Isfjorden (tettstad i Rauma)

Isfjorden er et tettsted som ligger ved fjorden med samme navn i Rauma kommune. Her sees tettstedet fra den andre siden av fjorden.
Av .

Artikkelstart

Isfjorden er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 1310 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Etymologi

Opprinnelig et fjordnavn, antagelig fordi den fryser lett om vinteren Navnet er brukt også som bygdenavn minst fra 1400-tallet. Som tettstedsnavn er det av ny dato

Innbyggertall
1310 (SSB, 2020)
Landareal
1,2 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
6191 Isfjorden

Tettstaden ligg ved botnen av fjorden med same namn. Dette er den inste arma av Romsdalsfjorden som strekkjer seg vel seks km austover frå Åndalsnes. Rett sør for tettstaden renn Henselva ut i fjorden, elva blir danna av Isa og Glutra (sjå Grytten kraftverk) mindre enn to kilometer før munninga i Isfjorden.

Isfjorden var kommunesenter i den tidlegare Hen kommune. Bygda har lange tradisjonar med konfeksjonsindustri, til dels ved heimesaum. I dag kan ein sjå denne tradisjonen gjennom Konfeksjonsmuseet, som er ein del av Romsdalsmuseet. Hen kyrkje er ei langkyrkje i mur frå 1831.

Fylkesveg 64 (ÅndalsnesMolde-Kristiansund via Atlanterhavsvegen og Atlanterhavstunnelen) går gjennom tettstaden.

Kart

Isfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg