lærarseminar

Artikkelstart

Lærarseminara var ein utdanningsinstitusjon som utdanna lærarar.

Skulelova av 1739 slo fast prinsippet om skulegang for alle, men det tok tid for utdanninga av lærarar fann si form. Etter lova om skulane på landet la ein opp til eit seminar per stift (fylke) for å utdanne omgangsskulelærarar, men dette var for lite. Det kom difor lokale seminar i tillegg, det første var seminaret i Kviteseid (1819–1899), der A. O. Vinje var elev. Blant stiftsseminara var det første i Trondenes ved Harstad (1826), det vart seinare flytt til Tromsø (1848).

Etter ny lov om allmugeskulen i 1860 vart det oppretta ei rekkje nye lærarseminar, mange av dei i bygdene. Desse seminara vart i siste del av 1800-talet prega av nasjonale grundtvigianske lærarar, og målsaka var ofte med. På stader som Stord, Voss, Balestrand, Volda, Kviteseid, Levanger og Elverum utvikla seminara seg til små målpolitiske bastionar.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg