Ålegras, Zostera marina
Av /Ocean Photo/Artsdatabanken.
Lisens: CC BY 4.0

Ålegras er ei marin blomeplante som dannar tette bestandar, kalla ålegrasengar, som er viktige leveområde for mange artar på grunt vatn. Ålegras finst over heile den nordlege halvkula. Tidleg på 1930-talet forsvann mykje av ålegraset i Nord-Atlanteren, og mange stadar tok det fleire tiår før ålegrasengene gjenetablerte seg. No er ålegras trua av menneskeleg påverknad som til dømes fysiske inngrep i strandsona, overgjødsling, overfiske og periodar med høge sjøtemperaturar. I Indre Oslofjord et er påvist ein nedgang av ålegraset.

Faktaboks

Også kjend som
ålegress
Vitskapeleg namn
Zostera marina
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Ålegras

Etter befruktinga utviklar hoblomane frø, som liknar riskorn og ligg tett saman i to rader på eine sida av bladet. Foto fra: Fejrup, Helgenæs

Ålegras er ei marin karplante, altså ei blomeplante som har tilpassa seg å leva heilt neddykka i saltvatn. Ålegras har røter og sit festa i blautt substrat som sand eller mudder. Arta er fleirårig. Det veks fram lange, smale blad frå rota om våren, og kvar plante kan danna 6-7 blad som kan bli opp til 1 cm breie og 1 m lange. Kvart blad har fem langsgåande nervar og ein avrunda topp.

Blomane til ålegras utviklar seg direkte på midtpartiet av blada, og dei er svært små med ein litt forgreina struktur. Ålegras er sambu, det vil sei at han- og hoblomar kan dannast på same plante, men blomane dannast likevel i skilde deler av bladet.

Etter befruktinga utviklar hoblomane frø, som liknar riskorn og ligg tett saman i to rader på eine sida av bladet. Om hausten visnar og fragmenterer som regel mesteparten av blada, og plantene overvintrar med rotsystemet sitt.

Systematikk

Ålegras høyrer til i ålegrasslekta (slekta Zostera) i ålegrasfamilien (Zosteracea), som er ein familie i vassgroordenen (Alismatales).

I Noreg finst det 3 artar i ålegrasslekta;

Nokre reknar ålegras og smalålegras som same art. Karplanter som har tilpassa seg eit marint levesett høyrer til ei ikkje systematisk gruppe planter som kallast sjøgras.

Veksestad

Ålegraseng
Av /Ocean Photo/Artsdatabanken.
Lisens: CC BY 4.0

Ålegras dannar gjerne tette bestandar i meir eller mindre samanhangande flekker der ålegras finst, og denne habitattypen kallast ålegrasengar. Ålegras finst på djup mellom 0 og 10 m, men er mest vanleg mellom 1 og 7 m. Ålegras finst berre på blautbotn, og treng fin grus, sand- eller muddersubstrat for å kunna veksa. Feltundersøkingar har vidare vist at ålegras ikkje finst på dei mest bølgeutsette stadane, men berre på middels eksponerte og beskytta stader av kysten. Ålegras veks også helst der botnen er relativt flat (skråningsvinkel opp til 10 grader) (kjelde NIVA). Dvergålegras veks grunnare enn ålegras, og kan finnast i nedre del av tidevassona.

Utbreiing og bestandsvariasjonar

utbredelse av ålegress

Naturlig utbredelse av ålegress (Zostera marina). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

utbredelse av ålegress

Ålegras og smalålegras finst langs kysten i heile Noreg, og ålegras er den vanlegaste av dei to (kjelde Artsdatabanken). Det er funne flest ålegrasområder i Skagerrak-området. Dvergålegras er i Noreg berre registrert i nokre avgrensa område i Sør-Noreg (Skagerrak, Hordaland og Rogaland). Også utanfor Noreg har ålegras ei vid utbreiing, og arten finst over heile den nordlege halvkula. I Europa finst arten frå landa kring Middelhavet og nord til Kolahalvøya.

