Eidsbugarden
Frå Eidsbugarden.

Eidsbugarden er ein turiststad i Vang kommune i Innlandet fylke, ved vestenden av innsjøen Bygdin, i den sørlege delen av Jotunheimen. Staden har blant anna hotell, turisthytte (DNT-hytta Fondsbu) og hytteområde.

Det går rutebåt over Bygdin til fylkesveg 51 i Øystre Slidre og bilveg over Eidet mellom Bygdin og Tyin (fylkesveg 252) langs austsida av Tyin til fylkesveg 53 ved Tyin høgfjellshotell.

Frå Eidsbugarden går mange varda turistruter innover i Jotunheimen. Ved Eidsbugarden står Ståle Kyllingstads bautastein over diktaren A. O. Vinje, som skapte omgrepet Jotunheimen. Vinjestova ved Eidsbugarden vart reist av diktaren og venene hans i 1868. Ho inngår nå i eit lite høgfjellsmuseum. Kvart år i juli blir musikkfestivalen Vinjerock arrangert på Eidsbugarden.

Namnet er samansett av eid (Eidet mellom Bygdin og Tyin) og bu og gard; brukt av Vinje på eit «Pantebrev» i 1868.

Kart

Eidsbugarden
Eidsbugarden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg