I steinalderen vart kornet skore med sigd av flint. I bronsealderen fekk ein sigdar av bronse, men mange måtte nok framleis nøye seg med flintsigden. I gravfunn frå jernalderen er det funne ein god del sigdar. Dei er mindre enn sigdar frå moderne tid, men forma er ganske lik. I nyare tid vart det brukt to litt ulike reiskapar til å skjera kornet med, nemleg sigd og skyru. Bladet på sigden var rettare enn det var på skyrua. Ein annan skilnad var at bladet på sigden var klinka fast til skaftet, medan skyrua hadde ein tange som gjekk inn i skaftet. I seinare tid vart skyrua brukt i store delar av Trøndelag og Austlandet, medan sigden heldt stand på Vestlandet, delar av Sørlandet og i Nordland. Å slå kornet med ljå var nok ikkje så vanleg. For å samle kornet betre vart det då sett eit segl på ljåen.
Slåmaskina var ein reiskap som også vart teken i bruk i skurden. Ein person sat då på eit sete over hjulet med den eine foten på ein pedal som kunne løfte samlebordet (ei grind av trespiler). Ved hjelp av ei avleggjarrive kunne han med jamne mellomrom leggje igjen ei mengd kornstrå som svarte til eit kornband. Bak maskina gjekk det folk som batt saman kornstråa til nek med ein bendel av strå. Neka vart så rauka og deretter sette på staur til tørk. Hesjer kunne også bli brukt. Tørt korn vart køyrt inn på låven for å bli treskt med sliul i løpet av vinteren.
I mellomkrigstida fekk ein på enkelte større gardar ein sjølvbindar. Det var relativt store maskiner som gjerne vart trekte av tre hestar eller traktor. Kornet vart skore og ført fram over ein duk til ein mekanisme som batt ei passande mengd saman med eit snøre til eit nek, som vart kasta ut på sida.
I andre halvpart av 1900-talet kom ein revolusjon innan innhaustinga av kornet, då skurdtreskjarar vart innførte til landet i eit stadig større mengder. Dei første vart trekte av ein traktor, men dei vart etter kvart avløyste av dei sjølvgåande treskjarane. Skurdtreskjarane både skjer, treskjar og reinsar kornet, som blir samla opp i store behaldarar og pumpa over i vogner. Moderne skurdtreskjarar har gjerne datateknologi, og somme er utstyrte med satellittnavigering.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.