Artikkelstart
Jæren er ein region i Sør-Rogaland. Geografisk dekker Jæren det flate kystområdet frå Boknafjorden i nord til Dalane i sør. På Nord-Jæren ligg Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. Lenger sør møter ein det som blir kalla Den eigentlege Jæren, eller Låg-Jæren. Låg-Jæren er den 10–15 km breie randa langs kysten frå Brusand i sør og 60 km nordover til Tungenes, nordenden av halvøya mellom Gandsfjorden og Nordsjøen.
Namet Jæren var tidlegare Jæderen, av norrønt Jaðarr, 'rand, kant'.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.