I 1881 kom Johan Sverdrup med eit framlegg i Stortinget om å utnemne Ross til ekstraordinær professor ved universitetet. Den normale prosedyren var at universitetet sjølv tok initiativ i slike saker, og at regjeringa i budsjettproposisjonen gjorde framlegg overfor Stortinget. Men i tre tilfelle før dette hadde Stortinget sjølv foreslått å opprette og løyve pengar til professorat: i 1858 til matematikaren Ole Jacob Broch, i 1872 til matematikaren Sophus Lie og i 1874 til historikaren Ernst Sars. Alle desse blei aksepterte av universitetet, jamvel om professoratet til Sars var kontroversielt, først og fremst av politiske grunnar.
Kontroversielt blei også framlegget om å utnemne Ross. Saka representerer eit interessant tidsbilde og viser tydeleg at og på kva måte målsaka og fornorskingsstrevet var ideologisk rotfesta i samtida. Langt på veg gjekk det også partipolitikk i saka. Stortinget fatta først eit positivt vedtak med 83 mot 30 stemmer. Regjeringa sende så saka over til universitetet, der Det historisk-filosofiske fakultetet først behandla henne og der fleirtalet røysta for, med ni mot sju røyster. I Det akademiske kollegium derimot blei resultatet det motsette, tre røysta mot, to for.
Gjennom heile denne prosessen var stemmegjevinga delt mellom Høgre-folk og Venstre-folk, mellom dei som støtta målreisinga, som på dette tidspunktet tydeleg var i ferd med å utfordre det tradisjonelle skriftspråket i landet, og dei som ville halde på det gamle. Også forholdet mellom Stortinget og universitetet blei aktualisert i debatten. Somme av universitetsprofessorane ville ha seg fråbede denne forma for innblanding frå Stortinget si side.
Den endelege avgjerda skal Ross ha tatt tungt, men han heldt fram som statsstipendiat, og da han i 1886 fekk tilbod om eit professorat, også denne gongen etter initiativ frå Stortinget, takka han nei.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.