Vikværsk er ei gruppe norske dialekter som blir brukt av folk frå Østfold, Vestfold og Grenland. Vikværsk er såleis den sørlegaste greina av austlandsk. Namnet vikværsk kjem av namnet Vika eller Viken, som i mellomalderen vart brukt om dette området.
Faktaboks
- Også kjent som
-
søraustlandsk, vikske mål
- Les meir om Viken – historisk landskap
Vikværsk har ein god del felles med midtaustlandske og opplandske dialekter. Ein del dialektologar vil derfor også rekna måla på Romerike, Ringerike og i Akershus som vikværske.
Likskapen mellom dei ulike vikværske dialektene viser at Oslofjorden har vore samlande, og sjøen har vore ei viktig ferdselsåre.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.