Faktaboks
- Uttale
-
'kvittsei
- Etymologi
-
norrønt Hvítiseið; fyrste leddet *Hvítir er truleg eit eldre namn på Kviteseidvatnet
- Landareal
- 623 km²
- Innbyggertall
- 2 452 (2022)
- Administrasjonssenter
- Kviteseid
- Fylke
- Vestfold og Telemark (tidlegare Telemark)
- Innbyggernavn
- kvitseiding, morgedøl
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 3821 (frå 01.01.2020, tidlegare 0829)
- Høyeste fjell
- Sveinsheii (1142 moh.)

Kommunevåpen


Kviteseid. Utsikt frå Sondre Nordheims heimstad på Øverbø. Morgedalstjønna i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.
Natur

Vassdraga er djupt nedskorne mellom bratte bergsider som gir store høgdeskilnader. Berggrunnen høyrer i heile kommunen til det sørnorske grunnfjellsområdet, for det meste kvartsitt, amfibolitt og gneis i nord, granitt i sør og aust. Det er meir avrunda fjellformer i granittområda, og i sørvest finn ein det høgaste fjellet, Sveinsheia (1141 meter over havet), på grensa mot Fyresdal.
Befolkning og busetnad
Frå 1875 til 1946 heldt folketalet seg stabilt på omkring 3 250 innbyggjarar. Deretter følgde ein nedgangsperiode fram mot 1970, då folketalet stabiliserte seg på omkring 2 950 innbyggjarar. Frå 1980-åra har folketalet igjen vist nedgang. Frå 2014 til 2023 gjekk folketalet tilbake med 1,7 prosent.
Tyngda av busetnaden ligg i og omkring tettstaden og administrasjonssenteret Kviteseid, dessutan i Vrådal og Morgedal.
Næringsliv
Jord- og skogbruk er viktige næringar. I 2013 utgjorde det samla jordbruksarealet i kommunen 10 890 dekar. Av dette vart 723 dekar nytta til bygg og 9 866 dekar til eng, slått og beite. Kviteseid har mykje brattlendt jord. Husdyrhald er viktigast, men i låglandet nær vatna blir det drive atskillig frukt- og bærdyrking. I 2015 utgjorde skogavvirkinga 31 630 kubikkmeter. Av dette var gran 24 866 kubikkmeter, furu 6 627 kubikkmeter og lauv 137 kubikkmeter. Forutan store skogeigedommar tilhøyrande Cappelen og Aall på Ulefoss er det mest gardsskog. Det meste av industrien har tilknyting til jord- og skogbruk.
Kviteseid er er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 75 gigawattimer per 2016. Det er fire kraftverk i kommunen, høgaste fallhøgde er 92 meter.
Kommunen har fleire hotell og gjestgivargardar; i det heile er reiseliv og turisme ei viktig næring i Kviteseid.
Samferdsel
Kviteseid var det naturlege senteret for Vest-Telemark frå gammal tid, då vassdraget var ferdselsvegen til Skien. E134 kryssar Kviteseid. Riksveg 41 frå Kristiansand går gjennom administrasjonssenteret og møter E134 på Brunkeberg. Fylkesveg 38 fører frå Eidstod ved riksveg 41 langs nordsida av Vråvatn til Åmot i Vinje. Fylkesveg 355 går frå Vråliosen til Fyresdal. Det er båtrute i Telemarksvassdraget (Skien–Dalen) om sommaren.
Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Kviteseid hører til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.
Kviteseid kommune svarer til dee fire sokna Brunkeberg, Fjågesund/Kilen, Kviteseid og Vrådal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-tallet hørte Kviteseid til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.
Grunnkretsar i Kviteseid

For statistiske formål er Kviteseid kommune (per 2016) inndelt i 17 grunnkretsar: Lislekaas, Straumsnes, Søndre Vråvatn, Sinnes, Tveitgrend, Lundevall, Dalane, Ytre Morgedal, Nordre Morgedal, Ordal, Brunkeberg, Kviteseid sentrum, Haukom, Åsgrend, Setfløt, Fjågesund og Kilen.
Historikk og kultur
Kviteseid gamle kyrkje ved Kviteseidvatnet er ei steinkyrkje frå tidleg mellomalder, i romansk stil, bygd cirka 1150. Ved kyrkja er Kviteseid bygdetun med gamle bygningar. Brunkeberg kyrkje, som er ei korskyrkje i tre og bygd i 1790, vart restaurert i 1939. Det er praktfull utsikt over bygda frå Kviteseid Hotell. I Morgedal, der den olympiske elden til vinterleikane i 1952, 1960 og 1994 vart tent, ligg Norsk Skieventyr, som er eit skihistorisk museum og opplevingssenter. Utstillingane på skimuseet er ei blanding av tekst, bilete, film og gjenstandar, og inneheld mellom anna Bjålandsmuseet (Olav Bjaaland). Norsk Skieventyr vart opna i 1993, og blir drive av Vest-Telemark Museum.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har eit svart låsskilt mot ein gull bakgrunn; det symboliserer bygdekunst og tradisjon. Motivet er henta frå Tveitloftet.
Kart

Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Loupedalen, Torjus: Kviteseid bygdesoge: ættesoga, 1956. Les boka på nb.no
- Register for Kviteseid bygdesoge, 1995. Les boka
- Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004, isbn 82-996108-3-4
- Skarprud, John: Kviteseid: heimbygdsoge til skulebruk, 1976-1977, 2 band. Band 1 Band 2
- Skaug, Tore: Den vesle Kviteseid-boka, 2001, isbn 82-995967-1-8
-
Kommunens plassering sentralt i tidligere Telemark fylke.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.