Halfdan Andreas Halvorsen var ein norsk språkmann.
Han vart student i 1867 og hadde tenkt å bli lærar, men kom til å ernære seg som stortingsstenograf. Han var ein ivrig målmann og arbeidde mykje for Det Norske Samlaget. Etter Vinjes død fullførte han omsetjinga av Bretland og Britarne (som Vinje opphavleg hadde skrive på engelsk og berre fekk omsett to tredelar av). Boka kom ut i 1873.
Frå 1883 til 1887 forvalta han utgjevinga av dei fire første binda av Vinjes Skrifter i Utval, i 1894 av Ivar Kleivens Segner fraa Vaagaa og 1898 av Edvard Storms Dølevisor, alle med innleiingar og noter. Han var òg ein svært verdfull hjelpar for Hans Ross i arbeidet med Norsk Ordbog (1895).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.