Språkhaldningar er haldningar til ulike variantar av språk. Det gjeld haldningar til talespråk som dialektar, sosiolektar eller nasjonalspråk; eller til versjonar av skriftmål, til dømes radikalt og konservativt bokmål, eller til nynorsk. Haldningar til språk og dialektar byggjer i stor grad på forhold som ligg utanfor språket. Nedvurderingar og oppvurderingar av språk og dialektar kan som regel forklarast utifrå historiske, politiske og sosiale forhold; og har såleis opphav i sosiale vurderingar av dei som brukar språket. Det er vanleg å setja verdiar på ulike språkvariantar, til dømes ved å karakterisera ein dialekt som «fin», «stygg», «komisk», «rar», «koseleg», «morosam» og så vidare. Språkleg sett er desse karakteristikkane heilt grunnlause og tilfeldige.

Faktaboks

Også kjend som

Bokmål språkholdninger, svensk språkattityder, engelsk language attitudes

Blant lingvistar er det brei semje om at haldningar til dialektdrag og dialektar har opphav i sosiale forhold, det vil seie utanfor sjølve språket. Likevel finst det fagfolk som meiner at ein også må rekna med reint estetiske vurderingar av språkdrag som at ein dialekt er «klangfull» eller «vakker».

Haldningar til einskilde dialektdrag

Tjukk l i austlandske og trønderske dialektar er døme på ein enkeltlyd som kan bli vurdert negativt. Denne lyden, som finst i ord som OLa (Ola), kLokke (klokke) og bLo (blod) er ein lyd som har hatt nokså låg sosial status. I NRK var det heilt fram til 1990-talet slik at faste medarbeidarar ikkje fekk lov til å bruka markerte tjukke l-ar i programtenesta. I engelsk finst det tilsvarande døme knytt til r‑lyden. I New York ligg det prestisje i å uttala r-en i ord som car og bird. I England er det motsett, her har r-uttale lågare sosial verdi i slike og tilsvarande ord. Det er altså sosiale og ikkje språklege vurderingar som er grunnlaget for desse haldningane. Eit liknande døme finn ein i bruken av pronomen i norsk: I Stavanger har pronomenet je tradisjonelt vore rekna som «fint», men av folk i Oslo er det same ordet je av mange sett på som «breitt» og heimehøyrande på ”bondelandet”. Også dette stadfestar ei sosial vurdering av eit språktrekk.

Media kan byggja opp under haldningar

I det norske samfunnet er det framleis slik at nokre samfunnslag har positive forteikn til seg, medan andre har negative. Dette blir også knytt til språket. Døme på dette er når austkantmålet i Oslo har vore bruka i revyar og i filmar for å karakterisera folk på den lågare sosiale rangstigen. Eit døme kan vere at røvarane og skurkane i bøker og på film og teater snakkar vikamål eller ‘gatespråk’ frå Oslo. Når ein i dagens mediesamfunn koplar saman språk og sosiale grupper, kan det styrkje gamle stereotype oppfatningar av visse sosiale grupper i det norske samfunnet.

Mønster i haldningane

I studiet av haldningar til talespråk er det nokre mønster som peikar seg ut. Ofte er det slik at dialektar langt unna blir vurderte positivt. Mange folk på Austlandet kallar dei nordnorske dialektane sjarmerande og «eksotiske».

Dialektar som har særpreg i ordval og uttale kan bli vurderte som fine og interessante. For Oslo-folk kan det gjelda dialektane i Setesdal, Nord-Gudbrandsdal eller i Hardanger. Når dialektane i Midtre- og Øvre Telemark ofte kjem «heldig» ut, kan det ha med endingsvokalane å gjera (til dømes i former som hestar, visur, skålir). Eit anna gjennomgåande trekk er at folk reknar eigen dialekt eller nærliggjande dialekt som «brei» eller «flat».

Dialektar som høyrer heime nær byane, får ofte eit negativt stempel av dei som bur i byen. Dette er dialektar som liknar mykje på bymålet (til dømes i Oslo), men som likevel skil seg ut på nokre punkt i språksystemet. Døme på dette er Østfold-dialekten, som har former som båtær og båtane og nektingsforma ente eller ette. I områda nord for hovudstaden seier dei je og itte (for eg og ikkje). Slike språkdrag blir då eit kjennemerke på folk frå «bondelandet». Desse dialektformene kan også i visse miljø bli sett på som ei forvrenging av «normaluttalen» av norsk. Negativt syn på dialektar i omlandet til byen eller tettstaden byggjer ofte på eit eldre økonomisk konkurranseforhold mellom byen og landdistrikta omkring. Ei nedvurdering av bygdemåla rundt byen er truleg også uttrykk for gammal gruppesolidaritet. Folk i byen ønskjer å skilja seg ut som gruppe, og dei set eit negativt stempel på dei som ikkje høyrer til i byen. Døme på gammal motsetnad mellom by og land har vi i tilhøvet mellom Bergen og Strilelandet, mellom Stavanger og Jæren og mellom Kristiansand og Vennesla, og fleire andre stader. Det negative synet som byfolka har hatt på dialektane i omlandet, er nå som regel borte, men noko av det lever vidare den dag i dag.

Eit anna vanleg mønster i språkhaldingane er at dialektar eller talemål som ligg nær opp til bokmål, har prestisje. Denne språkvarianten har fleire trekk frå språket på vestkanten i Oslo, og mange meiner at dette er den mest korrekte måten å snakka norsk på. Norsk har ikkje eit offisielt standardtalemål, i motsetnad til mange andre europeiske land.

Dialektane blir påverka av språkhaldningar

Haldningar spelar ei viktig rolle for sjølve utviklinga av dialektane. Dersom visse dialektdrag blir kollektivt nedvurderte, kan desse språkdraga gå gradvis tilbake og bli heilt borte.

Stereotype haldningar til ein dialekt kan også påverka den regionale identiteten til innbyggjarane i ein region. Ei positiv haldning skaper trygg identitet til eigen region. Motsett kan ei utbreidd negativ haldning til talemålet i eit område gje svak lokal identitet, og dialekten kan gå gjennom store endringar eller bli degradert til eit kvardagsspråk i heimen og mellom naboar i den aktuelle bygda eller småbyen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kristiansen, Tore: Hvad er sprogholdninger? Sjå Sprogholdninger under: http://dialekt.ku.dk
  • Omdal, Helge: Språklig mangfold og språklig toleranse. I: Språknytt 3-4/1999.
  • Sandøy, Helge: Dialektkunnskap. Oslo: Novus, 1991 (side 159-164)
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet. Kristiansand. Portal, 2010 (side 63-68)
  • Trudgill, Peter: Introducing Language and Society. London: Penguin English, 1992 (side 44-45)
  • Venås, Kjell: Mål og miljø. Oslo. Novus, 1991 (side 242–264)
  • Vikør, Lars S.: Språkhaldningar i 2002 – ei meiningsmåling. I: Språknytt 1/2004.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg