Aasmund Olavsson Vinje var ein journalist og diktar som var banebrytande ved å gjere landsmålet (nynorsken) til eit levande bruksspråk i journalistikk, dikt og bøker fornya på den måten det norske språket. Fleire av tekstane hans er feira som høgdepunkt i den norske litteraturen.
Vinje voks opp i noverande Vinje kommune, på ein husmannsplass med namnet Plassen, gjekk på lærarseminar i Kviteseid for å bli omgangsskulelærar (fullført 1836) og i Asker for å bli fastskulelærar (fullført 1843). Seinare gjekk han ved «Heltbergs studentfabrikk» og studerte fram til juridisk embetseksamen (avlagt i 1856). Året etter blei han autorisert som overrettssakførar.
Vinje arbeidde som omgangsskulelærar i heimtraktene (1836–1841) og som borgarskulelærar i Mandal (1844–1848). I Kristiania arbeidde han som fullmektig for advokat J.C. Lous (1857–1859) og som kopist (ekstraskrivar) i Justisdepartementet (1865–1868). Frå 1846 skreiv han for aviser. Han var fast Kristiania-korrespondent for Drammens Tidende (1851–1859), og i 1858 starta han si eiga vekeavis, Dølen, som blei skriven på landsmål. Dølen kom ut med til saman 292 nummer, fordelt på åtte årgangar (1858–1870).
Vinje skreiv reiseskildringa Ferdaminni fraa Sumaren 1860 (1861), og han skreiv fleire dikt som seinare er blitt tonesette. Mange av dikta kom ut i Diktsamling (1864). Han gav også ut den episke diktsyklusen Storegut (1866, ny utgåve 1868). I tillegg forfatta han den engelske reiseboka A Norseman’s Views of Britain and the British (1863), og han samla prosastykke og dikt i utgivinga Blandkorn (1867).
«Vinjestoga», som er stova på husmannsplassen der Vinje voks opp, har sidan 1912 vore open for publikum. Frå 1984 til 2008 var det bilete av Vinje på 50-kronesetlane, og det var den første pengesetelen med den nynorske namneforma Noreg. Festivalen Vinjerock på Eidsbugarden i Jotunheimen, som starta i 2006, har teke namnet sitt etter Vinje. I 2018 blei 200-årsjubileet for Vinjes fødsel markert med arrangement over heile landet. I 2021 opna Vinje-senteret i Vinje.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.