På 1930-talet var det ein sterk tilbakegang i førekomstar av ålegras i Nord-Atlanteren, og ein trur at over 90 % av ålegraset forsvann. Nedgang i ålegrasbestandar var blitt rapportert også før dette, men ikkje ein så katastrofal nedgang i ålegras som den som kom tidleg på 1930-talet. Det vart også funne teikn til nedgang i ålegras i Stillehavet, men i mykje mindre omfang. Gjenveksten etter denne store nedgangen av ålegras gjekk sakte dei fleste stader, og t.d. i Nord-Amerika hadde gjenveksten midt på 1950-talet ennå ikkje nådd mengda som fanst før 1930-talet. Ein ny nedgang i ålegraset vart rapportert frå Nord-Amerika i 1984, men han var mykje mindre enn den på 1930-talet.

Då ålegraset begynte å forsvinna i starten av 1930-talet, vart det fort klart at nedgangen skuldast ein sjukdom, og parasitten slimnett (Labyrinthula zosterae, Labyrinthula spp.) vart peika på som årsaka. Men sidan dette er ein vanleg førekommande parasitt på ålegras har årsakssamanhangen vore uklar, og det har vore spekulert i om årsaka var ein meir aggressiv variant eller art av slimnett.

Formeiring og genetikk

Ålegras formeirar seg vegetativt ved hjelp av rotstenglar og kjønna ved danning av frø.

Formeiring ved rotstengel skjer ved at ein stengel veks horisontalt ut frå rota og dannar ei ny ålegrasplante som er genetisk like morplanta. I enkelte tilfelle kan ein heil populasjon bestå av slike klonar som er danna gjennom rotstenglar.

Ålegras kan også formeira seg kjønna, der han- og hoblomar dannast i ulike område på blada. Arta er sambu, men ein studie viste høg førekomst av krysspollinering.

Medan populasjonar der vegetativ formeiring dominerer vil ha låg eller ingen genetisk variasjon, vil stor grad av kjønna formeiring føra til høg genetisk variasjon i populasjonar. Ein reknar med at bestandar med stor genetisk variasjon kan ha betre overleving på lang sikt. Den genetiske variasjonen til ålegras er høg langs vestkysten av Noreg og nordover og minkar innover i Skagerrak-området. Det er vist at lokale miljøtilhøve (lys, temperatur, næring og salinitet) verkar inn på høvet mellom vegetativ og kjønna formeiring.

Økologisk rolle og bruk

Ålegras

Sidan ålegras veks på bunnen er det mange gravande dyr som lever i dette samfunnet, mellom anna fjæremark. Fjæremark suger vann og sand inn gjennom munnen, og etterlater seg en liten haug med oppdyngede ekskrementer av sand som ein kan sjå på biletet.

Av .
Lisens: CC BY 4.0
Ålegrasmiljø

Ålegrasengane er bustad for mellom anna småfisk og virvellause dyr.

Av /Ocean Photo/Artsdatabanken.
Lisens: CC BY 4.0

Ålegrasenger dannar tredimensjonale levestadar som er svært viktige for mange andre organismar. Ei mengde små ryggradslause dyr lever på og blant blada, og sidan ålegras veks på blautbotn, finst det også mange gravande dyr i dette samfunnet. I tillegg finst det eit stort tal makroalgar som veks på blada, og nokre av desse veks berre på ålegras, som til dømes brunalgen ålegrastrevl (Cladosiphon zosterae).

Det er få dyr som beitar direkte på ålegras. Av og til er det likevel observert at små sneglar eller tanglus kan beita ned ålegrasbiomasse midlertidig. Eit unntak er imidlertid ringgås, som i enkelte periodar av året ser ut til å vera avhengig av ålegras som mat.

Fastsitjande dyr og makroalgar brukar ålegras som substrat, medan symjande ryggradslause dyr og småfisk finn mat i ålegrasengar, eller brukar ålegraset som skjulestad. Ålegrasengar kan også vera oppvekstområde for til dømes torskeyngel. På toppen av næringsnettet i ålegrasengar finn ein større fisk, som til dømes torsk og kviting.

Ålegras kan ha ein høg produksjon av biomasse gjennom sommarhalvåret, og i ein studie frå Danmark vart den samla blad- og rotproduksjonen i ei ålegraseng målt til ca 1 kg tørrvekt pr m2 gjennom ein vekstsesong. Bladproduksjonen blir brote ned att om hausten og vinteren og bidreg dermed til mat for mange filtrerande og partikkeletande dyr, men sidan ein stor del av den årlege produksjonen er rotvekst, vil ålegrasengar også kunna binda mykje karbon.

Ålegras har tradisjonelt vore brukt som ei nytteplante mange stader, som isolasjonsmateriale i hus og som «stopp» i madrassar og møbler. Det vart sett på som eit bra fôr for husdyr nokre stader, og ålegras som hadde drive i land, kunne brukast som jordforbetrande materiale.

Risiko og miljøpåverknad

Dvergålegras står på raudlista i Noreg og er vurdert til å vera sterkt trua. Ålegras er derimot vurdert til å vera livskraftig. Likevel er det mange trugsmål mot ålegrasengar, og til dømes i Indre Oslofjord er det vist at denne habitattypen er i klar tilbakegang. Trugsmål mot ålegrasengar kan vera inngrep som fysisk øydelegg ålegraset (til dømes gravearbeid og mudring), sjukdom, formørking av kystvatnet, lange periodar med høge temperaturar, og overproduksjon av epifyttar (påvekstalgar) med påfylgjande overgroing av ålegraset. Kraftig epifyttpåvekst kan skuldast to ulike typar forstyrringar; overgjødsling og kraftig algevekst som kveler ålegraset, eller overfiske av store fiskar. Færre store fiskar i økosystemet fører til meir mellomstor fisk, som i sin tur et dei små beitarane på epifyttane på ålegras. Når desse små beitarane er borte, vil algeveksten ta seg opp, og kvela ålegraset. På vestkysten av Sverige har ålegras vist kraftig tilbakegang, og det er vist at dette skuldast overfiske av stor fisk saman med overgjødsling.

Rehabilitering

I enkelte tilfelle kan transplantering av planter frå ei intakt og levedyktig ålegraseng vera ein måte å rehabilitera øydelagde ålegrasengar på. Dette vil likevel berre vera effektivt i dei tilfella der årsaka til forsvinninga eller nedgangen av ålegras er funnen og stoppa, eller monaleg redusert. I eit slikt restaureringsarbeid er det spesielt viktig å ta omsyn til viktige miljøfaktorar som verkar inn på førekomstar av ålegras, som til dømes veksedjup og samansetnad av sedimentet. Det bør til dømes ikkje vera for høgt innhald av leire i sedimentet. Det er også størst sjanse for at restaureringa blir vellukka dersom ein plantar til eit relativt stort område. Ein rettleiar for restaurering av ålegrasengar er laga av NIVA.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Infantes E, Rinde E, Kvile KØ (2022). Restaurering av ålegrasenger. En praktisk veileder utviklet for Oslo kommune. NIVA Rapport l.nr. 7693-2022
  • Olsen JL, Coyer JA, Wytze TS, Moy F, Christie H, Jørgensen NM (2013). «Eelgrass Zostera marina populations in northern Norwegian fjords are genetically isolated and diverse». Mar. Ecol. Prog. Ser. 486: 121-132
  • Baden S, Emanuelsson A, Pihl L, Svensson C-J, Åberg P (2012). «Shift in seagrass food web structure over decades is linked to overfishing». Mar. Ecol. Prog. Ser. 451: 61–73

Faktaboks

ålegras
Zostera marina
Tidlegare vitskapleg namn
Zostera marina marina L. s. str., Zostera marina marina
Artsdatabanken-ID
99389
GBIF-ID
2863967

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg