Møre bispedømme

Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Møre bispedømme blei oppretta i 1983, då det blei skilt ut frå Nidaros bispedømme og Bjørgvin bispedømme. Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke.

Bispedømmet er delt i seks prosti, 25 kyrkjelege fellesråd og 95 sokn/kyrkjelydar. Flateinnhaldet er 15 121 km2 og talet på kyrkjemedlemmar var i 2018 211 786, som tilsvarar 81,4 prosent av befolkninga. Bispesetet er Molde. Den første biskopen var Ole Nordhaug (1983-1991), etterfølgd av Odd Bondevik (1991-2008). Biskop frå 2008 er Ingeborg Synøve Midttømme.

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg