Faktaboks

Administrasjonssenter
Randaberg
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
11 454 (2022)
Landareal
24 km²
Høgaste fjell
Signalhaugen (75 moh.)
Innbyggjarnamn
randabergsbu
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Randaberg kommune i Rogaland
Randaberg kommune i Rogaland fylke.
Kart: Randaberg kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tungenes fyr.
Tungenes fyr.
Randaberg kyrkje
Randaberg kyrkje
Randaberg

Randaberg. Utsyn frå Tungeneset mot nordaust. Rennesøy i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Randaberg er ein kommune i Rogaland fylke, på nordspissen av Jæren nordvest for Stavanger. Kommunen blei oppretta ved utskiljing frå dåverande Hetland kommune i 1922 og har sidan hatt uendra grenser.

Randaberg grensar i sør og aust til Stavanger.

Natur

Berggrunnen består av kambrosiluriske sediment som vart sterkt omdanna i kaledonsk tid (fyllitt og glimmerskifer). I sørvest finst noko eldre gneisar, også desse sterkt omdanna i kaledonsk tid. Berggrunnen er for det meste dekt av store glasiale lausmassar, men er blottlagd særleg i søraust og vest. Landskapet er lågtliggjande med slake linjer og praktisk talt utan skog. Det høgaste punktet er Signalhaugen (75 meter over havet) ved Byfjorden nordaust i kommunen.

Klima

Den kaldaste månaden er februar med normal på 1,8 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,5 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 170,2 millimeter, og minst er det i april med normal på 69,2 millimeter. Målingane er frå Våland målestasjon.

Busetjing

Befolkninga er jamt fordelt på tre større område: kommunesenteret Randaberg sentralt i kommunen, Grødem aust mot Byfjorden og Viste/Goa i sørvest. Alle desse tettgrendene utgjer delar av Stavanger tettstad og hadde i 2016 til saman 9219 innbyggjarar, noko som gir kommunen ein tettstadsdel på 86 prosent. Til samanlikning er tettstadsdelen 88 prosent i Rogaland samla sett.

Som nabokommune til Stavanger har befolkningsveksten vore sterk i fleire tiår; i 2017 hadde til dømes Randaberg meir enn fem gonger så stort folketal som i 1950. I tiårsperioden 2007—2017 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 1,4 prosent årleg, mot 1,6 prosent i Rogaland samla sett.

Kart over Randaberg kommune
Kart over Randaberg kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel og hotell- og serveringsverksemd den viktigaste næringa målt etter sysselsetjing. 16 prosent av arbeidsplassane i Randaberg i 2016 var i denne næringa. Industrien hadde ti prosent av arbeidsplassane dette året, 24 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon.

Sjølv med berre to prosent av arbeidsplassane i Randaberg er innan primærnæringane, blir det drive eit stort jordbruk, og nesten 60 prosent av landarealet i kommunen er dyrka jord. Bruka er noko under middels store og har allsidig drift. Det blir drive ein intensiv mjølkeproduksjon, og det er eit stort hønsehald. Det blir også halde noko gris. Elles blir det dyrka ein del poteter, og det blir drive mykje hagebruk, særleg dyrking av grønsaker på friland; Randaberg har etter Klepp størst grønsaksareal av kommunane i Rogaland.

Det er etablert store oljebasar på grensa til Stavanger i søraust. I dette området er det også ein del industribedrifter innan verkstadindustri, elles er det noko næringsmiddelindustri. Verkstadindustrien omfatta i 2015 i alt 87 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen. I Mekjarvik ved Byfjorden nordaust i kommunen ligg ein del større bedrifter innan oljerelatert verksemd, og dessutan sentralreinseanlegg for store delar av Jæren.

Av yrkesaktive som er busette i Randaberg, arbeidde 71 prosent utanfor kommunen i 2016. 43 prosent arbeidde i Stavanger, elleve prosent i Sola, sju prosent i Sandnes og i alt fire prosent i resten av kommunane i Rogaland.

Samferdsel

Randaberg har eit tett vegnett. Det viktigaste vegsambandet er E39 frå Stavanger til Harestad. Vegen held fram nordover via tunnel under Byfjorden og deretter Mastrafjorden til Rennesøy (Rennfast), og vidare via bilferje Mortavika–Arsvågen til Bokn.

Det ligg føre konkrete planar om å krysse Boknafjorden med ein undersjøisk vegtunnel frå Randaberg til Bokn (E39 Rogfast). Denne vil få samband vestover til Kvitsøy og blir verdas lengste (26,7 kilometer) og djupastliggande (maksimum 392 meter under havet) undersjøiske vegtunnel. Sjå elles Rogaland.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Randaberg høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Randaberg kommune svarer til dei to sokna Grødem og Randaberg i Tungenes prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Randaberg til Jæderen og Dalene fogderi (futedømme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Randaberg

For statistiske føremål er Randaberg kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman ni grunnkrinsar:

  • Goa: Goa - Viste Hageby, Goa - Leikvoll
  • Grødem: Grødem
  • Harastad - Rygg: Rygg, Harastad
  • Viste - Bø - Tunge: Viste, Vistnes, Bø, Todneim - Sande - Tunge

Historikk og kultur

Vistehola (Svarthola) er ein av dei best kjende buplassane frå norsk steinalder. Vest for denne ligg Grøderøysa frå bronsealderen, 40 meter lang, ni meter brei og tre meter høg.

Randaberg kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1845 med døypefont frå mellomalderen. Kyrkja ligg i kommunesenteret Randaberg. Framfor kyrkja blei det i 1989 reiste ein statue av «Randabergmannen», ein steinaldermann som minner om busetjinga i Vistehola.

Vistnestunet, som ligg ytst mot havet i vest, er ein gard med eit komplett jærtun frå 1875. Garden har også ein heil del husdyr og blir i dag driven som museumsgard i regi av Jærmuseet og Randaberg kommune.

Tungenes fyr ligg lengst nord i kommunen. Det er frå 1828 og er no eit populært besøksfyr. Like ved er det eit sjøbruksmuseum med galleri og utstillingar som høyrer til Jærmuseet.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1981) har 14 myntar i sølv langs randa mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserer kommunenamnet.

Namnet kjem av norrønt rǫnd, ‘rand, kant’ og speglar plasseringa av kommunen ytst mot havet og nordlegast på Jæren.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Lindanger, Birger: Randaberg, 1983–1996, fem bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg