Ålegrasfamilien er ein plantefamilie innan klassen einfrøblada planter. Det er 24 artar i familien, fordelt på desse slektene: Zostera, Nanozostera, Heterozostera og Phyllospadix.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Zosteraceae
Ålegrasfamilien er ein plantefamilie innan klassen einfrøblada planter. Det er 24 artar i familien, fordelt på desse slektene: Zostera, Nanozostera, Heterozostera og Phyllospadix.
Ålegrasfamilien har smale og lange blad, spesielle frøstandar, og veks i saltvatn. Artar i slektene Zostera, Nanozostera og Heterozostera veks i mudder eller sand, medan artar i slekta Phyllospadix sit festa på fjell i fjøresona.
Ålegrasfamilien har ei vid utbreiing i tempererte område. Slekta Phyllospadix finst berre på vestkysten av Nord-Amerika. Slekta Zostera finst på den nordlege og Heterozostera på den sørlege halvkula, medan Nanozostera finst både på den nordlege og sørlege halvkula. ). I Noreg finst det to artar i ålegrasfamilien; ålegras (Zostera marina L.) og dvergålegras (Nanozostera noltei (Hornemann) Tomlinson & Posluszny.
Zostera var tidlegare ei nytteplante mange stadar i Europa, og vart i Noreg brukt til mellom anna gjødsel, madrass-stopp, isolasjon av hus, og til krøtterfor. Sannsynlegvis vart Zostera også brukt til mat, då Zostera i Noreg enkelte stader har hatt namnet matlauk eller marlauk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.