Antonio de Oliveira Salazar

Faktaboks

Antonio de Oliveira Salazar
Uttale
salazˈar
Født
28. april 1889, Vimieiro i Santa Comba Dão, Portugal
Død
27. juli 1970, Lisboa, Portugal
Foto fra 1940.
Av .
António de Oliveira Salazar fotografert tidleg på 1940-talet.
Av /The Gulbenkian Art Library.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Antonio de Oliveira Salazar var ein portugisisk politikar og var statsminister i Portugal frå 1932 til 1968. Han styrte landet som eit nasjonalistisk diktatur med støtte frå den katolske kyrkja, og med kommunismen som den fremste fienden.

Bakgrunn

António de Oliveira Salazar var fødd i Santa Comba Dão i Portugal. Han var son av ein mindre landeigar og tok utdanning først ved eit presteseminar, seinare ved Universitetet i Coimbra. Han spesialiserte seg innanfor økonomisk politikk og oppnådde svært gode karakterar. Dette opna vegen for ein akademisk karriere, og Salazar vart tilsett som professor ved universitetet, der han etter kvart tok doktorgraden.

Ved ein revolusjon i 1910 vart kongedømet i Portugal avskaffa og den første republikken innført. Dei nye statsleiarane var anti-kyrkjelege og stod i sterk motsetning til den dominerande katolske kyrkja. Republikken var prega av politisk og økonomisk kaos, med raskt skiftande regjeringar, politiske attentat og kraftig inflasjon, og enda med eit militærkupp i 1926. Denne perioden sette sterkt preg på Salazar sitt politiske syn, og han enda opp med å ta avstand frå demokrati, liberalisme, sosialisme og kommunisme.

Politisk karriere og styringsform

Inspirert av Italia og Franco

I 1928 vart Salazar finansminister, og fire år seinare vart han forfremja til statsminister. Han stod sentralt i utforminga av «Estado Novo» («ny stat»), som var inspirert av utviklinga i Italia, der korporativismen stod sentralt. Det vil seie at politikken skulle styrast gjennom næringsorganisasjonar og yrkesgrupper framfor gjennom demokratiske val. Salazar støtta Francisco Franco, generalen som leidde nasjonalistane mot den republikanske venstresida under den spanske borgarkrigen. Liksom Franco i Spania, heldt Salazar Portugal nøytralt under andre verdskrigen.

Etterkrigsåra

Etter 1945 heldt Salazar fram med å styre Portugal som eit autoritært diktatur. Landet opplevde aukande økonomisk vekst, men leid samtidig av manglande utvikling på grunn av låg satsing på utdanning og langvarige krigar for å halde på koloniane i Afrika. I 1968 vart Salazar ramma av hjernebløding og vart avsett som statsminister. To år seinare døydde han. Militærstyret etter Salazar vart styrta under den såkalla «nellikrevolusjonen» i 1974, og to år seinare fekk Portugal eit demokratisk styresett.

Frå 1932 til 1968 var Antonio Salazar Portugals diktator. Biletet viser Salazar (til venstre) som vert for sin spanske kollega, Francisco Franco, i Lisboa i 1949.

Av /NTB Scanpix ※.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finn Fuglestad: Spanias og Portugals historie. En oversikt. Oslo 2009
  • Hugh Kay: Salazar and Modern Portugal. New York 1970
  • Filipe Ribeiro de Meneses: Salazar. A Political Biography. New York 2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg