Syltefjellet
Sikksakkstripen skal ifølgje tradisjonen vere sjøormen som Olav den heilage slengde i fjellveggen då han landa i Valldal i 1028.
Syltefjellet
Av .

Valldalen er eit dalføre i Fjord kommune i Møre og Romsdal som strekkjer seg frå administrasjonssenteret Sylte ved munningen av Valldøla (Valldalselva) på nordsida av Norddalsfjorden og rundt 30 km nordaustover til vasskilet på grensa til Rauma. Dalføret har 925 innbyggjarar (2015).

Bygda er fruktbar med stor produksjon av frukt og bær, særleg jordbær, og det blir arrangert ein årleg jordbærfestival. Frukt- og bærlagre og fryseri, og dessutan sementvare- og trevareindustri er sentralt i Valldal. Her kjem avisa Storfjordnytt ut kvar veke. Oppover Valldalen over til Åndalsnes går den berømte Trollstigvegen (fylkesveg 63; nasjonal turistveg). Det høgaste punktet på vegen er 865 moh. Om sommaren er det stor turisttrafikk.

Sikksakkstripen i Syltefjellet ved fjorden er ifølgje tradisjonen sjøormen som Olav den heilage slengde i fjellveggen då han landa i Valldal i 1028. Ferda til Olav gjennom dalen feirar ein årleg med «Olsok-dagane» ved Sylte. Feiringa gjekk føre seg for første gong i 1989.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn, norrønt Valldalr, der førsteleddet har usikkert opphav. Gardsnamnet kan vere danna sekundært til eit elvenamn, norrønt Vǫl, 'den strøymande, sydande', eller avleidd av vǫllr, 'voll'.

Kart

Valldalen
Valldalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg