Det sørvestlandske a-målet er ei undergruppe under dei vestnorske dialektene – sjå artikkelen vestnorsk.

Geografisk område

Hardanger

Dialekta i Hardanger høyrer inn under det sørvestlandske a-målet. Bildet viser Hardangerfjorden med Aksnesholmene og eldre naust. Øystese og Fykse i bakgrunnen. Kvamsøy til høyre. Bildet er henta frå pirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Den dialektgruppa som blir kalla det sørvestlandske a-målet, strekker seg frå Lista i Vest-Agder og vest- og nordover til Indre Sogn – sjå kart.

Infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal

I dette a-målsmålområdet har opphavleg trykklett ‑a halde seg i mest alle stillingar. Namnet a -mål i høve til e‑ mål byggjer likevel på vokalutviklinga i infinitiv og svake hokjønnsord ubestemt form eintal. A-målet har såleis a-ending i ord som: å kasta, å veta, ei gryta, ei veka og så bortetter. I tillegg finn ein endinga ‑a i adjektivformer som den stora kyrkja, det stora 'fjedle og i adverb som heima, idla, mesta, fudla, jedna, lika og andre, også ofte -a som bindevokal i samansette ord: hestalort, bygdasnakk og så bortetter.

Lydverk (fonologi)

Kartet viser dialektinndelinga i Noreg. Det sørvestlandske a-målet strekker seg frå vestre Agder til Indre Sogn.
Kartet viser dialektinndelinga i Noreg. Det sørvestlandske a-målet strekker seg frå vestre Agder til Indre Sogn.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

A‑målet forlenger til vanleg vokalen i norrøne kortstava ord: eit skòt, eit lòk, å veta, å vera og så bortetter, ofte også kåma og gamal.

Vokalisme

I dette målområdet er det ein del diftongering av norrøne langvokalar. Mest av dette er det på Indre Agder, på Voss, i Hardanger og Indre Sogn, jamfør Voss: baot (båt), skaol (skål) og så bortetter. Typiske former i Vest-Agder er: heus (hus), beu (ei bu), soul (sol), teime (time), døyna (dyne) og så bortetter. Dei «gamle» diftongane ei, øy og au held seg: stein, røys, laus.

Voss og delar av Hardanger har innskotsvokalen ‑u (nærmar seg ein o‑lyd) både i omlydssubstantiv (fleire bøk’u og fø’tu) og i presens av sterke verb og i adjektiv eintal: ein rik'u mann, han kjem'u (slik er det også i islandsk). Elles i a-målet er innskotsvokalen ‑e vanleg i presens av sterke verb og i adjektiv (ho er rik'e og han kjæm’e).

Konsonantar

Heile det sørvestlandske a-målet (med unntak av det meste av Vest-Agder) har segmentasjon ll til dl, i ord som adle, fudle (fulle), kjedlar (kjellar).

I sørvestlandsk er det tradisjonelt palatalisering av ‑g og ‑k i innlyd: å tenkja – tenkjer, ein bekkden bekkjen, ein veggden vejjen, har tekje (teke), har seje (har sige) og så bortetter. (Nokre unntak finst i Indre Sogn.)

Sør i området har p, t, k blitt /b, d, g/, og dette «kystfenomentet» strekkjer seg inn i landet til og med Øvre Sirdal i Vest-Agder, jamfør døma å baga ei kaga og ho åd lide mad.

Om lag frå Nord-Ryfylke og Søre Sunnhordland og nordover (med unntak av Nordhordland og nordlege Sunnhordland) finn ein at fleire konsonantsamband held seg utan å bli assimilerte. Det gjeld ld, nd, ng og mb, døme: kveld, sand, ting, lamb. Nordhordland og nordlege delar av Sunnhordland har assimilasjon av nd, ng og mb, medan ld her har vorte dl: kvedl, å hadla og så bortetter. Norrøn ll er segmentert til dl i mest heile a‑målet (med unntak for det meste av Vest-Agder). Typeformer er her såleis: å kadla, å stedla, ein kjedlar og så bortetter. Indre Vest-Agder har ll til dd i slike ord.

Norrøn nn og mm etter kort vokal er i Nordhordland og i nordlege delar av Sunnhordland segmentert til dn og bm: å fidna, å kåbma og så bortetter. Voss, Hardanger, Sunnhordland og delar av Ryfylke og Jæren har overgangen rn > dn etter lang vokal i ord som steidn (stein) og raudn (raun). Mest heile a‑målet har rn til dn etter kort vokal: kòdn og hòdn (horn). Storparten av a‑målet har pt, ps og tl i ord som ei tupt, å glepsa, eit fatle (fasle).

Tonelag (tonem)

Dei sørvestnorske dialektene har, som det meste av norsk talemål, to tonelag. Desse kallast tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), alle husa (tonem 1, bestemt form fleirtal av eit hus) og å husa (tonem 2, infinitiv av verb).

Tonegang (høgtone og lågtone)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På det vestnorske målområdet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Denne tonegangen er vanleg i vestlandsk og nordnorsk. I austnorsk har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand på Agder.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Bestemt form eintal av svake og sterke hokjønnsord har i delar av området falle saman i endinga ‑å/-o: den viså/‑o og den bygdå/‑o, men fleire stader er det ulik ending, typen: bygdæviso eller bygdiviso.

I ubestemt form fleirtal av substantiv er det berre Indre Hardanger og Ryfylke som held på r-ending. Halden ‑r i presens av svake verb har endå mindre råderom.

I ubestemt form fleirtal av substantiva er det slik at dei norrøne endingane ‑ir og ‑ur som hovudregel er reduserte til -e i ubestemt fleirtal, det heiter: fleire skåle(r) og fleire vise(r), medan opphavleg ‑ar held seg: fleire hesta(r). Systemet er då som hovudsystemet i nynorsk skriftmål. Voss, noko av Hardanger og Indre Agder har tre ulike endingar i fleirtal ved at ‑ur held seg: hesta(r), skåle(r), visu(r).

Omlydssubstantiva vil i Vest-Agder og heilt sør i Rogaland enda på ‑a i ubestemt form fleirtal : feire bøga/bøka, fleire føda/føta og så bortetter. Voss og Indre Hardanger har endinga ‑u i desse orda.

Inkjekjønnsord har ikkje ending i ubestemt form fleirtal : fleire hus, fleire eple. Ytre Agder har likevel former som fleire epla, fleire belta. Sørvest på Agder heiter det også fleire breve og fleire blae (brev og blad). I bestemt form fleirtal har hankjønns‑ og hokjønnsorda i storparten av området tre stavingar: alle hestane, alle skålene. Vest-Agder og Indre Sogn har likevel tostavingsformer: alle hestan og alle skålen.

Innafor a-målet er det berre Voss, Øvre Lærdal og Borgund i Sogn som tradisjonelt har hatt levande dativbruk.

Verb

Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Vestlandet og i Nord-Noreg har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. På Austlandet har slike ord låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

A ‑verba blir bøygde slik: å kasta – kasta(r) – kasta – har kasta, men fleire a‑verb der rotstavinga endar på kort konsonant, har fått dentalending i preteritum: bakte, likte (av baka og lika). Desse verba held likevel på a-bøying i presens lika(r) og baka(r). Med unntak av eit område nord for Bergen har heile området former med innskotsvokal i presens av sterke verb og i presens av ja‑verb, typen: kjem’e og tel’e (av telja).

Fleirtalsbøying av verb har tradisjonelt funnest på Voss, i delar av Nordhordland og inst i Sogn, døme: eg kjæm’e snart mot me kåma snart.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høyskoleforlaget, 1997.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høyskoleforlaget, 2005.
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, Portal forlag, 2010.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg