Gjendevannet, Vågå kommune.
Gjendevannet, Vågå kommune. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Vågå

Faktaboks

Landareal
1 252 km²
Innbyggertall
3 591 (2022)
Administrasjonssenter
Vågåmo
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggernavn
vagvær
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3435 (frå 01.01.2020, tidlegare 0515)
Høyeste fjell
Surtningssue (2368 moh.)

Kommunevåpen

Vågå.

Vågå. Administrasjonssenteret Vågåmo med Ottaelva. Utsikt austover. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vågå kyrkje, stavkyrkje frå 1100-talet.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Vågå er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Gudbrandsdal, omkring Ottas nedre dalføre, mellom Sel og Lom. I sør høyrer den øvre delen av Sjodalen til Vågå.

I 1908 vart Heidal og Sel skilde ut som eigne kommunar. I 1965 vart eit mindre område overført til Sel.

Vågå kommune

Natur

Besseggen

Vågå kommune omfattar den austre delen av Jotunheimen. Besseggen dannar skiljet mellom Bessvatnet (til høgre) og Gjende.

Av /NTB Scanpix ※.
Gjende

Gjende med DNT si hytte Gjendesheim i forgrunnen. Rett overfor Gjendesheim står bua til Jo Gjende.

Av /KF-arkiv ※.

Store delar av Jotunheimen høyrer til Vågå, som er ei typisk fjellbygd med meir enn tre firedelar av arealet høgare enn 900 meter over havet. På nordsida av elva Otta går fjella opp i 1500–1600 meter over havet på grensa mot Dovre og Lesja, i Jotunheimen er fleire toppar over 2000 meter over havet, høgast er Surtningssue (2368 meter over havet) på nordsida av Gjende og Store Knutsholstinden (2341 meter over havet) på sørsida av Gjende. Surtningssue er den sjuande høgaste toppen i Noreg, mens Knutsholstinden ligg på 13. plass. Den austlege delen av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Vågå. Berggrunnen høyrer i hovudsak til Jotunheimens skyvedekke, men i hovuddalen, og i Sjodalen er det fyllitt frå dei underliggande kambrosiluriske avsetningane.

Bergfrue (lokalt namn vianvang) er kommuneblom for Vågå kommune. Han trivst i store delar av kommunen, og veks opp til 1500 meter over havet.

Befolkning og busetnad

Det aller meste av busetnaden finst i hovuddalen, med tettstaden og administrasjonssenteret Vågåmo og den mindre tettstaden Lalm. Folketalet i kommunen heldt seg stabilt frå 1945 og fram til 1980-åra; deretter er folketallet gått noko attende. I tiårsbolken 2014-2023 gjekk folketalet tilbake med 4,2 prosent, mot ein auke på 1,9 prosent i heile fylket.

Næringsliv

Vågå er ein god jordbrukskommune. Gardane går opp i 800 meter over havet på den fruktbare jorda som er danna av fyllitten. Seterfjellet er framleis ein viktig produksjonsfaktor. Hovudprodukta i jordbruket er mjølk og kjøtt. Nedbøren er så låg nede i dalen at mange bruk er avhengige av vatning, noko som har lang tradisjon i Ottadalen. Industrien i Vågå baserer seg i hovudsak på lokale råstoff; sagbruk og høvleri, møbel- og verkstadindustri.

Vågå er ein relativt liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 295 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 311 meter. Fire av kraftverka ligg i Tessa, ei bielv til Otta.

Samferdsel

Riksveg 15 (Otta–Måløy) følgjer hovuddalen og går på sørsida av Vågåvatnet. Frå denne tek ved Tessand riksveg 51 av sørover til Fagernes gjennom Sjodalen og over Valdresflye. I fjellet er det fleire vegar. Det går blant anna veg opp til den tidlegare TV/FM-sendaren på Blåhøe (1617 meter over havet) nordaust for Vågåmo og frå Randsverk opp Veodalen til Glitterheim turisthytte.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vågå høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Lom, Sel og Skjåk.

Vågå kommune svarar til soknet Vågå i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme).

Etter deling av Gudbrandsdalens fogderi i 1860 høyrde Vågå til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Christians Amt til 1909.

Delområde og grunnkrinsar i Vågå

For statistiske formål er Vågå kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til saman 15 grunnkrinsar:

  • Vågåmo og omegn: Sjodalen, Synstlia/Randsverk, Tessand, Vistekleiven-Skottli, Nordherad, Skårvangen/Skogbygda, Vågåmo, Finntryu, Sveaholen
  • Lalm og omegn: Holongsøy/Rusten, Lalm Solside, Lalm tettsted-Ottadalen Solside, Sjårdalen, Lalm Bakside, Ottadalen Bakside

Historikk og kultur

Vågå kyrkje er opphavleg ei stavkyrkje oppført på 1100-talet, ombygd 1625–1630. Friluftsmuseet Jutulheimen syner handverk, reiskapar, treskjering og har Jo Gjende-utstilling. Turismen har fått ei stadig aukande betydning for Vågå. Både nede i dalen og i fjellet er det fleire turistverksemder, blant anna har Den Norske Turistforening fleire kjende hytter på fjellet. Knut Hamsuns fødestad er rekna å vere Skultbakken i Vågå. Ein statue av forfattaren laga av bilethoggaren Skule Waksvik blei reist på staden i 2009. Riksanlegg for hang- og paragliding ligg ved Vågåmo.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har på raud bakgrunn eit springande reinsdyr i gull på skrå oppover. Dette symboliserer Peer Gynt sitt bukkeritt over Gjendineggen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel, 2001-2009, 4 bind.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg