Norske dialektar er i stadig endring. Det er lett å visa til konkrete trekk i talemålet som blir borte, og nye særdrag som kjem til. Generelt kan ein seia at det i dag skjer ei utjamning av dialektskilnader. Årsakene til at dialektane endrar seg, er oftast å finna i den moderne samfunnsutviklinga.

Årsaker

Dialektar endrar seg når folk med ulike talemålsvariantar møtest. Dei påverkar ofte då kvarandre. Sosiale medium gjer at folk får kontakt med mange ulike dialektar og språkvariantar.

.

I Noreg har det etter andre verdskrigen skjedd store forandringar i busetjingsmønsteret. Folk flyttar mykje, og mange buset seg i byar og i tettbygde strok. Dette fører til at menneske med ulikt talemål blir buande i same området og påverkar kvarandre sosialt og språkleg.

TV, radio, internett, sosiale medium og mykje bruk av mobiltelefon gjer at folk får kontakt med mange ulike dialektar og språkvariantar.

Ein viktig faktor bak dialektendringane er også at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før.

I eit moderne samfunn prega av stor sosial mobilitet vil det koma fram nye sosiale mønster og grupper som språkbrukaren kan identifisera seg med – og tilpassa talemålet til. Viktig å nemna her er framveksten av isolerte ungdomsmiljø. I dagens norske samfunn utgjer ungdommane ofte eit sterkt gruppemiljø med sosiale bindingar seg imellom. I slike ungdomsgrupper vil språklege nydanningar og dialektendringar få grobotn, nokre gonger i form av språkvariantar me kallar slang.

Endringar

Ein viktig faktor bak dialektendringane er at mange born nå er ein større del av dagen i barnehage og skule, noko som gjer at foreldra ikkje blir så viktige språklege førebilete som dei var før.
Utviklinga av folkemengda i åra 1750–2005 og ein prognose for åra fram til 2050.

I Noreg buset fleire seg i tettbygde strok. Det fører til at menneske med ulikt talemål blir buande i same området og påverkar kvarandre sosialt og språkleg.

Dei største endringane i dagens norske dialektar finn me i sjølve ordtilfanget. Ord frå det gamle arbeidslivet, til dømes frå jordbruk og tradisjonell industri, blir borte. Nye ord kjem inn, og oftast dekkjer dei nye orda namn på nye ting og omgrep: harddisk, sørvar (data), ipad, display, bagel, sushi, å nave, chille, selfie, å tæppe (bruka kortet utan å slå koden) og så bortetter. Det hender at nye ord har teke over for gamle som var i bruk: å jobbe for å arbeida, ein låt for ein song, å mobbe for å plaga, ein bag for ei veske, boots for støvlettar, ein donut for ein smultring, kids for ungar. Mange fleire døme finst.

Ein del av dialektane i Noreg inneheld språktrekk som er nedarva frå det gammalnorske språket. Slike eldre trekk blir i dag lett borte. Det gjeld blant anna bruken av kasusen dativ. Eldre folk på Hedmarken seier til dømes «vægen er lang» (vanleg subjektsform), men «je jikk på væga» (med dativform), medan dei unge seier «je jikk på vægen» (utan dativ).

I somme dialektar skiftar verbet form ettersom subjektet er eit ord i eintal eller fleirtal. I Øvre Setesdal heiter det såleis «eg stende (eg står), eintal, men «mi stande» (me står), fleirtal. Dette skiftet i verbform frå eintal til fleirtal blir i dag ofte borte hos dei unge i bygda.

Generelt er det også slik at meir «spesielle» dialekttrekk er på vikande front. I Solør heiter det i den tradisjonelle dialekten stigge dir (stygge dyr). Mange unge har lagt bort dette særtrekket med manglande y‑lyd og seier nå stygge dyr.

På indre Agder heiter det «adde gjekk ned i kjeddaren». Uttalen med dd i slike ord er i dag på veg ut. Dei unge seier som oftast «alle gjekk ned i kjellaren». Uttalen kodn og kvedn blir hos ungdommar på Sørvestlandet til korn og kvern. På Skagerrakkysten, frå Arendal til Kristiansand, legg mange ungdommar bort dei «blaude» konsonantane. Foreldra seier «æ skal kjøbe ei kage», men hos dei fleste unge heiter det «æ skal kjøpe ei kake». Mange andre dialektsærtrekk som blir borte, kunne vore nemnde.

Omstridde endringar

Konkrete endringar i dialektane skjer gjerne utan at språkbrukarane er medvitne om endringane. Likevel er det enkelte fenomen som får mykje omtale, slik som samanfall av kje- og sje-lyden og skarre-r-en.

Samanfall av kje- og sje-lyden

Mange unge skil ikkje mellom å kjenne og å skjenne, dei seier å skjenne for begge orda. Orda kylling og skylling blir begge til sjylling.

Andre eksempel på ordpar som vil få likelydande uttale hos dei som har dette samanfallet i talemålet sitt: ein sjekkkjekk, ein skjede – eit kjede, å skjærekjære, eit skjell – Kjell, ein skyss – eit kyss, eit skinn – eit kinn, å skjele – ein kjele, den sjette – ei kjette og anna. Ennå er me i startfasen av denne lydendringa, der sje-lyden overtek for kje-lyden, og ingen veit om samanfallet ein gong i framtida vil vera gjennomført i alt norsk talemål, eller om utviklinga vil stoppa opp.

Om kje- og sje-lyden fell saman i alle ord der desse lydane finst, vil det likevel berre føra til at om lag 20 ordpar blir likelydande. Det blir difor sjeldan snakk om mistydingar ved at to ord nå får same uttalen, fordi samanhengen ordet står i, mest alltid vil fortelja oss kva for eit ord det er tale om.

Utbreiinga av skarre-r

Skarre-r hos eldre og yngre
Kartet viser korleis bruk av skarre-r har utvida råderommet sitt dei siste 60-70 åra. Mørk grønfarge viser bruk av skarre-r hos informantar fødde ca. 1900. Mørk grønfarge pluss lysare grønfarge viser bruk av skarre-r hos informantar fødde ca. 1970. Kartet byggjer på ei gransking utført av Arne Kjell Foldvik 1988.
Skarre-r hos eldre og yngre
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Eit anna språktrekk som grip om seg, er skarre- r -en. Skarre-r er ein såkalla «bakre-r» og blir uttalt ved at den bakre delen av tunga er nær eller i kontakt med den bakre delen av munntaket (den mjuke ganen eller drøvelen). Denne r-en høyrer i Noreg heime på Sørlandet og på sørlege delar av Vestlandet.

Ein reknar med at skarre-r-en opphavleg oppstod i Paris på 1600-talet, og at lyden seinare spreidde seg til Sentral- og Nord-Europa, og kom til Bergen og Kristiansand omkring 1800. Deretter breidde denne uttalen seg til andre byar på Sør- og Vestlandet. Ekspansjonen av skarre-r-en held fram i dag. Lyden er nå vanleg hjå yngre folk i eit meir eller mindre samanhangande sørleg og sørvestleg belte frå Risør og vest- og nordover til områda nord for Bergen. I dag kan ein så langt nord som til Florø høyra bruk av skarre-r hos ein del av dei unge som veks opp her. På Agder breier skarre-r seg oppover dalane, og i indre strok her er det ikkje uvanleg å høyra at foreldregenerasjonen rullar på r-en, medan borna skarrar.

Det er minst to grunnar til at skarre-r i tek over for den tidlegare rulle-r-en i desse områda. Ein grunn er at det reint artikulatorisk er lettare å få til (og å læra) skarre-r-en enn r som rullar framme på tunga. Den viktigaste grunnen ligg nok likevel i den påverknadskrafta som finst i by- og sentrumsmåla på Agder og på Sør-Vestlandet, og som har hatt denne r-en i nær på to hundre år.

Blir dialektane borte?

Den generelle utviklinga i dialektane, som er kjenneteikna av utjamning av særdrag, vil venteleg halda fram. Rapportar frå mange bygdesamfunn og frå fleire byar synest å visa at mange dialektsærmerke blir borte hjå dei unge. Det er vanskeleg å veta om desse ungdommane som har gjeve opp ein del dialektsærdrag, seinare i livet vil endra språket sitt tilbake i ei meir i tradisjonell lei – mot den lokale dialekten dei var oppvaksne med. Framleis veit forskarane såleis ikkje alt om kor raskt talemålet i bygd og by endrar seg, men at endringane fleire stader er ganske store, er det ikkje tvil om.

I dei første etterkrigsåra var det fleire som spådde ein rask undergang for dialektane ved inngangen til det moderne samfunnet. Men særdraga i talemålet har synt seg å vera nokså seigliva, og den kjende talemålsforskaren Helge Sandøy har hevda at talemålsutviklinga nok er mykje meir uavhengig av påverknad frå bokmålet og språket i massemedia enn mange tidlegare har trudd. Viktigare påverknadsfaktorar på talemålet enn skriftspråket og massemedia er nok det språket ein møter i den sosiale gruppa ein ferdast i.

I dagens moderne samfunn legg ein merke til ein tendens hos mange unge til medvite å halda på sin dialekt, som ofte er den dialekten dei er oppvaksne med. Dei grunngjev då dialektbruken sin med at dialekten er ein viktig del av den personlege identiteten deira.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. 2012, side 123-146.
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg. Oslo: Novus forlag. 1991, side 230-267.
  • Sandøy, Helge: Utviklingslinjer i moderne norske dialektar. Trykt i: Folkemålsstudier 39. Medelanden från Foreningen för nordisk filologi. Helsingfors. 2000, side 345-384.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, 2005, side 139-148.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010, side 77-127.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg