Faktaboks

Etymologi

etter elva Folla

Administrasjonssenter
Folldal
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
Innbyggjartal
1 530 (2022)
Landareal
1 260 km²
Høgaste fjell
Rondslottet (2178 moh.)
Innbyggjarnamn
folldøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
3429 (frå 01.01.2020, tidlegare 0439)

Kommunevåpen

Grimsdalen september
Frå Grimsdalen.
Grimsdalen september
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Folldal er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta ved at Folldal sokn vart skilt ut frå Alvdal i 1914. Folldal er ei fjellbygd som omfattar den øvre delen av Folldalen med sidedalar, vest for Alvdal og Tynset. I nordvest grensar kommunen til Trøndelag (Oppdal), i sørvest til Dovre og Sel. Denne grensa går gjennom den nordaustlege delen av Rondane, og har vore omdiskutert. Ho vart fastlagd siste gong ved kongeleg resolusjon i 1978.

Natur

Folldal

Folldal. Krokhaug i Folldalen. Rondane i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Folldal
Grimsbu og Grimsmoen ein novemberdag. Rondane i bakgrunnen.

Berggrunnen i den sørvestlege delen (Rondane) består av sparagmitt frå eokambrium, medan der er fyllitt og jamnare fjellvidder nord for Grimsdalen. Fyllitten er somme stader gjennomtrengd av gabbro og granitt, som i nord dannar toppar som Høg-Gia (1641 meter over havet).

I dalsidene finst mektige sandavsetningar (som Grimsmoen) som vart avsette på botnen av ein bredemd sjø. I Rondane, på grensa til Dovre, ligg den høgaste toppen i kommunen, Rondslottet (2178 meter over havet), som også er det høgaste fjellet i tidlegare Hedmark fylke. I Folldals del av Rondane finst der sju toppar til som er høgare enn 2000 meter.

Befolkning og busetjing

Folldal blei busett i første halvdel av 1600-talet, men først då gruvedrifta begynte i 1748, blei det busetnad av betydning. Omkring gruvene til Folldal Verk, i lia på nordsida av Folla, voks tettstaden Folldal fram. Det meste av busetnaden i dag ligg i Nybyen, på det noko flatare partiet ned mot Folla og fylkesveg 29.

Folldal er administrasjonssenteret i kommunen og den einaste tettstaden. Hovuddalen elles har den mest vesentlege busetjinga i dag. Resten av busetjinga er til dels svært spreidd, og har grunnlag i jordbruket. Folketalet i Folldal har vore i tilbakegang sidan 1970-åra. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 4,1 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile Innlandet.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Folldal (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Folldal Verk var den klart viktigaste arbeidsplassen i Folldal fram til 1993, då drifta stansa. I perioden 1970–1993 skjedde gruvedrifta på Hjerkinn i nabokommunen Dovre. Driftsbygningane frå gruvedrifta er delvis flytta frå Hjerkinn til Folldal. Desse blir nytta for ny industriverksemd med mellom anna Norfolier GreenTec AS, som driv gjenvinning av landbruksplast. I Folldal sentrum ligg næringsmiddelbedrifta Primar AS, som mellom anna produserer bakalao.

Jordbruksarealet er i hovudsak eng og beite, og hovudinntekta kjem frå husdyrhald. Rike fjellbeite og gode seterbilvegar gjer at seterbruket framleis er av betydning. 13 prosent av sysselsetjinga i kommunen er innan jord- og skogbruk, 11 prosent i industrien (2021). Turistnæringa betyr etter kvart mykje, med turiststasjonar, gjesteheimar og liknande som utgangspunkt for fjellturar i Rondane og Dovrefjell.

Folldal har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Einunna (i drift fra 1955), med ein årleg produksjon på 56,5 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Østerdalen Kraftproduksjon.

Samferdsel

Kart: Folldal kommune i Innlandet

Folldal kommune i Innlandet fylke.

Kart: Folldal kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Fylkesveg 29 går gjennom hovuddalen frå Alvdal til Hjerkinn. Frå administrasjonssenteret Folldal og sørover gjennom Nord-Atnedal går fylkesveg 27 til Atna og vidare over Venabygdsfjellet frå Enden til Ringebu.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Folldal høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Os, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.

Folldal kommune svarer til dei to sokna Folldal og Øvre Folldal i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Folldal til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

Delområde og grunnkrinsar i Folldal

Folldal Verk
Skråsjakttårnet og dei andre driftsbygningane til Folldal Verk er freda som kulturminne.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

For statistiske føremål er Folldal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Ryeng, Grimsbu, Brandsnes, Atnedal, Søndre Kirkekrets, Nordre Kirkekrets, Morkagrenda, Verket, Husom, Dalen østre, Dalen vestre, Slåen, Folldal Østfjell nord, Folldal Østfjell sør og Folldal sentrum.

Historikk og kultur

Folldal Bygdetun ligg ved Streitlien og er eit friluftsmuseum med dekorerte bygningar frå Folldal og Dovre, samla av Tore Segelcke og Anton Raabe. Folldal Gruver er no eit bergverksmuseum om Folldal Verks gamle verksemd frå 1748 med gjenstandar og utstyr. Folldal kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1882 i nygotisk stil.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet blei godkjent i 1988 og har ei skrått framveksande hakke av gull mot raud bakgrunn. Motivet symboliserer jordbruk og gruvedrift.

Kart

Kart over Folldal kommune
Kart over Folldal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Streitlien, Ivar A.: Bygdebok for Folldal, 1974–98, 4 bind. (bind 4: Folldal verks historie, red. av Bjørn Bækkelund og S.J. Kalvatn). Les boka på nb.no
  • Støen, Vidar: Utvandrerhistorie for Folldal: håpet om ei bedre framtid, 2002.
  • Sæter, Ivar: Foldalen, 1920. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg