn (al-Qaida i Mesopotamia). Frå 2006 tok dei namnet al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq, Den islamske staten i Irak, og etter brotet med al-Qaida i 2013 la dei til Syria: al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq wa al-Sham, der dei brukte det gamle arabiske namnet på Syria, «al-Sham». Nokre journalistar omsette dette siste namnet med det opphavleg franske omgrepet «Levanten», som er eit eldre namn på det indre Middelhavsområdet. Slik blei gruppa i europeiske medium av og til kalla ISIL, «Den islamske staten i Irak og Levanten», og andre gonger ISIS, «Den islamske staten i Irak og Syria».

Då dei i 2014 erklærte seg som verdsomspennande kalifat, vart dei geografiske markørane fjerna, og dei kalla seg berre «Den islamske staten», IS. Denne forkortinga har no festa seg i norske medium, men særleg styresmaktene held fast på varianten ISIL.

Frå det arabiske namnet (al-Dawla al-Islamiya fi al-Iraq wa al-Sham) blir òg den forkorta nemninga Daesh nytta. Denne nemninga er mest brukt på arabisk, men òg i vestlege land. IS avviser denne nemninga, fordi ho av ulike grunnar blir oppfatta som nedsettande. Somme ønskjer òg å bruke dette namnet, eventuelt ISIL, for ikkje å legitimere IS som ein «islamsk stat». Men som vi ser, er fellesnemninga i alle desse forkortingane førsteleddet «Den islamske staten i ...» («al-Dawla al-Islamiya ...» på arabisk), så dette er i hovudsak ei mistyding. IS sjølv brukte namn som «Staten» (al-Dawla) eller «kalifatet» (al-Khilafa).

Tilhengjarar

Det er ulike tal for kor mange aktive krigarar IS hadde til rådvelde. På det meste kan IS ha hatt opptil mellom 20 000 og 50 000 i sitt kalifat, kanskje oppimot halvdelen av dei «framandkrigarar». Dei fleste av dei kom frå andre arabiske og muslimske land, men ein god del kom òg frå Europa og andre vestlege land, kanskje nokre tusen. Gruppa blei særleg kjend for ein avansert bruk av moderne medium for å rekruttere i Vesten. Ein stor del av dei aktive krigarane fall i kampane som førte til kalifatets fall, og andre blei tekne til fange, ikkje minst kvinner og barn som hadde budd i «staten». Eit ukjent tal kom seg likevel unna, og det er uklart kor mange av desse som framleis er aktive, og i kva grad dei er i stand til å reorganisere seg. Det er også nokre mindre område eller landsbyar i Irak der IS framleis har tilhald.

Det er ein markert forskjell mellom Syria og Irak når det gjeld i kor stor grad IS greidde å oppnå støtte lokalt. I Irak hadde dei lang tradisjon for felles kamp med lokale stammar mot amerikanarane og har greidd å trekkje til seg mange som støtta det gamle, om enn sekulære, styret til Saddam Hussein. Dei fekk på denne måten støtte hos lokale sunniske stammar, i felles motstand mot styresmaktene i Irak, som blir oppfatta som sekterisk og undertrykkjande av svært mange av sunniane.

I Syria klarte dei ikkje på same måten å feste lokale røter, ikkje minst på grunn av konfliktar med dei andre opprørsgruppene i den syriske borgarkrigen. I hovudsak er likevel den lokale støtta til IS både i Syria og Irak politisk, på grunn av motstand mot regima i dei to landa, og berre i mindre grad ei oppslutning om det religiøse grunnlaget til IS, sjølv om nokre nok også blir tiltrekte av det religiøse.

Utbreiing

Det faktiske området som kalifatet omfatta, varierte gjennom krigen. På det største i 2015 dekte det stordelen av det nordlege Syria frå Aleppo i nordvest med Eufrat-dalen sørover inn i Irak til Falluja rett vest for Bagdad, og Tigris frå Mosul i nord til Samarra i sør. Kalifatet blei erklært i Mosul, den langt største byen under IS sin kontroll, men Raqqa blei likevel rekna som hovudstaden. Andre større byar under IS-styre var Deir ez-Zour i Syria og Tikrit i Irak. Dette området hadde eit folketal på om lag åtte millionar.

Slik utgjorde IS-området langt det største området noka jihadistgruppe nokon gong har kontrollert. I tillegg tok IS i periodar kontroll over andre område langs ørkenkanten mot det sentrale Syria, med Palmyra som den mest kjende byen.

Utanfor kjerneområdet i Irak og Syria har fleire grupper erklært lydnad til kalifatet. Det er likevel uklart i kor stor grad det er kontakt mellom desse gruppene og hovudområdet. I hovudsak er det snakk om lokale radikale grupper som har kjempa på eiga hand og så vedteke å bruke «merkenamnet» til kalifatet. Dei fremste av desse gruppene er Boko Haram nordaust i Nigeria, Ansar Bayt al-Maqdis i Egypt, og to–tre grupper i Libya. Dei tok gjerne namnet wilayat, provinsar i kalifatet, til dømes «wilayatet Vest-Afrika», «wilayatet Sinai» og «wilayatet Aust-Libya». Dei fleste av desse blei etter tur nedkjempa av styresmaktene i sine respektive land. Dei mest standhaftige ser ut til å ha vore Boko Haram i Nigeria, som skal vere splitta i éin del som er pro IS, og éin meir lokalt sjølvstendig del.

Etter at kalifatet møtte sterk militær motstand frå 2015, har IS også støtta eller organisert større åtak over heile verda, og har òg inspirert lokale terroristar til å gjennomføre åtak i heimlanda sine. Dei mest dødelege angrepa har ramma land i Midtausten, Afrika og Asia. Men også vestlige land har vore råka av terrorangrep frå IS-affilierte personar. I 2015 vart til dømes 129 menneske drepne i fleire angrep i Paris, og i 2016 vart 86 menneske drepne i eit lastebilangrep i Nice. I 2016 vart 32 menneske drepne på Brussel flyplass i eit IS-koordinert angrep. I nokre tilfelle har angrep vore gjennomført av personar som hevdar at dei sympatiserte med IS, men som ikkje formelt er tilknytta gruppa.

Organisasjon

Lite er sikkert kjent om leiinga i IS. Den sentrale personen var kalifen, al-Baghdadi. Rundt seg hadde han ei leiargruppe på åtte–ti personar. Ifølgje rapportar var minst to av dei nærmaste medarbeidarane hans tidlegare offiserar i den irakiske hæren, og skal dermed ha gitt IS sin militære strategi eit profesjonelt preg. Etter at Baghdadi blei drepen, er ein ny leiar, Abu Ibrahim al-Hashimi al-Qurashi, utnemnd, men det er uklart om han har fått status som «kalif» etter at IS har mista territoriet dette kalifatet skulle omfatte.

Økonomisk skaffa IS seg inntekter ved utpressing, gisseltaking og andre kriminelle metodar. Særleg var svartebørshandel med olje frå Syria ei viktig inntektskjelde. Men dei arbeidde også med å utvikle ein meir normal økonomisk basis i desse områda, med handel og jordbruk. Dette gav IS høve til å tilby lokale stammar økonomiske insentiv til å slutte seg til statsdanninga deira. IS la òg vekt på å byggje infrastruktur: matforsyning, elektrisitet og vegar – i tillegg til sosiale tenester til innbyggjarane i områda dei rådde over.

Ein viktig grunn til at IS blei akseptert av mange lokale innbyggjarar i Syria, trass i hardstyret, var at dei skapte ro i eit område med borgarkrig. Dei praktiserte streng sharia, med forbod mot tobakk, alkohol og vestleg musikk, og med totalt kjønnsskilje i det offentlege rommet, reglar som var ukjende i det ganske sekulære Syria og Irak. Men mange føretrekte dette framfor lovløysa som rådde før dei. IS tillét òg formelt at kristne og andre minoritetar kunne bu i deira område dersom dei godtok ein underordna dhimmi-status, men i realiteten blei desse gruppene fordrivne frå kalifatet.

IS sitt kalifat var slik eit jihadistisk eksperiment, det første forsøket på å skape ein moderne stat etter mønster frå 600-talet. Dei var alltid omringa av fiendar og hadde ingen allierte i andre delar av verda, som til sist klarte å overvinne dei militært. IS er dermed langt på veg tilbake der dei starta, som del av al-Qaida, og det er uklart om dei vil fortsette med ein eigen profil eller bli ein del av det same internasjonale terrornettverket som al-Qaida har dominert. Dei underliggande årsakene til IS sin vekst i ulike land er oftast ikkje borte, og gruppa er fortsatt tilstades i Irak og ei rekke andre land.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cockburn, Patrick (2015): The Rise of Islamic State: ISIS and the New Sunni Revolution. Verso.
  • Filiu, Jean-Pierre (2015). From Deep State to Islamic State: The Arab Counter-Revolution and its Jihadi Legacy. Hurst.
  • Gerges, Fawaz A. (2016). ISIS: A History. Princeton.
  • Lister, Charles R. (2015). The Syrian Jihad: Al-Qaeda, The Islamic State and the Evolution of an Insurgency. London.
  • McCants, William (2015). The ISIS Apocalypse: The History, Strategy, and Doomsday Vision of the Islamic State. St. Martin's Press.
  • Napoleoni, Loretta (2014): The Islamist Phoenix: The Islamic State (ISIS) and the Redrawing of the Middle East. Seven Stories Press.
  • Stern, Jessica og J. M. Berger (2015): ISIS: The State of Terror. William Collins.
  • Weiss, Michael og Hassan Hassan (2015). ISIS: Inside the Army of Terror. Regan Arts.

Kommentarer (4)

skrev Tor Jakob Moe

Hei, jeg lurer på hvilke spesielle utfordringer IS møter på og hvordan er styresettet i landene Irak og Syria etter at IS har sine baser i disse landene.

skrev Dag Leraand

Hei: Styresett i Irak og Syria er omtalt i de respektive landartiklene i leksikonet. Det er ikke endret som følge av IS, selv om det har kommet under press, særlig i Irak. Der er motstanden mot det sjia-dominerte styret hardere presset av sunni-majoriteten i det nordlige Irak som følge av IS' framrykking, blant annet med støtte i sunni-befolkningen. I Syria er regimet presset fra mange hold, hvor IS er bare én av mange grupper som har gått til kamp. Spørsmålet om hvilke spesielle utfordringer IS møter er litt uklart. Men i hovedsak består den av den militære kampen ført av en internasjonal koalisjon, og manglende legitimitet blant befolkningen i de områdene den har tatt kontroll over. Dag Leraand

skrev Andreas Berger

God kveld. Først, takk for en grundig artikkel. 1) Jeg lurer litt på hva man definerer IS/ISIS/ISIL som. I artikkelen står det at de er en "i utgangspunktet irkaiks jihadistgruppe". Forøvrig i artikkelen pekes det på noen moenter hvor IS skiller seg fra andre "terrororganisasjoner", for eksempel på å hevde kontroll over landområder og bruk av effektiv propaganda, for ikke å snakke om at de gjennomfører "statsfunksjoner" som å tilby utdanning, kreve skatter, mm. Med bakgrunn i dette undrer jeg om vi i det hele tatt kan kalle IS en terrororganisasjon? Og hvis ikke, hva er de? Hvordan definerer vi terroristorganisasjon? Dette kunne jeg tenke meg en dskusjon/avklaring på. Og hvis man mener at IS er en terroristorganisasjon, hvor mye skal IS skille seg fra "tradisjonelle" terroristorganisasjoner før vi må vurdere å kalle det noe annet? 2) Jeg ser at det vises til utvalgt litteratur på slutten, for det meste bøker. Jeg synes artikkelen i seg selv er god, men kunne veldig gjerne ønske en referanseliste slik at det er mulig å referere direkte til primærkilder i stedet for artikkelen her. Jeg skriver oppgaver på engelsk, og da er det lite nyttig å referere til en norsk artikkel i leksikon. Har du tilgang til kildemateriale/liste som artikkelen bygger på? Litteraturen som nevnes er mest bøker, opptil flere år gamle, og jeg lurer på om du har tips til oppdatert litteratu (Journal articles mm) om emnet, som underbygger artikkelen? På forhånd takk for hjelpen. Mvh. Andreas Berger

svarte Dag Leraand

Takk for innspillet! Pkt 1: Det er vel vanskelig å definere IS som noe annet enn en terroristorganisasjon, all den tid den i så utstrakt grad bruker terror som middel – både i sitt kjerneområde og utenfor dette. Samtidig er den en jihadistgruppe så lenge den forfekter sin form for kamp for et islamsk styresett. Bruk av propaganda er ikke noe nytt for denne terroristgruppen; andre har så visst gjort det samme, men i mindre omfang, og mindre sofistikert. At den så selv kaller seg en stat betyr knapt at den er det; ei heller at den utøver visse myndighetsfunksjoner. Der den mest skiller seg ut fra andre terrorist-/jihadist-grupper er omfanget på, og den etter hvert forholdsvis avanserte organiseringen av, den militære virksomheten, som har gjort det mulig erobre og holde landområder. Pkt 2: SNL publiserer kvalitetssikrede artikler som i seg selv skal kunne oppgis som kilde. Derfor angis ikke direkte kildehenvisninger. Særlig for tema som har avstedkommet store mengder artikler blir det fort vanskelig å velge ut noen få, men jeg skal se om det kan inkluderes noen slike. Nja, bøkene som er oppgitt er jo ikke veldig gamle, og verdien av selv de første som ble skrevet om IS er at de går inn i bakgrunnen for og tilblivelsen til gruppen. Det er etter hvert kommet flere bøker enn de vi har inkludert. Vi må gjøre et balansert utvalg som like mye utgjør en anbefaling som rene kilder. Å finne akademiske artikler om IS, etter hvert som de nå blir publisert, skulle ikke være vanskelig.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg