Faktaboks

Innbyggjartal
732 (SSB, 2023)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
4763 Ferkingstad

Ferkingstad er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 732 innbyggjarar (2023).

Ferkingstad ligg sørvest på øya Karmøy, nord for Falnes sokn. Soknet har tett busetjing langs kysten og Fv 47, og fiskehamn. Det er gjort arkeologiske funn av hustufter og naustmurar i samband med ein «hamn» frå folkevandringstida. Ferkingstad kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1854.

Vel fem km ute i havet nordvest for kyrkjestaden ligg Ferkingstadøyane som er verna som naturreservat med stort fugleliv.

Namnet. Førsteleddet er truleg eit norrønt mannsnamn, Farþegn.

Kart

Ferkingstad
Ferkingstad
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg