den bløde kyststriba

Overgangen p, t, k til /b, d, g/ er i hovudsak eit kystfenomen, men vest på Agder og i mykje av Rogaland strekker området med overgang til /b, d, g/ seg langt inn i landet.

Den bløde kyststriba er eit namn på dei dialektområda heilt sør i Noreg der konsonantane p, t, k har gått over til b, d, g i uttalen av mange ord. Fenomenet er ofte beskrive som overgang til «blaude» konsonantar.

Faktaboks

Også kjent som

den blaude kyststriba

Utbreiing

Skudeneshavn sør på Karmøy. Dialekten her er kjend for å ha "blaude" konsonantar, slik ein har det i Ryfylke og områda sørover. Skudneshavn er tidligare ladestad og gammalt fiskeleie, og har eit fint, gammalt bygningsmiljø.

Av /KF-arkiv ※.

Hovudområdet for overgangen p, t, k til b, d, g er Sørlandet og Vest­landet frå Arendal til Midt-Ryfylke (til Skudenes på Karmøy). Denne overgangen er i hovudsak eit kystfenomen, men vest på Agder og i mykje av Rogaland strekker området med overgang til b, d, g seg langt inn i landet.

Denne overgangen frå p, t, k til b, d, g betyr overgang frå ustemde til tilsvarande stemde plosivar. Populært blir dette kalla overgang til «blaude» konsonantar. I fagspråket vil ein snakka om overgang frå fortes til lenes (ord frå latin), difor nemninga lenisering om dette dialektsærtrekket (fortes = sterk, kraftig og lenis = mjuk, mild).

Overgangen til b, d, g skjer med opphavleg (norrøne) korte (enkle) plosivar som står etter lang vokal, døme: å bide og å vede (norrønt bíta og vita).

Andre døme på overgangen i desse dialektene er:

  • å tabe, å gabe, å ròbe (ropa)
  • liden (liten)
  • å ede (eta)
  • mad (mat)
  • ei bòg (bok)
  • å kòge
  • å bage (baka)

At overgangen berre gjeld opphavleg korte konso­nantar, går fram av den vestegdske uttalen av til dømes orda åte (talord) og ei doute (dotter). Dette er ord som hadde lang konsonant i norrønt, og som altså difor ikkje har fått overgang til stemd konsonant.

Det finst også fleire døme på tidleg forlenging av den norrøne konsonanten, og dermed ikkje overgang til stemd lyd, sidan berre dei korte plosivane blei stemde, døme er hitt adverb (av norrønt hit), eit spett (norrønt spit), fattig (norrønt fátøkr) og andre.

I austlege kyststrok på Agder er det også lett å finna døme på forlenging av den korte konsonanten etter at han blei stemd, jamfør Kristian­sand bymål:

  • å sidde (sitja)
  • sjibb (skip)
  • kåbbår (kopar)
  • pebbår (pepar)
  • kjødd (kjøt)
  • nødd (ei nøtt)
  • rådden (roten)
  • spiggår (spikar)

Unntak frå regelen

Det finst innafor heile området ein del ord med kort (enkel) konsonant som ikkje har fått overgang til b, d, g. Truleg er dette helst innlånte ord, døme:

  • grepa adjektiv
  • sleip adjektiv
  • skaut (hovudplagg)
  • ei skøyte
  • rak adjektiv
  • å prate
  • ei bussrute
  • eit ruteopplegg (for buss/tog)

I ein del av området med overgang til b, d, g, det gjeld særleg i Dalane i Rogaland, har utviklinga stoppa på halvvegen, og resultatet har blitt ein «mellomting». Plosivane p, t, k har her endra uttale, men er framleis ustemde, og resultatet blir kalla «halvstemde» plosivar. Ei utvikling som denne finn me også i delar av Sør-Trøndelag og på Midt-Helgeland (sjå dialekter i Nordland).

På vikande front

Overgangen frå p, t, k til /b, d,g/ kan ha kome til Sør-Noreg på 14- 1500-talet frå dei danske øyane.

Av /KF-arkiv ※.

Nyare granskingar synest å visa at dei «blaude» konsonantane er på vikande front. Dei unge byter ut dei stemde b, d, g med dei tilsvarande ustemde p, t, k. Dette skjer først i samansette ord, til dømes i ord som språkreise, motepress, uteplass, og det skjer i utlyd av ord, som i kjennskap, mat, ut og eit tak. I Kristiansand og Arendal er overgangen til b, d, g mest heilt borte hos dei unge. Også i Skudeneshavn på Karmøy blir i dag dei «blaude» konsonantane borte hos dei unge.

Opphav

Ein veit ikkje heilt sikkert om overgangen frå p, t, k til b, d, g er ei sjølvstendig utvikling i Noreg eller om fenomenet har spreidd seg frå Danmark. Områda på Sør- og Vestlandet som har «blaude» konsonantar heng mål­geografisk saman med Danmark. En veit at det på 1400- og 1500-talet og framover var eit omfattande økonomisk og kulturelt samband over Skagerak. Overgangen til b, d, g sør i Noreg kan då ha spreidd seg frå dei danske øyane. Fenomenet blaude konsonantar på Agder og i Rogaland har ingen samanheng med bruk av dansk skriftmål i «dansketida» frå 1380 til 1814.

Som nemnt kan overgangen til b, d, g også ha skjedd som ei sjølvstendig utvikling på norsk målområde, då med utgangspunkt i det norrøne konsonantsystemet.

I dansk talemål har lydutviklinga mot b, d, g gått lenger enn i Noreg, slik at p, t, k etter vokal der har blitt frikativar, eller dei har falle heilt bort. (Ved frikativ uttale av b, d, g er det ei innsnevring av luftstraumen, slik at ein høyrer friksjon.) Døme på slik frikativ uttale i dansk: tæβe (tape), mæð (mat), kåɣe (koke).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka, Novus forlag, 1990.
  • Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap, 2. utg., Novus forlag, 1987.
  • Skjekkeland, Martin: Dei norske dialektane, Høiskoleforlaget, 1997. (Side 111–113)
  • Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Høiskoleforlaget, 2005. (Side 77–78)
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010, Portal forlag.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Cappelen Damm Akademisk, 2012.

Kommentarer (2)

skrev Henrik Hageland

Skurrer litt på namnet og den fyrste setningi til artikkelen burde ein ikkje hatt determinativet "den" i namnet: "Den bløte kyststripe - språkvitenskap"samt "det" i den fyrste setningi: "Den bløte kyststripe er den del [...]"? Prøvde å sende inn brigdeføreslag men fekk det ikkje til.

svarte Martin Skjekkeland

Takk Henrik! Heilt samd med deg.Dette er ein gammal artikkel, henta frå papirleksikonet. Artikkelen ligg på mitt bord, klar til redigering.Teksten må ordnast og skrivast på nytt! Takk for dine tips. Noko av det du foreslår, ordnar eg alt på måndag. Helsing Martin Skjekkeland

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg