dialekter i Rogaland

Kommunar og distrikt i Rogaland. Det er vanleg å dela Rogaland i fire delar: Haugalandet, Ryfylke, Jæren og Dalane. Grensene mellom distrikta er ikkje heilt eintydige, og nokre kommunar går på tvers av distrikta. Dialektene i Rogaland høyrer til a-måla i Noreg.
Rogaland: Haugalandet, Ryfylke, Jæren og Dalane
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Frå 1970-talet og fram til i dag har det som følgje av oljeutvinninga skjedd ei rivande samfunnsutvikling i Rogaland, og denne utviklinga har vore aller sterkast frå Stavanger og sørover på Jæren. Bildet viser parti frå Vågen i Stavanger. Dei gamle sjøhusa blei bygde på 1800-talet og er seniere restaurert.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Rogalandsmål er dialekter som blir brukt i Rogaland fylke. Dette fylket strekkjer seg frå Sokndal i sør til Haugesund og Sauda i nord. Rogaland består av regionane/distrikta Dalane, Jæren, Ryfylke og Haugalandet.

Inndeling av rogalandsmåla

Innlandsbygda Suldal inst i Ryfylke har nokre dialektsærtrekk som ikkje finst i resten av Ryfylke. På bildet ser ein M/S Suldal som blei bygd i 1885 som dampskip og gjekk lenge i rutefart på Suldalsvatnet. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007. Suldal Av K. Helle Olsen/KF-arkiv ※. Gjengitt med tillatelse

Av /KF-arkiv ※.

Innan Rogaland fylke skil ein først og fremst mellom Ryfylke-mål og Jær-mål. Tradisjonelt har fjordamålet i Ryfylke vore merkeleg likt frå bygd til bygd. Hovudgrunnen til dette er den livlege samferdsla som har vore mellom dei ulike bygdene sjøvegen. Dei mange og lange fjordarmane har vore framifrå ferdselsvegar så langt tilbake som me kjenner historia. Ryfylke har også frå gammalt av hatt fjellvegar austover og har hatt mykje samband med Setesdal og Telemark.

Innlandsbygda Suldal i Ryfylke

Ryfylke har ei innlandsbygd, nemleg den tidlegare avstengde Suldalen, og denne bygda vik av språkleg frå dei andre Ryfylke-dialektene. Her har rulle-r halde seg godt hos eldre folk heilt opp til i dag. I Suldal kan ein også høyra æ-lyden, noko som ikkje er vanleg i resten av Ryfylke, og ein høyrer i Suldal diftonguttalen ai og åy: «fisken bait godt, det råyk frå pibo då eg kom». Suldal har som resten av Indre Ryfylke (og Hardanger) r-ending i presens av svake verb: «eg ventar på han som eg kjenner så godt». Dette gjeld ikkje i fleirtal av substantiv.

Jæren (Sør-Jæren og Nord-Jæren) har på liknande vis som dei ytre Ryfylke-bygdene hatt sterkt samkvem med andre folk langs kysten og også med folk frå andre land. Talemålet på Jæren og Ryfylke-målet har teke imot mange innslag utanfrå.

Ei tradisjonell grense mellom nord og sør

Grensa mellom målet i Nord-Ryfylke på den eine sida og Sør-Ryfylke/Jæren på den andre har tradisjonelt vore fastsett med utgangspunkt i bruken av endings-r i fleirtal av substantiv, og då slik at denne r-en står nord i fylket, men ikkje i sør. R-grensa har i moderne tid flytta seg sørover og går i dag sør for Stavanger/Sandnes. Det er slik at sørlege delar av Indre-Ryfylke (Hjelmeland og nabobygdene) har endings-r både i fleirtal av substantiv og i presens av svake verb: «eg kjenner ein som har to hestar». Resten av Ryfylke med unntak av Suldal har gjennomført -r i fleirtal av substantiv, men ikkje i presens av svake verb. Slik er det også på øyane i Boknafjorden. Her finn ein fleirtalsformer som hestar, sjeier, pålar, jenter.

Stavanger knyter seg på dette punktet til dialektene i Ryfylke og har fleirtalsformer som steinar, kvister, timar, føder, dører, myrar. Bruken av fleirtalsformer med ståande -r breier seg i dag frå Stavanger, både sørover mot Sandnes og vestover til Madla og Randaberg.

Jærmålet skil seg frå dialektene i Ryfylke (og Stavanger) med sine fleirtalsformer utan -r. Det heiter på Jæren fleire hesta, fleire sjeie, fleire påla, fleire jente. Heile Tungeneset (Randaberg) på Nord-Jæren har også former utan ­-r i fleirtal.

Lydverk (fonologi)

p, t ,k til b, d, g – blaude konsonantar

Skudeneshavn heilt sør på Karmøy har som dialektene i Sør-Ryfylke blaude konsonantar. Bildet viser nokre av dei gamle velhaldne sjøhusa langs kaiane. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Mykje av rogalandsmåla har overgangen p, t, k til b, d, g etter lang vokal. Overgangen blir kalla «overgang til blaude konsonantar» og finst i mykje av Rogaland, frå Egersund i sør og så langt nord som til tvert over Karmøy, mellom Åkra og Ferkingstad. I dette b, d, g-området seier ein å eda (eta), liden (liten), mad (mat), bog (bok), å koga (koka), ei vega (ei veke) og så bortetter. Nord-Karmøy har former som bok – bokjå, Sør-Karmøy bog – bogjå. I dag er dei blaude konsonantane på retur både i Rogaland og på kysten av Agder. Dei unge seier då: eit møte, å bake ei kake, å like ein film.

Skarre-r

Rogalandsmåla har skarre- r, det vil seia ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen. Døme på bruken er: «eg har eit stoRt aRk på pulten», «bRusen smakte RaRt». Gammalt mål på Jæren hadde rulle-r, men denne uttalen er nå borte. Spor etter rulle-r finn ein også i Suldal i Ryfylke, sjå ovanfor. Ein meiner at skarre-r-en oppstod i Paris på 1600-talet og spreidde seg til byar nordover i Europa – og kom til Bergen og Vestlandskysten rundt 1800. Skarre-r er eit fenomen som har spreidd seg mykje dei siste 70–80 åra. I tidsrommet rundt 1900 var det i Rogaland berre i og kring Stavanger at skarre-r-en høyrde til i talemålet.

Konsonantar med vestnorske særdrag

Dei norrøne (lange) konsonantane ll og nn har i rogalandsmålet endra seg og har utvikla det som blir kalla segmentering (framvekst av ny lyd – éin lang lyd blir til to). Ord som fjell og alle har då blitt fjedl og adle. Andre eksempel på slik segmentering i Rogaland: rulla blir rodla, troll blir trådl, trylla blir trådla, ull blir til udl, mellom blir i mydlå. Som nemnt blir også ord med lang n (nn) segmenterte: Orda stein(n) og tann har blitt steidn og tådn. Nordre Ryfylke har også overgang til dn i den bestemte fleirtalsartikkelen, og ein seier hestadne og visedne (eller hestadn og visedn).Fenomenet segmentasjon finst også i islandsk, jamfør ord som vødlur (voll), kadla (kalla), steidn (stein), men finna.

Ein del konsonantsamband har også endra seg i rogalandsmålet. Til dømes har sambandet rn blitt dn i mange ord. Dette blir kalla differensiasjon (to lydar blir gjort meir ulike). Orda korn, gjerne og barn blir uttalt kodn, jedna og badn. Når vokalen ­a står inne i slike ord, blir denne vokalen lang: eit ba:dn (barn), eit ga:dn (garn). Liknande konsonantovergangar finn ein også i ord som å jabna og eit nabbn (for jamna og namn) og ups og lepsa (for ufs og lefse).

Om vokalane

Heile Rogaland, med unntak for Suldal i Ryfylke, manglar æ-lyden. Denne lyden har falle saman med -e. Her er det såleis færre vokalar enn det ein finn elles i landet. Ordet veda kan her tyda både å veta og ei væte. Når ein reiser sørover til Jæren, kjem æ-en inn att i språket, jamfør jærbuen som seier: «det blæse grævligt i dag». Folk på Jæren seier også «æg he», medan ryfylkingen seier «eg har».

Formverk (morfologi)

A-mål

Rogaland er ein del av det sørvestnorske a -målsområdet, som er kjenneteikna av at trykklett -a er bevart, for eksempel i infinitiv (å kasta) og i ubestemt form eintal av svake hokjønnsord (ei visa). A-målet i Rogaland kjem også fram i nokre adverb: heima, idla, mesta, fudla, jedna, liga, og det kjem fram i adjektivbøyinga: den stora kyrkja, den gamla skudå, det stora fjedle.

Substantiv

I Nord-Ryfylke har ein o-ending i bestemt form eintal av både dei sterke og svake hokjønnsorda, jamfør formene solo og viso. Endinga -o finst også på nordlege deler av Haugalandet. På Utsira og på delar av Karmøy kan ein høyra former med e-ending i bestemt form av hokjønnsorda: kjeringje (kjerringa), tråppe (trappa), øyne (øya). I det aller meste av Rogaland finn ein same endinga i bestemt form av sterke og svake hokjønnsord og då med o-ending eller å-ending, typen solå og viså eller solo og viso (ein snakkar her om «ikkje delt hokjønnsbøying»). Berre heilt sør i fylket, i Dalane og Eigersund, har ein delt hokjønnsbøying og så med former som solæ, bygdæ og viså, jentå. Egersund bymål er det einaste bymålet i landet som har delt hokjønnsbøying.

Endinga i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsorda har som regel same endinga som bestemt form eintal av hokjønnsorda, og det heiter då i Rogaland adle huså/huso, adle dyrå/dyro og så vidare. Substantivbøyinga i rogalandsmålet kan illustrerast med ei oppstilling av systemet som ein finn i jærmålet og i målet i Nord-Ryfylke.

Jæren:

  • hankjønnsord: ein hest – hesten – fleire hesta – adle hestanne
  • sterke hokjønnsord: ei skål – skålå – fleire skåle – adle skålinne
  • svake hokjønnsord: ei visa – viså – fleire vise – adle visene
  • sterke inkjekjønnsord: eit hus – huset – fleire hus – adle huså

Nord-Ryfylke:

  • hankjønnsord: ein hest – hesten – fleire hesta – adle hestadn
  • sterke hokjønnsord: ei skål – skålo – fleire skåle – adle skåledn
  • svake hokjønnsord: ei visa – viså – fleire vise – adle visedn
  • sterke inkjekjønnsord: eit hus – huset – fleire hus – adle huså

Adjektiv

Sandnes lig på Nord-Jæren. Denne byen er språkleg i i dag under sterk påverknad frå Stavanger-målet. Bbildet viser Langgata i Sandnes sentrum og er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Adjektiva har innskotsvokal (svarabhakti) i eintal: ein høg’e mann, ei rig’e kåna, eit lid’e eple. I bestemt form av adjektivet står den norrøne a-endinga ved lag i hokjønn og inkjekjønn: den nya fina løa, det stora fjellet og så bortetter.

Svake verb

I dialektene blir verba inndelte i to hovudgrupper: svake og sterke verb. Innanfor desse gruppene er det ulike klasser. Slik er det også i rogalandsmålet. Her følgjer først nokre døme på svake verb. Den første klassa av dei svake verba blir kalla a-verb. Dei blir bøygde slik i infinitiv, presens, preteritum og presens perfektum:

  • å kasta – kasta – kasta – he kasta
  • å rydda – rydda – rydda – he rydda

I rogalandsmålet har nokre a-verb dentalending i preteritum (kalla «blanda bøying»), jamfør døme på slik bøying:

  • å kadla – kadla – kalte – he kalt
  • å dansa – dansa – danste – he danst

Nokre andre verb med blanda bøying er: glana, håpa, lika, spela, tvila, koka, låna, meina og spara.

Sterke verb

Dei sterke verba blir inndelte i seks klassar og har kortformer (avlyd) i preteritum. Nokre sterke verb har vokalskifte frå infinitiv til presens (fara, blåsa), sjå nedanfor. Innskotsvokalen (svarabhaktivokalen) står i presens. Her følgjer nokre døme på sterke verb i rogalandsmålet:

  • riva – riv’e – reiv – he reve
  • bryda – bryd’e – braud – he bråde
  • bresta – brest’e – brast – he broste
  • bæra – bær’e – bar – he båre
  • fara – fær’e – for – he fare
  • blåsa – blæs’e – bles – he blese

Pronomen

Dei personlege pronomena i første person eintal og fleirtal heiter i mykje av Rogaland eg og me: eg var der og me møtte henne i byen. På søre del av Jæren høyrer ein dei gamle pronomenformene okke og okka i staden for åsse (oss) og vår/vårt/våre. Dette er eit målmerke som folk legg merke til og er medvitne om, jamfør setninga «me tog okke go'e tid for det va okka brødlupsdag».

Bymål og bygdemål i Rogaland

Frå 1970-talet og fram til i dag har det som følgje av oljeutvinninga skjedd ei rivande samfunnsutvikling i Rogaland, og denne utviklinga har vore aller sterkast frå Stavanger og sørover på Jæren. Folketalet i byane har auka mykje.

I Stavanger har ein tradisjonelt funne store forskjellar mellom det skriftmåls-påverka «høgare talemålet» i visse sosiale lag og folkemålet i andre sosiale klassar i byen. Typisk er forskjellen mellom den «fine» pronomenforma je og folkemålsforma eg. Forskjellen mellom desse to nemnde laga i dialekta svarer til forskjellar ein finn att mellom bokmål og nynorsk. Nokre døme på dei to varietetane (variantane) i Stavanger-målet:

  • Folkemålet: Eg såg ikkje någen store båd.
  • Høgare talemål: Je så ikke noen stor(’e) båt.
  • Folkemålet: Han sko snakka me kånå.
  • Høgare talemål: Han sko snakke med konen.

Folkemåla i Stavanger og Sandnes har tradisjonelt hatt mange bygdemålstrekk i språket. I Stavanger høyrer ein presensformer som komm’e, teg’e (tek) og preteritumsformer som krøyb, røyg. Folkeleg Stavanger-mål har tre kjønn: ein båd, ei sol, et hus. Dialekta er eit a-mål, slik me finn det i bygdene rundt byen: å vera, å komma, ei kjerka, ei gada. Det folkelege bymålet har blaude konsonantar (ein båd, ei vega, å taba) og også skarre-r. Uttalen kodn, steidn og fjedl har tradisjonelt vore brukt i bymålet, og i bøyingsverket har hankjønnsorda -ar i fleirtal: bilar og bådar, og det heiter fiskarar og lerarar. Adjektiva har i folkeleg Stavanger-mål kjønnsbøying: den svarte katten – den svarta skudå – det svarte huset – dei svarte kattane. Det heiter i Stavanger mellom anna den pene jentå og eg e jemma. I folkeleg Stavanger-mål heiter det også: ikkje, någe, mydlå (mellom), møje (mykje), å seia (seia), fekk (fekk), tri (3), jønå (gjennom) og så bortetter.

Konkrete endringar i rogalandsmåla

Det skjer i dag ganske store endringar i rogalandsdialektene. Desse endringane kjem først til syne i byane, både i Haugesund og Stavanger, og breier seg så til bygdene omkring.

Om yngre mål i Stavanger og Haugesund

I Stavanger har ein i lang tid hatt denne nyare, enkle inkjekjønnsbøyinga: et hus – huse – fleire huser – adle husene. Dei sterke verba har også fått ei enklare bøying (misser vokalskiftet i presens), og det heiter nå: å fara – fare – for, å sova – sove sov. Nokre konsonantsamband får i dagens bymål ofte skriftuttale: adle blir til alle, steidn blir stein, Kvednavidjå blir Kverneviga.

Granskingar av stavangerdialekten, utførte etter 2010, viser at ungdommen nå tek i bruk fleire nyare former i tillegg til dei som er nemnde ovanfor. Dei seier til dømes å hoppe, ei jente, ein fin bil, ein bok, hørt, høst, sekken der det i tradisjonelt stavangermål heiter å hoppa, ei jenta, ein fin'e bil, ei bok, høyrt, haust og sekkjen. Det ligg nær å tru at også desse nemnde nye formene i stavangermålet med tida vil breia seg til nærliggande bygder.

I Haugesund finn ein også døme på bymålstrekk som i dag tek plass i bygdemåla kring byen. Det gjeld til dømes bøyinga av hokjønnsorda, som går slik i Haugesund: ei jenta – jentå – flærre jentårr – alle jentene og ei dør – dørå – flærre dørårr – alle dørene. Denne bøyinga spreier seg nå til nabodialektene.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bakka, Trygve 1979: Eit klangfullt talemål. Trykt i Aadnaøy, Alf (red.): Bygd og By i Norge. Rogaland. Oslo; Gyldendal Forlag.
  • Johannessen, June Tea 2020. Talemålsendringer i Stavanger i dag. En sosiolingvistisk undersøkelse av ynge talere av stavangersk. Uprenta bachelor-oppgåve. Universitetet i Stavanger.
  • Pedersen, Per-Bjørn 1981. Jærmålet. Trykt i Lye, Kåre Arnstein (red.): Jærboka 3. Kulturhistoria. Ås: Norsk Oikos A/S.
  • Sandvik, Olav Hetland 1979. Talemål i Rogaland – i går, i dag og i morgon. Om uttale, bøying og ordtilfang i Rogalands-målet. Stavanger: Rogalandsforsking, rapport 1/1979.
  • Sandøy, Helge 1990. Vestlandet – der fjordane batt folk saman. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus. (Side 63 – 85.)
  • Time, Tor 1994: Målbryting på Jæren. Trykt i Syn og Segn, årgang 80. (Side 219 – 224.)
  • Omdal, Helge 1990: Stavanger (om bymålet). Trykt i: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus. (Side 193 – 197.)
  • Sandvik, Olav Hetland: Talemål i Rogaland, 1979
  • Aasen, Kristine Nymark 2011: Stavanger-dialekten 30 år etter. Mastergradsavhandling. Universitet i Bergen.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg