Skjåk

Faktaboks

Landareal
1 967 km²
Innbyggertall
2 204
Administrasjonssenter
Bismo
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggernavn
skjåkvær
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3433 (frå 01.01.2020, tidlegare 0513)
Høyeste fjell
Nørdre Hestbreapiggen (2172 moh.)

Kommunevåpen

Skjåk. Utsikt mot Ottaelva og Skjåk-bygda. Til høyre i bakgrunnen sees Bisberget og til venstre Tverrfjellet. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Artikkelstart

Skjåk er ein kommune i Innlandet fylke, i Ottadalen lengst nordvest i fylket, grensar til Lesja og Lom i nordaust og søraust, til Møre og Romsdal i nordvest og Vestland i sørvest. Kommunen omfattar den øvste delen av Ottadalen frå Ottavatnet og vel 80 kilometer oppover til vasskiljet mot Geiranger.

Natur

Hovuddalen er vid og open, sidedalane er tronge og bratte. Resten av kommunen er store fjellvidder med fleire toppar over 2000 meter over havet (høgast Storivilen (Lomseggje), 2068 meter over havet, og Hestbrepiggane, 2172 meter over havet, begge på eller nær grensa mot Lom). Berggrunnen består mest av eldgamle gneisar.

Befolkning og busetnad

Skjåk er ein jordbrukskommune, med hovudvekt på storfehald og svineavl.

Busetnaden er for det meste samla i hovuddalen med tettstaden og administrasjonssenteret Bismo. Folketalet har gått attende sidan 1980-talet. I tiårsperioden 2009 til 2019 minka folketalet med 4,5 prosent.

Næringsliv

Grisen trivst i Skjåk.

Skjåk er ein typisk jordbrukskommune, med eit visst næringsgrunnlag også i turisttrafikken. Ottadalen ligg i regnskuggen, og Skjåk er den nedbørfattigaste av alle norske bygder. Jordbruket er derfor avhengig av vatning. Tidlegare vart vannet leia frå fjellbekkane i trerenner, nå nyttar ein rørleidningar og spreiarar. Bygda har stort storfehald og ein framskoten posisjon innan svineavl. Mye av skogen er eigd av bygdeallmenningen, og denne har eit stort sagbruk på Bismo. Største industribedrift er filterprodusenten Interfil. Glasopor produserer isolasjonsmateriale av resirkulert glas.

Skjåk er den nest største kraftkommunen i Innlandet, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 794 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er tre kraftverk i kommunen: Øyberget kraftverk (i drift frå 2005), Framruste kraftverk (2005) og Skjåk I kraftverk (1965). Av vassdraga er Aura (frå Aursjøen nord for Ottadalen) tørrlagt og overført til Skjåk. Rauddalsvatnet er demt opp 32 meter i samband med Otta-reguleringa.

Samferdsel

Det meste av kommunens fjellområde er verna som nasjonalpark. Frå Storvatnet på grensa mot Lesja, Reinheimen nasjonalpark.

Den einaste gjennomgåande vegen er heilårsvegen til Nordfjord (riksveg 15). Den gamle riksvegen over Strynefjellet (fylkesveg 285) tek av frå riksveg 15 ved Grotli. Det er stor turisttrafikk langs begge desse vegane, og det er fleire turistanlegg her, blant anna den gamle fjellstua Grotli.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bismo har idretts- og symjehall og utandørs friidrettsbane, samt ungdomsskule.

Skjåk hører til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Lom, Sel og Vågå.

Skjåk kommune svarar til dei to sokna Nordberg og Skjåk i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet hørte Skjåk til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Skjåk

Nordberg er den øvste delen av hovuddalen. Lenger inn deler dalen seg, med sidedalen Ostridalen som den viktigaste.

For statistiske formål er Skjåk kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til saman 19 grunnkrinsar:

  • Skjåk: Geilo, Øygard, Marlo, Ånstad, Lund og Dalan, Holemork, Bismo, Lundadalen
  • Nordberg: Bruheim, Langleite, Lindsheim, Åmot, Bråtå, Øyberg, Jøingsli, Tundradalen, Sota, Grotli, Aursjoen

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har eit firblad i sølv mot ein blå bakgrunn. Det illuderer akantusranken som er mye brukt i treskjering.

Namnet kjem av norrønt skeidakr, første lekken visstnok skeið, ‘bane til kappløp eller kappriding’, sjå den eldre namneforma Skiaker, siste lekk aker, ‘åker’.

Kart

Les meir i Store norske leksikon

Frå Lundadalen.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eide, Hans Jakob: Ottadalen : befolkning, næringsliv og samferdsel, 1958, Finn boka
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1994-, 3 b., isbn 82-993371-0-0, Les bøkene
  • Kleiven, Ivar: Lom og Skjaak: gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1915, isbn 82-03-05951-1, Les boka
  • Ættebok for Skjåk, 1946–69, 2 b., Les bøkene

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg