Landskapslover var lover som gjaldt innan bestemte landsdelar i mellomalderen i Norden.

Noreg

I Noreg gjaldt fire landskapslover: Gulatings-, Frostatings-, Eidsivatings- og Borgartingslova. Landskapslovene gjaldt inntil dei blei avløyste av Magnus Lagabøtes landslov i 1274. Også landslova fekk noko ulik utforming på dei fire lagtinga og blei vedteken separat på kvart ting.

Danmark

I Danmark var det tre landskapslover som gjaldt for høvesvis Jylland, Sjælland og Skåne. Særleg viktig var Jyske lov. Dei danske landskapslovene gjaldt inntil Danske lov blei gitt av Christian 5. i 1683.

Sverige

I Sverige fanst det ei rekkje landskapslover, og nokre er bevarte. Den eldste bevarte svenske landskapslova er Äldre Västgötalagen frå rundt 1250. Andre bevarte svenske landskapslover er mellom anna Yngre Västgötalagen, Östgötalagen, Upplandslagen og Södermannalagen. For dei to siste er det også bevart kongelege stadfestingsbrev. Dei svenske landskapslovene gjaldt til Magnus Erikssons landslov blei gitt, truleg i byrjinga av 1350-åra.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg