Dombås

Dombås. Foto fra 1980-årene med Dombås Hotel til venstre. Det store trehotellet brant ned til grunnen i 2007. Den opprinnelige delen av hotellet (mørk) var tegnet av Arnstein Arneberg og stod ferdig 1917, fire år etter at jernbanen var åpnet mellom Otta og Dombås. Arneberg tegnet også stasjonsbygningene på denne delen av Dovrebanen.

.
Lisens: fri

Artikkelstart

Dombås er ein tettstad i Dovre kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1164 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Uttale
dˈombås
Etymologi
Navnet er trolig satt sammen av elvenavnet Domba, til norrønt dumbr, ‘stum, målløs’, og ås.
Innbyggertall
1164 (SSB, 2021)
Landareal
1,6 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
1522 Dombås

Tettstaden ligg 210 kilometer sør for Trondheim, 659 meter over havet.

Raumabanen til Åndalsnes tek av frå Dovrebanen på Dombås. E6 går parallelt med Dovrebanen og E136 med Raumabanen. Som trafikknutepunkt har Dombås blitt eit handelssentrum for dei øvste bygdene i Gudbrandsdalen og eit turistsentrum med fleire hotell. I tillegg til allsidig tenesteyting har Dombås noko trevare- og møbelindustri og fabrikk for kjøkkeninnreiing. Heimevernet har skule her.

Avisa Vigga kjem ut på Dombås.

Dombås hotell, eit stort trehotell frå 1917, teikna av Arnstein Arneberg, brente ned i 2007. Under kampane i 1940 vart Dombås bomba fleire gonger. Ein av bygningane som vart treft og totalskadd var stasjonsbygningen, også denne var teikna av Arneberg. Dagens stasjonsbygning er teikna ved NSBs arkitektkontor.

Namnet er truleg sett saman av elvenamnet Domba, til norrønt dumbr, 'stum, mållaus', og ås.

Kart

Dombås
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg