Bygdin

Faktaboks

Etymologi

av norrønt bugr, ‘bøying, krok, bukt’

Region
Innlandet
Kommune
Vang
Vassdrag

Glommavassdraget

Viktigste utløp
Vinstre
Areal
40 km2
Reguleringshøyde
1048-1057
Dybde
200
Magasinvolum
336 mill. m3
Bygdin

Bygdin med Eidsbugarden og Fondsbu i forgrunnen. Snøholtinden (Sjogholstind) ruvar i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon.

Av /NTB Scanpix ※.
Bygdin
Bygdin er ein smal og djup fjordsjø. Største djupn er 215 m. Biletet viser utsynet vestover sjøen frå austenden.

Bygdin er ein innsjø i den sørlege delen av Jotunheimen, i Vang kommune i Innlandet. Sjøen har eit areal på 40 kvadratkilometer og ei største djupn på 215 meter. Bygdin har avløp mot aust gjennom Vinstre (Vinstervatn) og elva Vinstra til Gudbrandsdalslågen. I austenden ved Valdresflyvegen (Fylkesveg 51) ligg det fleire hotell.

Bygdin er sommarstid trafikkert av motorbåten Bitihorn som går frå austenden via Torfinnsbu til Eidsbugarden ved vestenden. På nordsida reiser fleire toppar seg over 2000 meter over havet; på sørsida er fjella lågare, under 1600 meter over havet.

Bygdin vart regulert i 1936 (1048–1057 meter over havet). Reguleringa pregar strendene, særlig den austlege delen, der store sandmelar nå er synlege ved normal vasstand. Magasinet på 336 millioner kubikkmeter blir utnytta ved ti kraftstasjonar i Glomma- og Lågenvassdraget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg