Snøhetta er eit delvis snøkledd fjell i Dovre kommune, Innlandet, litt sør for grensa mot Trøndelag. På toppen er fjellet 2286 meter over havet.
Snøhetta er det høgaste fjellet på Dovrefjell og det høgaste fjellet i landet utanfor Jotunheimen. Det ragar som ei mektig kjegle opp over høgfjellsplatået på Dovrefjell. Toppen er omkransa av isbrear, éin større på sørsida og to mindre på nordsida, med eit areal (per 2009) på høvesvis 1,03 kvadratkilometer, 0,5 kvadratkilometer og 0,2 kvadratkilometer. Breane har for tida negativ massebalanse og minkande areal. Sidan 1963 er brearealet på Snøhetta halvert.
Snøhetta vart, før Jotunheimen vart kjend, rekna som Noregs høgaste topp. Den første som ein veit gjekk til topps på Snøhetta, var den dansk-norske geologen Jens Esmark, i august 1801. Det er ein radiolinkstasjon på toppen. Ved foten av fjellet ligg turisthytta Snøheim. Det går merkte stiar over toppen mellom Snøheim i Dovre kommune og Reinheim og Åmotdalshytta i Oppdal kommune.
Traktene mellom Dovrebanen og Snøhetta er eit trafikkert turiststrok som inngår i Dovrefjell–Sunndalsfjella nasjonalpark.
Kommentarar
Kommentaren din blir publisert her. Fagansvarleg eller redaktør svarer når dei kan.
Du må være logga inn for å kommentere.