Faktaboks

Administrasjonssenter
Hauge
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
3 281 (2022)
Landareal
267 km²
Høgaste fjell
Solliknuden (620 moh.)
Innbyggjarnamn
sokndøling
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Jøssingfjord
Landskapet i Sokndal er stadvis nakent og karrig, som her i Jøssingfjorden.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Kart: Sokndal kommune i Rogaland
Sokndal kommune i Rogaland fylke.
Kart: Sokndal kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sokndal

Sokndal. Frå den idylliske tettgrenda Sogndalsstranda, i eldre tid ei viktig hamn med livleg handelsverksemd. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Sokndal er ein kommune i Dalane lengst sør i Rogaland fylke. Kommunen grensar mot Flekkefjord kommune i Agder fylke i elva Sireåna i søraust, mot Lund kommune i aust og nord og mot Eigersund kommune i nordvest.

Sokndal blei oppretta som heradskommune i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Sidan har kommunen hatt fleire mindre endringar i grensene. I 1868 blei eit område med 41 innbyggarar overført frå Sokndal til Eigersund herad. I 1944 blei Sogndal ladestad nedlagd som bykommune og innlemma i Sokndal, denne overføringa omfatta 311 innbyggarar. Sidan har kommunen hatt to mindre grensejusteringar: I 1947 blei eit område med sju innbyggarar overført til Eigersund, og i kjølvatnet av arbeidet i Schei-komiteen blei eit område med ti personar i 1967 overført frå Eigersund til Sokndal.

Administrasjonssenteret i Sokndal kommune er Hauge i Dalane.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet og består av noritt og særleg anortositt. Landskapet er svært kupert. Anortositten har lite fosforsyre og gir næringsfattig jord ved forvitring. Heiane er difor ofte utan skog i desse stroka, medan det veks skog innanfor norittfeltet sentralt i kommunen. Berggrunnen i kommunen inneheld Europas største førekomst av ilmenittmalm, som blir brukt til å framstilla mellom anna titan, råjern og titankvitt. I heile kommunen er kysten bratt, med få, korte fjordar, og han er utan skjergard.

Heiane, som når 620 meter over havet (Solliknuden) på grensa til Lund i nordaust, har eit sterkt forgreina vassdragssystem med talrike elvar, bekker og vatn. Dei fleste har avløp til Sokndalsvassdraget, som munnar ut i havet ved Sogndalstrand.

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 2,2 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,4 °C. Temperaturmålingane er frå Eigerøya målestasjon i Eigersund. Mest nedbør er det i oktober, med normal på 217,6 millimeter, og minst er det i mai, med normal på 90,5 millimeter nedbør. Nedbørsmålingane blir gjorde ved Jøssingfjord målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er i stor grad konsentrert til den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Hauge i Dalane, som også omfattar tettgrendene Sogndalstrand og Rekefjord på kysten like utanfor. Sogndalstrand og Rekefjord utgjorde den tidlegare ladestaden Sogndal. I dette området bur i alt 65 prosent av innbyggarane i kommunen (2016). Busetjinga elles i kommunen finn ein først og fremst i tre mindre tettgrender langs kysten (Åna-Sira, Jøssingfjord og Nesvåg) og i enkelte av dalane i innlandet.

Sokndal har hatt eit relativt stabilt folketal heilt sidan midten av 1900-talet, og det låg i 2017 (med dagens grenser) vel to prosent over nivået i 1950. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet i Sokndal med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot 0,8 prosent i Dalane og 1,6 prosent i fylket samla sett.

Kart over Sokndal kommune
Kart over Sokndal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Sogndalsstranda ved munningen av Sokna har eit unikt trehusmiljø som blei verna i 2005.

Bergverksdrift står sentralt i Sokndal, og samla har industri og bergverk 27 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 40 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Titania AS, som vinn ut ilmenitt- og magnetittmalm, er hjørnesteinsbedrifta i kommunen og har rundt 250 tilsette (2020). Malmen blir broten i dagbrot ved Tellnes, ein førekomst som er blant verdas største. Bergverksdrifta omfattar også eit større pukkverk og asfaltverk i Rekefjord (Fjordstein AS). Elles har kommunen noko verkstadindustri (ti prosent av dei tilsette i industrien i 2015).

Jordbruk blir drive i dalane i indre strok, men jorda er tungdriven og rik på stein, og bruka er små. Husdyrhaldet dominerer heilt denne næringa i kommunen, først og fremst i form av saue- og storfehald. Den heimehøyrande flåten i kommunen driv for det meste fangst på skaldyr, særleg reker, men det blir berre ført ubetydelege mengder fisk i land i kommunen. Der er også noko østers- og blåskjeloppdrett.

Det nedste kraftverket i Sira-Kvina ligg ved tettgrenda Åna-Sira, på Agder-sida av elva. Utanom dette blir det produsert lite vasskraft i Sokndal. Fire kraftverk, alle i Sokndalsvassdraget (Sokno), har ein samla maskininstallasjon på 12,8 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 55 gigawattimar (GWh) per 2016. Det største enkeltverket er Lindland med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 38 GWh og ei fallhøgd på 106 meter.

Av dei yrkesaktive som er busette i Sokndal, hadde 37 prosent arbeid utanfor kommunen i 2016. 18 prosent arbeidde i dei tre andre kommunane i Dalane samla (inkludert 15 prosent i Eigersund) og 8 prosent i kommunane på Jæren (inkludert tre prosent i Stavanger).

Samferdsel

Hovudfartsåra gjennom kommunen er fylkesveg 44 (Flekkefjord–Stavanger), som utgjer den ytre vegen på kyststrekninga i Dalane og på Sør-Jæren. Frå Rekeland nord for Hauge i Dalane går fylkesveg 501 nordover til E39 mellom Drangsdalen og Heskestad.

Ilmenittmalmen blir transportert i tunnel ved hjelp av vatn til tørkeanlegg og silo ved utskipingsstaden i Jøssingfjord.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sokndal høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Regionråd Dalane saman med Bjerkreim, Eigersund og Lund.

Sokndal kommune svarer til soknet Sokndal i Dalane prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sokndal til Jæderen og Dalene fogderi (futedømme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Sokndal

For statistiske føremål er Sokndal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 17 grunnkrinsar: Nesvåg, Rekefjord, Rossland - Åvendal, Eia - Barstad, Bakka, Sandbekk, Ålgård, Mydland, Åmot, Åna-Sira, Jøssingfjord, Årstad - Haneberg, Sogndalstrand, Skarås, Hauge, Bø og Frøyland.

Historikk og kultur

Inst i Jøssingfjord ligg desse to husa frå starten av 1800-talet under fjellveggen i Helleren.

.

Sokndal kyrkje er ei stor krosskyrkje i tre frå 1803, og ho er ei av svært få kyrkjer i Noreg som er bygd i Louis-seize-stil. Kyrkja har eit særprega interiør, mellom anna ei altertavle av Peter Reimers (1608) og Gottfried Hendtzschel (1634), og dessutan ein praktfull preikestol som blei skoren av Anders Smith i 1666.

Jøssingfjord er kjend frå Altmark-saka i februar 1940, då det tyske forsyningsskipet Altmark blei borda av eit britisk marinefartøy og 300 krigsfangar blei frigjorde.

Ved Helleren i Jøssingfjord er ein buplass frå steinalderen. Under fjellhammaren ligg også to hus frå byrjinga av 1800-talet. Desse er freda og inngår i Dalane Folkemuseum.

I Rekeland, på Rossland gard, er det funne eit cirka 2000 år gammalt gudehovud, eit steinalter og eit blotingsskar. Segna fortel at alteret blei brukt til hesteofringar til guden Frøy. Det er også fleire skålgroper i nærleiken, ei hustuft, seks langhaugar og fem rundhaugar, også desse frå eldre jernalder. Kopiar av den såkalla Rosslandsguden (Gudehovudet) og blotingsskaret er utstilt ved garden, medan originalane står på Dalane Folkemuseum i Egersund.

Sokndal blei i 2005 kåra til Rogalands kulturkommune.

Kommunen er medlem i den internasjonale Cittaslow-rørsla.

På Krokheia, Hauge i Dalane, har Motorcenter Norway eit stort anlegg. Der finst det både ein racingbane, motocrosshall, gokartbane, dragstripe og eit offroadområde.

I Rekefjord er det verneverdig trehusbusetnad, og Litle Prestskjeret fyr ytst i fjorden er teke i bruk som besøksfyr.

I Nesvåg er det ei verneverdig rekke med sjøhus, og her er det også eit sjø- og motormuseum.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har tre svarte hakker mot ein gullfarga bakgrunn. Det symboliserer arbeid med tilknyting til «det som jorda gøymer» (bergverk, jordbruk).

Namnet er samansett av elvenamnet Sókn, som har samanheng med norrønt sækja, her i tydinga ‘gå på’, det vil seia ‘elva som fer hardt fram’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Barstad, Sven O.: Sokndal-bygden i tekst og billeder, 1941
  • Brandsberg, Reidar: Sogndal ladested, Sokndal og Egersund i eldre og nyere tid, 1988, isbn 82-991813-0-5
  • Jonsson, Sven med fleire: Sokndal gjennom 150 år, 1987, isbn 82-991652-0-2
  • Olsen, Trygve Ege med fleire: Fortid og folk [...], 2004–, to bind, isbn 82-994979-2-2
  • Økland, Olaug Norun: Sogndal ladested: historiske tilbakeblikk, 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg