Dialektane i Østfold høyrer til det store austnorske målområdet som femner om heile Austlandet og heile Trøndelag. Dette store dialektområdet kan delast inn i mindre grupper. Heilt i sør finn ein det området som blir kalla vikværsk etter det gamle Viken, området ikring Oslofjorden (gammalnorsk Vík og Víkin i bestemt form). Til vikværsk høyrer dialektane i Østfold, Vestfold, nedre Telemark, nedre Buskerud og dei søraustlege bygdene av Aust-Agder.
- Les mer om dialekter i Norge
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.