Henrik Krohn

Faktaboks

Henrik Krohn
Født
10. mai 1826, Bergen
Død
14. juni 1879

Artikkelstart

Henrik Krohn var ein norsk forfattar. Han vart leiar for målreisingaVestlandet, gav eit par år ut vekebladet Ferdamannen, stifta i 1868 Vestmannalaget og redigerte tidsskriftet til laget Fraa by og bygd (10 bind, 1870–1879).

Forutan nokre reiseskildringar gav han ut eit par episke diktingar, eit lystspel og ei samling Smaakvæde (1867). Det mest verdifulle i den dikteriske produksjonen hans er det lyriske diktet hans, som inneheld fin naturpoesi. Skrifter av H. K. vart gitt ut i 1909, med forord (biografi) av Kristofer Janson.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg