Fræna (tidlegare kommune)

Faktaboks

Landareal
362 km²
Innbyggertall
9 800 (2019)
Administrasjonssenter
Elnesvågen
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggernavn
fræning
Målform
nøytral
Kommunenummer
1548 (fram til 2020)
Høyeste fjell
Kvannfjellet (981 moh.)

Kommunevåpen

Fræna. Fiskeværet Bud med kyrkja frå 1700-tallet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Fræna var ein kommune i Møre og Romsdal som eksisterte frå 1837 til 2019. Fræna er frå 2020 slått saman med Eide til nye Hustadvika kommune. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.

Fræna ligg på ytre del av Romsdalshalvøya, nordvest for Molde. Fræna omfattar i sør landet rundt Frænfjorden/Malmefjorden og Fræneidet innanfor og i nord landet ut mot Hustadvika, dessutan ei rekkje småøyar, mellom anna Bjørnsundøyane ytst i Harøyfjorden.

Natur

Berggrunnen i Fræna er av grunnfjellsalder, men er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese) som har gitt berggrunnen ei strøkretning sørvest-nordaust. Den består for det meste av ulike gneisbergartar.

Av særleg betydning er kalksteins- og marmorførekomstane, mellom anna i fjellområdet nord for Fræneidet. Desse førekomstane har ei større utbreiing over til Eide i nordaust. Ute ved kysten nordaust for Hustadbukta er det eit mindre område med djupbergarten gabbro.

Strandflata er godt utvikla med store område med eit temmeleg myrlendt terreng, særleg i Hustad og Bud i den nordlege delen av Fræna. Det er òg betydelege myrområder mellom Sylte og Elnesvågen i Indre Fræna (Elnesmyrane), på Fræneidet og innanfor Malmedalen i søraust (Berrmyran).

Landskapet i søre og austre delar av Fræna er berglendt, med toppar på 600–1000 meter over havet. Det høgaste fjellet er Kvannfjellet, 980 meter over havet, på grensa til Eide. Det går fleire låge eid frå Frænfjorden over til Eide og Hustadvika, og desse følgjer strøkretninga i berggrunnen. Dette gjeld særleg Fræneidet mellom Elnesvågen og Eide.

Busetnad

Tyngden av busetnaden ligg langs strendene, særleg ved Frænfjorden, der ein finn fire av dei sju tettstadene: Elnesvågen, Tornes ved fjordmunningen, og Sylte og Malme ved Malmefjorden, ved den inste delen av Frænfjorden.

Det er òg jamn busetjing langs Harøyfjorden i vest og mot Hustadvika i nord. Her er tettstadane Bud og Nerland. Den siste tettstaden er Hollingen ved grensa til Aukra i sørvest. I 2019 budde 55 prosent av Fræna si befolkning i tettstadar, mot 73 prosent i fylket samla sett.

Fiskeværet Bjørnsund lengst sør på Hustadvika, som hadde 600 innbyggjarar i 1949, vart fråflytta med offentleg støtte i 1971.

Befolkningen i Fræna har vore i nærmast kontinuerleg vekst sidan 1950, og med særleg sterk på 1970-talet. I tiårsperioden 2010–2019 auka folkemengda til kommunen med 5,0 prosent, samanlikna med mot 6,4 prosent vekst i Møre og Romsdal samla sett.

Næringsliv

Av arbeidsplassane i Fræna var seks prosent sysselsett i primærnæringane, mot fire prosent i fylket samla sett (2019). I 2016 var den gjennomsnittlege storleiken på dyrka areal per landbrukseigedom i Fræna blant fylkets største, høvesvis 291 dekar i Fræna og 203 dekar i Møre og Romsdal.

Jordbruksarealet i Fræna utgjer i alt 53 300 dekar. Av dette er knapt 96 prosent eng til slått og beite og berre noko over fire prosent fer og hage (2016). Av åkerarealet blir nytta 83 prosent til korndyrking (2016). Dyrkingsjorda består av moldblanda sand og aur, og torvjord med lett tilgang på kalk som jordforbetringsmiddel. Det to kvadratkilometer store Hustadfeltet vart dyrka opp etter andre verdskrigen i samband med opninga av eit kalk- og marmorbrot. Klart viktigaste driftsform er mjølkeproduksjon, men det blir òg halde noko sau.

Fiskerinæringa er viktig. Flåten heimehøyrande i Fræna førte i land 11,6 tonn fisk til ein førstehandsverdi av 87,9 millionar kroner i 2015. Det blir likevel ført i land betydeleg større fangstar enn dette: totalt 40,3 tonn til ein førstehandsverdi av 297 millionar kroner (2015). Den naturlege hamna i Harøysund er sentral for fiskerinæringa.

Fræna har ein svært allsidig industri. Denne omfatta 17 prosent av arbeidsplassane i den dåverande kommunen i 2019, 27 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Viktigaste industribransjar er verkstadsindustri med 30 prosent av arbeidsplassane i industri (2015), og viktige bedrifter har vore Doosan Moxy AS og FrioNordica AS. Oljeraffinering/kjemisk/farmasøytisk industri (først og fremst Hustadmarmor AS), hadde 23 prosent av dei sysselsette innanfor industrien, og næringsmiddelindustri (fiskeforedling og meieri) hadde 28 prosent av arbeidsplassane i industrien i 2019. Endeleg hadde gummi-, plastindustri- og mineralsk industri åtte prosent, trelast-/trevareindustri åtte prosent og bergverksdrift (brot av kalkstein og marmor) to prosent av dei industritilsette i Fræna i 2019.

Av arbeidstakarar busette i Fræna hadde 48 prosent arbeid utanfor kommunen i 2019, 30 prosent i Molde og i alt seks prosent i nabokommunane Aukra, Eide, Gjemnes og Averøy på Nordmøre.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Fræna høyrde til Møre og Romsdal politidistrikt, Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett. Kommunen var med i regionrådet Romsdal regionråd.

Fræna kommune svarte til dei tre soknene Bud, Hustad og Vågøy/Myrbostad i Molde domprosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Fræna til Romsdal fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Fræna

For statistiske formål var Fræna kommune delt inn i sju delområde med til saman 25 grunnkrinsar:

  • Stavik-Løset: Stavik, Løset
  • Søre Fræna: Hoem, Helset, Valle, Sande
  • Haukås: Eidem, Haukås, Myrbostad
  • Sylte-Malme: Sylte, Kolberg, Malme
  • Farstad: Skotheim, Farstad, Vassenden
  • Hustad: Nerland, Hustad, Skarset, Male, Vikan
  • Bud: Sunde, Bergset, Bud, Gule, Vestad

Historikk og kultur

Fræna vart oppretta som kommune under namnet Vågøy (Vaagøe) ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837, og fekk i 1862 sitt noverande namn.

Si siste utstrekking fekk Fræna i 1964, då kommunane Bud og Hustad vart slått saman med Fræna til nye Fræna. Etter dette grensa Fræna til Eide i aust, Gjemnes i søraust, Molde i sør og Aukra i sørvest.

Trollsteinkyrkja er ei kalksteingrotte med fleire inngangar, som er lett tilgjengelege frå vegen mellom Elnesvågen og Eide. Ergan kystfort er ei avdeling av Romsdalsmuseet og er etablert rundt eit kystfort bygd av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Ved Ergan er det òg eit stort fugleberg, der tusenvis av krykkjer hekkar i tida mellom februar og august. Utanfor Bud ligg Bjørnsund, eit fråflytta fiskevær der kommunen driv leirskule.

Den største avisa i kommunen er regionavisa Romsdals Budstikke, som har hovudkontor i Molde. Avisa er ei av dei eldste i landet og kom med det første nummeret alt i 1843. Avisa kjem ut alle kvardagar og er redigert på bokmål.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart teke i bruk frå 1989 og vedteke i 1995. Det hadde åtte blå bølgjer mot eit gullfarga bakgrunn, som symboliserer havet.

Namnet er mest truleg eit opphavleg namn på Frænfjorden. Tolkinga av namnet er uviss. Det kan ha samanheng med islandsk frenje, 'frese, skumme, hyle', og siktar slik til lyden når det blæs kraftig i fjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Helseth, Anne Holen: Gard og slekt i Fræna, bind 1, 2001
  • Julnes, Johan: Bygdebok for Fræna : gard og slekt, 2004- ., 3 bind

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg