Sterk bøying er i norsk grammatikk ein særskild bøyingsmåte ved verb, substantiv og adjektiv. Denne bøyingsmåten står i motsetnad til svak bøying.

Det karakteristiske ved sterk bøying – i norsk – er at endingane (suffiksa) i mindre grad inneheld ein vokal enn ved svak bøying.

Verb

Dersom preteritumsforma av eit verb ikkje har eit suffiks som inneheld ein vokal, har dette verbet sterk bøying. Sterke verb har ofte vokalveksling.

  • Eksempel: skreiv, braut, held-t.

Dersom ei preteritumsform av eit verb har eit suffiks som inneheld ein vokal, har dette verbet svak bøying.

  • Eksempel: prøv-de, nå-dde, kast-a.

Substantiv

Dersom ubunden (ubestemt) eintal av eit substantiv ikkje har eit suffiks, har dette substantivet sterk bøying.

  • Eksempel: ku, gut, hus, idé, villa

Dersom ubunden (ubestemt) eintal av eit substantiv har eit suffiks som endar med ein vokal, har dette substantivet svak bøying.

  • Eksempel: jent-e, end-e, epl-e, aug-a/aug-e

Adjektiv

Ubundne (ubestemte) former av adjektivet har sterk bøying. Då manglar ofte adjektivet eit suffiks som inneheld ein vokal.

  • Eksempel: ei flink jente, ein flink gut, eit flink-t barn, flink-e barn, ein lit-en gut, små(-e) jenter

Bundne (bestemte) former av eit adjektiv har svak bøying, og har som regel suffikset -e.

  • Eksempel: det stor-e huset, den vesl-e jenta, dei fin-e båtane

Bøyingsklasse og bøyingsform

Sterke verb og sterke substantiv er bøyingsklassar (konjugasjonar og deklinasjonar). Til dømes er alle bøyingsformene av verbet bite eller av substantivet hund sterke.

Eit adjektiv har derimot både sterke og svake bøyingsformer, med tydingsskilnad: Sterke bøyingsformer av eit adjektiv er ubundne (ubestemte), medan svake bøyingsformer er bundne (bestemte).

Bakgrunnen for klassifiseringa og terminoligien

Den første som klassifiserte verb i to overordna bøyingsklassar som svarer til sterke og svake verb, var den danske språkforskaren Rasmus Kristian Rask (1787–1832), som i Vejledning til det Islandske eller gamle Nordiske Sprog (1811) skriv (s. 111; noko forkorta):

  • Islandsken, saavelsom næsten alle de andre nordiske og tyske Sprog, har tvende Forandringsmaader til Gjerningsordene. Den første af disse Konjugationer endes i 3. Person Imperf. paa -di eller -ti, f. Eks. baka bage, bakadi; brenna brænde, brenndi; den anden gjør Imperf. til Enstavelsesord, som almindelig endes paa den Medlyd, der stod foran a i Infinitivet, og som tillige gjerne forandrer Selvlyden i den første Stavelse, f. Eks. taka tage, tók; renna rinde, rann.

Tidlegare hadde det vore vanleg å rekne verb som baka og brenna som regelrette og verb som taka og renna som urgelrette, medan Rask la vekt på at begge klassar var regelrette.

Bruken av sjølve nemningane sterk og svak i beskrivinga av bøyingssystem skriv seg frå den tyske grammatikaren Jacob Grimm (1785–1863) i verket Deutsche grammatik (1822), der han samanliknar grammatikk over germanske språk, og brukar nemningane stark 'sterk' og schwach 'svak' i klassifikasjonen av både substantiviske, adjektiviske og verbale bøyingsklassar. Bruken av stark og schwach er metaforisk. Han skriv (i ein fotnote på s. 1040) at kriteria for bruken av stark og schwach ved ulike ordklassar ikkje er heilt like, men at ein likevel kan gjere nokre generaliseringar: «Det er innlysande at i deklinasjon som i konjugasjon er den sterke forma eldst, sterkast, inst; den svake er seinare, meir hemma og meir ytre.»

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg