Otta, Sel kommune.
Otta, Sel kommune. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Sel

Faktaboks

Etymologi

av norrønt sil, stilleflytande vatn i elv eller bekk.

Landareal
888 km²
Innbyggertall
5531 (2022)
Administrasjonssenter
Otta
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggernavn
selvær
Målform
nøytral
Kommunenummer
3437 (frå 01.01.2020, tidlegare 0517)
Høyeste fjell
Storronden (2138 moh.)
Kommunevåpen
Sel

Sel. Utsikt mot øvre del av Selsmyrene og tettstaden Nord-Sel. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Sel
Av /KF-arkiv ※.
Heidal

Heidal har mange store gardsanlegg med freda bygningar. Her ser ein Kruke i Øvre Heidal med fleire freda hus, som ligg på ein terrasse i landskapet. Terrassen består av finstoffrikt morenemateriale avsett av dalbrear ved byrjinga av siste istid, som seinare har fått si form ved breerosjon.

Av /KF-arkiv ※.
Kommunesenteret Otta er regionsenter for Nord-Gudbrandsdal.

Artikkelstart

Sel er ein kommune i Innlandet fylke, i Nord-Gudbrandsdal. Kommunen omfattar hovuddalen frå Sjoa til 20 kilometer nord for Otta, på vestsida dessutan nedre delar av sideelvene Sjoa og Ottas dalføre. På austsida når Sel inn i den vestlege delen av Rondane.

Kommunen vart oppretta i 1908, då han vart skild ut frå Vågå kommune. I 1965 vart kommunen slått saman med Heidal og med mindre delar av Vågå og Nord-Fron til ein ny kommune som òg fekk namnet Sel. Administrasjonssenteret Otta har hatt bystatus sidan 2000.

Natur

Fjellvidda ligg jamt over på 1000 meter over havet, i Rondane når toppane over 2000 meter over havet (Storronden 2138 meter over havet). I den sørlege delen, frå Ottadalen og over mot Heidal, er berggrunnen fyllitt, elles hard, lys sparagmitt. Sør for Otta er det skifer- og klebersteinsbrot i fyllitten. Ein del av Rondane nasjonalpark ligg i Sel. I Uladalen står dei særmerkte jordpyramidane Kvitskriuprestinn. Ved Ula sitt utløp i Lågen ligg Selsmyrene.

Befolkning og busetjing

53 prosent av innbyggjarane bur i dei fire tettstadene, administrasjonssenteret Otta og Sandbumoen i hovuddalføret, Dale i Ottadalen og Bjølstad i Heidal. Sidan 1980-åra er folketalet gått tilbake; i tiårsbolken 2013–2022 minka folketalet med 7,1 prosent.

Næringsliv

Ottaskifer

Bryting av skifer (ottaskifer) er ei gammal næring i Sel. Framleis blir brote skifer i eit visst omfang i fjellet omkring Otta.

Ottaskifer

Sel er tradisjonelt ein jord- og skogbrukskommune, med gammal turisttrafikk. Bryting og foredling av kleberstein og skifer er ei gammal næring som framleis er i drift, mellom anna gjennom produksjon av prydgjenstandar. Jordbruket blir drive med vekt på fôrproduksjon og husdyrhald, og det er framleis vanleg med seterdrift. Industrien i Sel er dominert av tre sektorar– trevareindustri, mellom anna produksjon av vindauge (35 prosent av dei sysselsette i industrien i 2018), steinindustri (27 prosent) og næringsmiddelindustri (33 prosent).

Samferdsel

Viktige trafikkårer går gjennom Sel. Langs Lågen går Dovrebanen og E6, og frå Otta går heilårsvegen riksveg 15 over til Nordfjord. Frå Sjoa stasjon går fylkesveg 257 nordvestover gjennom Heidal til Randsverk i Vågå.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Otta er sentrum for Nord-Gudbrandsdal og har blant anna fleire regionale kontor og vidaregåande skule.

Sel høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Lom, Skjåk og Vågå.

Sel kommune svarer til dei tre sokna Heidal, Nord-Sel og Sel i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sel til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sel

For statistiske formål er Sel kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 33 grunnkrinsar:

  • Sel: Ula, Formo, Høvringen, Strand, Laurgard, Rustdalen, Tolstadåsen, Rondane, Selsverket
  • Otta: Loftsgård, Kleivmellom, Ottekren, Mostugu, Bekken, Kringen, Rusten, Hjellum, Selsjord, Solhjem, Dahle, Aasaaren, Veggum
  • Heidal: Sandbu, Varphaugen, Sjoa, Faukstad, Nerdalen, Bjølstadmo, Øverdalen, Sjolia, Skogbygda, Leirflata, Murudalen

Historikk og kultur

Kommunen har stor turisttrafikk, både gjennomgangstrafikk og meir fast besøkande, særleg på anlegga i ytterkanten av Rondane ved dei store setergrendene Høvringen og Mysuseter. Ved Kringen sør for Otta står Sinclairstøtta til minne om skottetoget i 1612. Kommunen har mange freda gamle gardsanlegg, særleg i Heidal. På Nord-Sel ligg også fleire freda gardstun, mellom anna Romundgard og Laurgard, og dessutan den konstruerte mellomaldergarden Jørundgård, som vart bygd til filmatiseringa av Kristin Lavransdatter (1995).

Pilegrimsleia går gjennom Sel. Sel kyrkje er ei korskyrkje i tømmer, bygd i 1742, med døypefont i kleberstein frå mellomalderen. Nord-Sel kyrkje er ein langkyrkje i tre, bygd i 1932. Rondane nasjonalpark vart oppretta i 1962, og er den eldste i landet.

Den mest lesne avisa i kommunen er Gudbrandsdølen Dagningen, som vert redigert frå Lillehammer. Avisa kom med det første nummeret i 1997, etter at dei tre avisene Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen slo seg saman. Avisa dekkjer heile Gudbrandsdalen og kjem ut seks dagar i veka. Ho er redigert på bokmål, men har òg stoff på nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (vedteke i 1985) har ei hornblåsande gullfarga kvinne i profil mot ein blå bakgrunn. Dette viser til Prillarguri, som etter segna skal ha blåse på lur for å varsle om skottehæren ved Kringen i 1612.

Kart

Sel kommune

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bakke, Odd: Otta gjennom 100 år : 1896-1996, 1996. Les boka på nb.no
  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel, 2001-2009, 4 bind

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg